Val av såfrø til eng og beite

15.05.2020 (Oppdatert: 15.05.2020) Lena Abel, Åsmund Kristensen

Vestlandet er ein mangfaldig landsdel der topografi og klima skapar ulike vekstforhold for grovfôrproduksjon. Val av sortar til eng og beite er viktig for produktiviteten til enga.

Artsrikedom: I denne enga, sådd med SPIRE Vestland, fann vi: engrapp, raigras, strandsvingel, engsvingel, hundegras og timotei.

Ulike frøblandingar taklar ulike klima- og miljøforhold. Dei utfyller kvarandre og utnyttar næringsgrunnlaget til å etablere eit godt plantedekke. Eit typisk vestlandsbruk har store ulikheiter i veksttilhøve innanfor driftseininga. Det å gjere eit rett val av frøblanding på dei ulike teigane, er difor viktig for å utnytte potensialet til garden. Valet av frøblanding kan også vidare påverke avling og førekomst av ugras, samt gje ein meir balansert fôrverdi.

FK Agri sel ca. 1000 tonn med frøblandingar kvart år. Av dette er om lag halvparten blandingar med timotei, engsvingel og raudkløver. Vintersterke sortsblandingar står for nesten halvparten av dette volumet. Surfôrblandingar med 10 % raigras utgjer i overkant 10 % av salet. Det meste av Pluss10-blandingane vert seld på Vestlandet, men òg litt på Austlandet og i Trøndelag. Felleskjøpet Rogaland Agder har som venta ein heilt annan fordeling på selde frøblandingar. Her er raigras, med sitt store avlingspotesial, dominerande art i nesten halvparten av volumet. Legg vi til blandingar med 10 % raigras, står dette for nesten 70 % av salet. Dei mest aktuelle såfrøblandingane til Norgesfôr på Vestlandet er: Strand Nr. 13, 14 og 15.

Bestilling

Driftsform spelar inn på kva grovfôret skal innehalde. I mjølkeproduksjonen ynskjer vi meir konsentrert grovfôr og ein auka del av eigenprodusert protein. Denne enga må tole tidleg og hyppig slått. Bonden treng ei eng som kan etablere seg raskt, vere varig og tole ekstremvêr; anten det er regn eller tørke.

Lengre vekstsesong – og hjortebeiting!

Klimaendringar fører til lengre vekstsesong, også her på Vestlandet. På Fureneset i Ytre Sunnfjord har gjennomsnittstemperaturen i april auka med 1,2 grader dei siste 30 åra, samanlikna med 30-årsperioden 1960-90. Sidan planteveksten er styrt av både temperatur og daglengde, er det våren med lange dagar som er den viktigaste utvidinga av vekstsesongen. Spørsmålet er då om det no kan vere tid for å prøve ut meir raigras i blandingane på Vestlandet?

Timotei er som nemnt den mest brukte grasarten på Vestlandet, men er ikkje varig i eit intensivt haustesystem. Dersom vi sler 3 gonger, eller kombinerer eit 2-slåtts regime med beiting, vil timoteien raskt gå ut av enga. Store delar av Vestlandet har også problem med intensiv hjortebeiting, som også vil slite på timoteien. Det er då viktig at anna gras kan ta over plassen slik at ikkje ugraset får fritt spelerom. Raigras vil tole fleire slåttar, inneheld meir sukker og vil kunne gje ein betre fordøyelegheit av grovfôret. Utfordringa her er sjølvsagt overvintringa. Dersom raigraset sler godt til, og vert den dominerande art utover i engåra, for så å gå ut ein vinter, må bonden ha ein plan B i forhold til isåing eller full omlegging til ny eng.

Eit anna tiltak vil vere å bruke ei surfôr/beite-blanding, som i tillegg til timotei og engsvingel, inneheld engrapp og kvitkløver. Spesielt ugraset tunrapp kan vere plagsamt i ei intensivt driven eng. Engrapp kan sørge for meir konkurranse og mindre lys til tunrappen utover i engåra. På svært bratt areal, som er utsett for køyreskader, vil surfôr/beite-blandingar vere betre til å reparere plantedekket.

