Vårens vakraste eventyr!

13.05.2019 (Oppdatert: 13.05.2019)

Lamminga går mot slutten rundt om på Vestlandet, og det har vore eit strålande vårvêr med gode temperaturar. Det er etter kvart vorte tørt, og litt regn hadde vore godt for å få gode vårbeite. No er det viktig å planlegge beitedrifta, og komme i gang med gjødsling av beite slik at ein unngår for lang tid med innefôring av dyra.

Foto: Dag-Arne Eide

Lang innefôringstid gjev mindre tilvekst enn kort innefôring og godt vårbeite. Dårleg beite med lite fôr og innvollsparasittar gjev liten tilvekst, slik at det er viktig å tilpasse lammetidspunktet etter beiteutvikling.

Dårleg tilvekst på vårbeite er vanskeleg å ta igjen seinare. Er lamma mindre ved fjellsending er det auka risiko for større tap på utmarksbeite. Utslepp om våren er så tidleg som mogleg, 10-14 dagar etter lamming, men det er eit vilkår at det er god grastilvekst på vårbeite. Arealbehovet ved beiting på god slåtteeng er omlag 0,6-0,7 daa pr. søye med tvillinglam i eit par veker. Ved bruk av kulturbeite, må arealet truleg doblast i høve god slåtteeng.

Målet må vere høgt fôropptak som gjev god mjølkeproduksjon og god lammetilvekst. Dei mest vanlege innvollsparasittane er koksidiose (eincella tarmparasittar), som finst overalt i fjøsmiljøet og i beiteområdet. Den vert teken opp frå ureint fôr, og vårbeite kan vere særleg smittefarleg. Sjuke lam får grønsvart diare, blir avmagra, og enkelte kan dø. Dersom ein har problem med kosidiose, må alle lam behandlast ved beiteslepp. Dersom ein har langvarig vårbeiteperiode, kan det også bli parasittproblem med rundorm.

Planlegg driftsopplegget om våren, og bruk 15-20 kg gjødsel ved vekststart. Ikkje start beiting for tidleg (grashøgde 5-8 cm), og det er viktig å tilpasse dyretalet til arealet. Om det er mogleg er det positivt med kortare beiteperiode på kvart skifte. Det er god økonomi med rett beitedrift utifrå ressursane. Det som er tapt om våren tek ein vanskeleg igjen seinare, sjølv på gode sommarbeite.

Ta kontakt med NLR om du ynskjer å diskutere opplegg og tiltak i driftsopplegget!           



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.