Vårkål – auka utbreiing på Vestlandet?

28.11.2019 (Oppdatert: 28.11.2019) Olav Martin Synnes

Observasjonar tyder på at Vårkål aukar i utbreiing på delar av Vestlandet. Arten blomstrar tidleg i april. Han har vore rekna som lite brysam, sidan han visnar og er lite synleg frå slutten av mai. Vårkål lagar tette matter, og fører til tynnare grasdekke og lågare avlingsnivå. Han bør difor takast på alvor.

Det er teikn til auka utbreiing av vårkål i eng og beite fleire stader på Vestlandet. Store førekomstar fører til tynnare grasdekke og lågt avlingsnivå.

Vårkål tilhøyrer soleifamilien, med store gule kronblad. Noko av det mest særmerkte ved planten, er at han blomstrar så tidleg, kring 1. april når våren kjem tidleg. Etter blomstring visnar han gradvis. Alt i slutten av mai kan han vere lite synleg.

Vårkål  trivast best i kyststrok. Han førekjem i hagar, langs hekkar og grøfter, i eng og beite, og i skog. Han er mest vanleg på våt jord, og svakt sur jord. Han toler godt skugge. I litteraturen er det nemnt at tidlege unge blad kan etast. Eldre blad i store mengder reknast som giftige.

Plantane har lauk-knoppar i bladhjørna, og rotknollar like under jordoverflata. Desse tener som lagringsorgan for næring, og som formeiringsorgan. I tillegg skjer formeiringa ved frø.

I eng og beite har ein rekna planten som lite brysam. Dei seinare ti-åra er det teikn til auka utbreiing, somme stader nærast som «invasjon». Kva kjem dette av, og kva mottiltak har ein?

Betra drenering vil vere eit godt førebyggjande tiltak på våt jord. Kalking og gjødsling av sur eller næringsfattig jord aukar konkurranseevna til kulturplantane. Pløging av eldre eng, og eitt eller to år med åkervekstar, er eit godt tiltak på jord som er «invadert» av vårkål.

Mange har dårleg røynsle når det gjeld kjemiske middel. Dette kan skuldast at planten blomstrar så tidleg. Når ein tek fram åkersprøyta kring midten av mai, for å sprøyte mot dei mest vanlege ugrasartane, så har vårkålen blomstra ferdig og byrja å visne. Dessutan, om ein prøver sprøyte til «rett» utviklingsstadium, i april, er veret ofte kaldt og ulagleg. At planten gjennom tidleg blomstring og visning er lite mottakeleg for ugrassprøyting til vanleg tid i mai, kan vere medverkande årsak til auka utbreiing.

Så vidt vi kjenner til er det ikkje utført forsøk med kjemiske middel mot vårkål i Noreg. Pratiske røynsler tyder på at både MCPA, mekoprop og Banvel, brukt på rette utviklingsstadium, kan ha  bra verknad. Harmony har hatt bra men kortvarig verknad. Brakking med Roundup verkar bra. Verknaden av sprøyting blir best når temperaturen er høg nok, meir enn 5 grader Celsius.

Er det rådgivarar eller gardbrukarar som har prøvt ut andre middel mot vårkål, så gi oss gjerne tilbakemeldingar!

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.