Dei siste åra er det også kome artsrike blandingar på marknaden med til dømes strandsvingel, hundegras, raisvingel og kvitkløver, i tillegg til timotei. Frøblandingar med desse artane (t.d. SPIRE Vestland eller Robust) bør haustast 3 gonger for å få tilfredsstillande kvalitet.

Mange bønder sår inn raigras i eksisterande eng. I attleggsåret vert det sådd ei timotei-/engsvingel-/kløverblanding (evt. med 10 % raigras) og etter kvart som enga vert glissen, vert det sådd inn raigras. Forsøk syner at ein ikkje alltid får avlingsauke av dette tiltaket, men kvaliteten vert betre (raigras vs. ugras) og enga kan ligge lenger før full fornying.

Strategi for engdyrkinga

Kor langt perspektiv har du for varigheit når du legg om enga? Dersom du har eit 4-5-årig omlaup, er timoteiblandingar med eller utan 10 % raigras mest aktuelle på store delar av Vestlandet. I dei beste stroka sør på Vestlandet er det heilt andre vekstvilkår og ein kan nytte blandingar med meir raigras eller raigras i reinbestand. Dersom du tenkjer at enga skal ligge i 10 år, bør ein få inn fleire artar; til dømes engrapp, bladfaks hundegras og kvitkløver. Dei fleste vestlandsbruka må ha ulike strategiar innanfor driftseininga. Areal som er flatt nok til å tole køyring seinhaustes, kan planleggast med 3-slåttsregime som utgangspunkt og velje artar deretter. Dei bratte bakkane må leggast att med ei frøblanding som høver til anten 2 slåttar, eller 1 eller 2 slåttar og beiting. Tenk differensiert dyrking etter moglegheitene du har – og merk rundballane!

SPIRE Vestland er ei blanding med 8 artar: ein miks av timotei, svingel, engrapp og raigras- og 7 % hundegras som gjev raskt vekststart om våren og god avling. Fleire av dei artane har eit djupt og god rotsystem som toler både våte og tørre forhold. Å få ei meir robust eng med artar som har rask gjenvekst er av stor interesse, spesielt på plassar med sterkt press frå hjorten. SPIRE Vestland har klare fordelar der det er meir enn fem års omlaup på enga.

Strandsvingel: Eit alternativ til “vanlege” artar i fleirårig eng?

Strandsvingel er rekna som ein varig art. Den toler både lengre tørkeperiodar og langvarig regn, men har relativt dårlege overvintringseigenskapar i område med lang vinter. Rotsystemet til strandsvingelen er veldig kraftigt og djupt.

Arten er førebels lite kjent i Noreg, men blir nytta ein del i våre naboland. Bruk av strandsvingel viser lovande resultat i forsøk som erstatning for engsvingel i blandingar med timotei. I sju av elleve pågåande feltforsøk gjennomført på Vestlandet, Austlandet og i Trøndelag, har strandsvingel gitt høgare avling i andre engår, samanlikna med timotei, engsvingel og bladfaks. Interessa for bruk av arten er derfor aukande i Noreg. Resultat frå feltet på Vestlandet åleine viser same tendensen, både i fyrste og andre engår.

Sidan resultat frå fôringsforsøk viser at bladmaterial frå grovblada strandsvingel er mindre populært for beitedyr, vart det lagt fokus på foredlinga med mjukblada sortar. Det passar vanlegvis best å slå strandsvingel-eng før anna eng, for den blir fort litt grov og går ned i fordøyelegheit.

 

bilde under: Strandsvingel har eit veldig kraftig og djupt rotsystem. (Kjelde: ProAgria Etelä-Suomi)

Kort sagt:

Val av artar og sortar er viktig for å lukkast i grovfôrproduksjonen. Det gjeld å utnytte fordelane med ein lengre vekstsesong. For fleire kan det vere aktuelt å prøve seg fram med 10 % raigras i blandinga, i område der timotei, engsvingel og raudkløver har vore fasiten tidlegare. Strandsvingel er ein spennande sort i område utan alt for hard vinter. Den toler hyppig slått, er tørkesterk og klarer seg godt i litt karrig jord. Ei robust eng med artar som har rask gjenvekst er ynskjeleg. Eit typisk vestlandsbruk bør ha ulike frøblandingar innanfor driftseininga for å utnytte potensialet, og for å tole hjortebeitinga.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.