Val av ensileringsmiddel og dosering

02.06.2017 (Oppdatert: 02.06.2017) ,  Torleif Bakke Haavik

Ensilering av grovfôr er ein krevjande balansegang på kryssande liner av ulike målestokkar. Basis for all ensilering er å oppnå eit lufttett miljø og å senka pH til eit (kritisk) nivå der uønskt biologisk aktivitet ikkje finn stad. Det optimale surfôret har: ideell pH for det aktuelle tørrstoffinnhaldet, lågt innhald av eddiksyre, moderat innhald av mjølkesyre, ikkje smørsyre, lite ammoniakk og mest mogleg sukker bevart. Ensilering er samansett, og mykje er overlaten til tilfeldigheiter. Det er likevel ein del faktorar me kan påverke for å oppnå eit ynskjeleg resultat.

So snart mykje gras vert samla, byrjar ulike mikroorganismar å fortæra graset. I startfasen av ensileringa vil anding og aerob nedbryting saman nytta alt tilgjengeleg oksygen. Når oksygenet er brukt opp vil mellom anna mjølkesyrebakteriar, eddiksyrebakteriar (enterobakteriar) og smørsyrebakteriar stå for den anaerobe nedbrytinga (fermenteringa).

Eddiksyre og smørsyre er svake syrer og bidreg lite til senking av pH. Mjølkesyre verkar sterkare og senkar pH vesentleg. Når pH kjem under eit visst nivå, vil aktiviteten til eddiksyrebakteriar og smørsyrebakteriar halda opp, medan mjølkesyrebakteriar er tolerante for pH ned mot 3,0. Somme mjølkesyrebakteriar (homofermentativ) dannar berre mjølkesyre av glukose, medan andre typar også dannar andre syrer og etanol.

Dersom pH ikkje kjem under det kritiske nivået, vil smørsyrebakteriar kunne nytta mjølkesyre som nistepakke, og resultatet er omdanning (sekundær fermentering) av mjølkesyre (sterk syre) til smørsyre (svak syre) og ammoniakk (basisk). Prosessen er med andre ord sjølvforsterkande og medfører stigande pH og skjemt surfôr. Kor låg pH som skal til for å unngå dette, kjem an på tørrstoffinnhaldet i grovfôrmassen. Ved direktehausta gras (ca. 20 % tørrstoff) lyt pH vera under 4,2 for å nå denne tilstanden, medan ein pH på under 4,6 er tilstrekkeleg for eit surfôr med 35 % ts. Vekst av listeriabakteriar opphøyrer når pH i surfôr er under 4,4, eller ved sterkt anaerobe tilhøve.

I fortørka gras er gjær/muggsopp også ei vesentleg utfordring. Organiske syrer som propionsyre og benzosyre hemmar framvekst av sopp. God pakking av rundballar og tett silo er likevel ein føresetnad for vellykka konservering av sterkt fortørka gras.

Medan smørsyrebakteriar er udelt negativt, er eddiksyrebakteriar meir nyansert. Eddiksyre er positivt med omsyn til gjær/muggsopp under lagring av surfôret, og aktiviteten til bakteriane kan danna nitritt som hemmar smørsyrebakteriar. Samstundes kan dei same bakteriane bryta ned aminosyrer og danna ammoniakk, og det er i tillegg negativt at sukker vert nytta til å danna ei syre som ikkje bidreg til å senka pH i nemneverdig grad. Høgt innhald av organiske syrer (også mjølkesyre) reduserer fôropptaket og reduserer AAT i grovfôret isolert sett, men dette betyr mindre for den totale fôrrasjonen, inkl. kraftfôr.

For å oppnå det optimale surfôret, gjeld det å snevra inn vindauge der surfôrmassen har høg pH og gode tilhøve for eddiksyregjæring og smørsyregjæring. Dette kan oppnåast gjennom å stimulera mjølkesyrefermenteringa, senka pH i startfasen med bruk av syre, eller hemma vekst av smørsyrebakteriar.

Tilsetjing av sukker (melasse) stimulerer veksten av mjølkesyrebakteriar. Tilsetjing av homofermentative mjølkesyrebakteriar gjev mjølkesyredanninga ein god start. Ein kombinasjon av desse sikrar ei sterk mjølkesyregjæring og gjev god pH-senking. Sluttresultatet vil som oftast vera eit sterkt gjæra fôr med mykje mjølkesyre og potensielt andre syrer. Dersom det ikkje vert tilsett sukker, vil mykje av sukkeret i graset verta omdanna til organiske syrer under fermenteringa.

