Ugraset kan kunsten å overleve

19.06.2018 , Olav Martin Synnes

Ugrasfrøa unngår å spire når sjansen for å overleve er liten. Innebygde mekanismar får ugrasfrø til å spire til rett tid på året, og i høveleg jorddjupne. Frø unngår å spire under eit tett grønt plantedekke. Frø frå same plante spirer ikkje samstundes. Frøskal, kulde, tørke, lysfarge, vekslande temperatur eller nitrogen styrer tidspunktet for spiring. Naturen er viseleg samansett!

Attlegg sådd om våren har ofte mykje av sommareittårige ugrasartar, som hønsegras, tunbalderbrå og då. Vintereittårige artar, til dømes vassarve og tunrapp, og fleirårige artar, som høymole, spirer like godt sommar og haust. Vårsådde kulturar har difor ofte ein annan ugrasflora enn haustsådde.

Evna til å overleve har nær samanheng med «frøkvila». Alle frø treng vatn, høveleg temperatur og oksygen for å spire. Frø som er i kviletilstand spirer ikkje, sjølv under slike gode forhold. Ugrasfrø unngår å spire når sjansen for at spiren kan overleve er liten. Foredla kulturplantar manglar ofte desse eigenskapane.

Tett frøskal.- Nokre artar har frø med hardt, tett skal, som hindrar at vatn eller luft slepp inn i frøet. For at slike frø skal spire, må skalet gå i oppløysing eller bli skada mekanisk.

 

Kuldeperiode.- Mange ugrasartar spirer best like etter ein langvarig kuldeperiode. Dette gjeld særleg eittårige plantar, som då, hønsegras og linbendel. Skal desse blomstre, lage modne frø, og overleve, må dei spire om våren. Vintereittårige, toårige og fleirårige artar, til dømes vassarve og tunrapp, er ikkje avhengige av å spire om våren. Desse spirer like godt sommar og haust. Dette er årsaka til at ugrasfloraen er annleis i vårsådde kulturar enn i haustsådde.

 

Tørke.- Nokre ugras spirer best like etter ein tørkeperiode. Denne mekanismen aukar sjansen for å overleve i område med langvarige og regelmessige tørkeperiodar.

 

Lys.- Nokre artar krev tilgang på lys. Lysstyrken spelar lita rolle. Det er fargen på lyset som er avgjerande. Raudt lys stimulerer spiringa. Vanleg dagslys inneheld mykje av det raude lyset. Kravet til lys hindrar spiring av for djuptliggjande frø. Denne mekanismen er særleg viktig for artar med små frø, med lite opplagsnæring.

Mørkeraudt lys hemmar spiring hjå mange ugrasartar. Dette lyset er usynleg for auget. Lys som slepp gjennom grønt plantedekke inneheld forholdsvis mykje mørkeraudt. Slik blir spiring under eit for tett plantedekke hindra. Frøa spirer raskt når plantedekket blir fjerna.

 

Temperaturveksling.- Mange ugrasartar spirer best når jordtemperaturen vekslar mykje, med høge dagtemperaturar og lågare nattetemperaturar. Temperaturen vekslar mest i dei øvste jordlaga, på dagar utan skydekke, og på jord utan tett plantedekke. I djupare jordlag er temperaturen meir konstant. Også denne mekanismen får frøa til å spire nær jordoverflata, på jord utan tett plantedekke.

 

Veret under frømodninga.- Veret under blomstring og frømodning påverkar eigenskapane hos frøa.  Frø frå same plante kan få ulike spiringseigenskapar, og spire til ulike tidspunkt. Denne mekanismen aukar sjansen for overleving. Om alle frø frå ein plante eller ein art spirte samstundes, og forholda vart ugunstige, ville det vere stor risiko for utsletting.

 

Nitrogen?- Nitrogen kan stimulere spiringa. Det er normalt mest nitrogen i øvre jordsjikt. I forsøk har nitrogen minska kravet til lys hjå visse lyselskande artar ugrasfrø. Kan tilførsel av nitrogen, eller andre aktive stoff, bryte frøkvila, og føre til raskare tøming av frøreservane i jorda? Til no har ein ikkje lukkast å få til dette under praktiske forhold.

 

Jordarbeiding.- Jordarbeiding aukar spiringa av ugrasfrø. Harva fører frø frå djupare jordlag opp til jordoverflata. Her blir dei utsette for lys, vekslande temperatur og oksygen. Jordarbeiding fleire gongar kvar sesong fører til raskare tøming av frøreservane i jorda. Metoden er likevel arbeidskrevjande.

I forsøk er det vist at færre ugrasfrø spirer etter harving om natta. Same resultat har ein fått ved å dekke til harva med ein lystett presenning. Forklaringa er at frøa unngår å bli utsette for lys. Sjølv korte glimt av lys er tilstrekkeleg til å bryte frøkvila hos lyselskande artar. Kanskje vil meir av ugraskampen i åker eller blomsterbed i framtida skje om natta?

 

Den som skal kjempe mot ugraset vert ikkje arbeidslaus!



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.