UGRASSPRØYTING I ENG OM HAUSTEN. Verknad på overvintringa?

20.10.2016 (Oppdatert: 11.12.2018) Olav Martin Synnes

Kan sein ugrassprøyting i eng om hausten påverke overvintringa? Om hausten lagrar grasplantane opplagsnæring, i nedre del av stenglane. Denne opplagsnæringa er viktig for god overvintring. Kan ugrasmidla hemme desse prosessane? Kan ulike typar ugrasmiddel gi ulik påverknad? Dette prøver ein å få svar på gjennom eit nytt forskingsprosjekt som starta hausten 2016.

Forsøksfeltet vart sprøyta tidleg i september, med fire ulike ugrasmiddel, kvar med to dosar. Biletet er teke 18. oktober. Dei gule forsøksrutene er sprøyta med Ally eller Harmony. Vil ulike middel ha ulik verknad når det gjeld innhald av opplagsnæring i grasplantane?

Det har blitt vanleg med kjemisk ugraskamp i eng om hausten, i september.  Forsøk og røynsle syner at ein kan få bra verknad mot viktige ugrasartar ved sein sprøyting.  Nokre få gongar har vi fått tilbakemeldingar frå gardbrukarar. Det har vore mistanke om at sein ugrassprøyting aukar risikoen for utvintring av grasartar.  Tilbakemeldingar har kome frå Nord-Noreg. Etter ein lang kald vinter på Vestlandet, for få år tilbake, kom det også ei tilsvarande melding.

Vi manglar i dag god nok kunnskap om dette emnet. I 2016 vart det lagt ut tre forsøksfelt, på Sunnmøre,  i Sunnfjord og i Austfold.  Felta vart sprøyta tidleg i september, med fire ulike ugrasmiddel, kvar med to dosar.  Det skal takast kjemiske analysar av grasplantane før innvintringa. Det skal gjerast avlingsmålingar i juni 2017. Vi vonar forsøka vil gi nyttige svar. 

Prosjektleiar er NIBIO Plantehelse, Ås, i nært samarbeid med NLR.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.