Tilsetjing av syre vil senka pH raskt, og bidra til meir bevart protein, redusert mengd eddiksyre moderat mjølkesyregjæring og soleis meir sukker i det ferdige surfôret. Maursyrebaserte preparat er tilgjengeleg i fleire variantar. Maursyre bidreg til auka mengd plantesaft i surfôret og soleis meir pressaft. Ein alternativ kombinasjon er maursyre tilsett sukker, for å fremja mjølkesyrefermenteringa. Maursyre er sterkt korroderande og 85 % maursyre er kjend for å vera hard mot reiskapar. GrasAAT, Ensil og FôrSil-produkta inneheld redusert mengd maursyre og er buffra med natriumsalt for å vera mindre korroderande.

Andre tilsetjingar tek sikte på å hemma framvekst av smørsyrebakteriar og hindra nedbryting av protein. Kofasil/Xtrasil-produkta inneheld verkestoffa natriumnitritt, hexametylentretramin som begge har denne bakteriehemmande effekten. Denne effekten hemmar også smørsyresporar og listeria, og kan soleis vera eit godt alternativ for rundball, også til sau. Under ensileringsprosessen vert det frigjeve giftige nitrøse gassar, og middelet skal difor ikkje nyttast i tårnsilo. Kofasil/Xtrasil inneheld i tillegg natriumbenzoat og eventuelt propionat (Kofasil ekstra), som begge har hemmande verknad på gjær/muggsopp. Desse midla er ikkje korroderande i det heile.

Dersom graset ikkje vert tilsett nokon form for ensileringspreparat, er ensileringsprosessen overlaten til seg sjølv; me får ei villfermentering. I dei fleste tilfella vil villfermentering senka pH til under kritisk nivå, og vel so det. Innhaldet av både eddiksyre, mjølkesyre og andre stoff frå fermenteringa (t.d. NH3) vil i mange tilfelle vera uønskt høgt, samstundes som sukkerinnhaldet er uønskt lågt.          

Det er fleire omsyn som betrar sjansen for at fermenteringsprosessen skal verta vellukka når det ikkje vert nytta ensileringsmiddel. Høgt sukkerinnhald i graset ved slått, eventuelt rask fortørking, god kutting av graset, rask og jamn pakking og lite innblanding av jord/møk (smørsyrebakteriar) er alle faktorar som dreg mot ei trygg leid.

Dosering og val av preparat ved direktehausting eller fortørking:

Ved godt fortørka gras med 30-35 % ts eller meir, vil det vera god sopphemmande effekt av å nytta preparat som inneheld propionsyre eller benzosyre. Aktuelle preparat er då GrasAAT Plus (3-5 l/tonn), Ensil Pluss (3-6 l/tonn), FôrSil Plus (3-5 l/tonn) eller Kofasil/Xtrasil Ultra (berre rundball) (3,5-4,5 l/tonn). Tilsetjing av sukker og/eller biologiske preparat som Sil All 4x4 eller Xtrasil bio LP er også aktuelle ved god fortørking.      

Ved ensilering av direkte hausta gras i silo (20-25 % ts), eller moderat fortørka gras (25-30 % ts) i rundball eller silo, er aktuelle preparat: Maursyre 85 % (3 l/tonn), Ensil 1 (3-5 l/tonn), GrasAAT EC (3-5 l per tonn), GrasAAT Lacto (med sukker) (3-5 l per tonn) eller Kofasil/Xtrasil LP (berre rundball) (2-3,5 l/tonn).

Ved lågt tørrstoffinnhald er det liten nytte av å tilsetje sopphemmande verkestoff som til dømes propionsyre eller benzosyre. I tillegg er dette svakare syrer enn maursyre, og dei er også dyrare per liter. Ved bruk av GrasAAT Plus, Ensil Pluss eller Fôrsil Plus på gras med 20-25 % ts, bør doseringa aukast til 6 liter per tonn for å få den same pH-reduserande effekten som med normal dosering av Maursyre 85 %, Ensil 1 eller GrasAAT EC eller GrasAAT Lacto. Det kan difor løna seg å ha noko av eit av desse midla ståande dersom fortørkinga sler heilt feil.  

Pris per liter er noko høgare for Kofasil/Xtrasil-produkta enn for maursyrebaserte produkt. Når det vert korrigert for doseringa per tonn gras, kjem alle produkta toleg likt ut. Øvre dosering kan vera aktuelt ved lite sukker i graset ved hausting, eller dersom det er mykje kløver i grovfôret.

Til slutt:

Når du som bonde har gjort ditt beste for å få fram eit godt fôr klart til hausting, så må du ikkje svikta på oppløpssida. Bruk rett ensileringsmiddel etter behov for å sikra fôrkvaliteten heilt inn på fôrbrettet!