Tiltak mot lyssiv og knappsiv

29.11.2019 (Oppdatert: 29.11.2019) Olav Martin Synnes

Når sivartane får dominere i beita, blir det lite mat til dyra. Areala ser ikkje velstelte ut. Motivasjonen for skjøtsel av kulturlandskapet minkar. Finst det mottiltak?

Når store delar av beita er dekt med sivartar, blir det lite mat til dyra. Korkje storfe, sau, geit eller hest beitar sivartane tilstrekkeleg.

Eit fleirårig forskingsprosjekt er nyleg avslutta. Målsettinga var: Auke kunnskapen om biologiske eigenskapar hos lyssiv og knappsiv. Korleis påverkar jord og klima utbreiinga av dei to artane? På kva måte kan agronomisk praksis påverke utbreiinga? Kan ein finne nye og betre kjemiske middel mot desse artane?

Forsøk vart lagt ut i alle fire vestlandsfylka. Hos NIBIO på Fureneset vart biologiske studiar utført, delvis i veksthus. Hos NLR i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland undersøkte ein verknaden av ulike stubbehøgder og stubbetidspunkt. Verknaden av ulike frøblandingar vart også undersøkt. NLR på Sunnmøre prøvde ut nye kjemiske middel mot lyssiv og knappsiv, i to forsøksfelt.

Sivartane har auka i utbreiing. Dette gjeld særleg på beite med ekstensiv drift, våt jord og svak gjødsling. Men – artane førekjem også i ung eng i god hevd. Utfordringane er størst der ein av ulike årsaker ikkje kjem til med kjemiske middel. Når beita blir dominert av siv, blir fôrverdien liten. Arealet ser ikkje velstelt ut. Motivasjonen for skjøtsel av kulturlandskapet blir mindre.

 

Frosttoleranse

Forsøka på Fureneset tyder på at lyssiv og knappsiv toler godt frost midt på vinteren. Artane kan ha aktiv fotosyntese og vekst både seint om hausten og tidleg om våren. I desse periodane er plantane truleg meir utsette for frostskade. Det er tendens til at knappsiv er litt meir utsett for frostskade enn lyssiv. Om desse resultata stemmer, kan vi forvente at berrfrost seint om hausten eller tidleg om våren, svekker sivplantane. Verknaden av frost blir venteleg auka om ein på førehand fjernar eldre strå.

 

Tidspunkt for kutting

Sivplantane lagrar næring i underjordiske stenglar og røter. Om våren blir desse reservane nytta til vekst av nye skot, noko som tappar lageret for næring. Det er vist at lageret er lågast i juli. Verknaden av ei kutting vil dermed vere størst på denne tida. Kutting tidlegare eller seinare i sesongen, vil ha litt mindre verknad.

 

Kuttehøgde

Tidlegare forsøk har synt at sivartane toler godt kutting ved vanleg stubbehøgde. Nye forsøk med ryddesag, utstyrt med  metallkniv, har likevel vist at ekstra låg kutting svekkar plantane meir.

Vekstpunkta hos plantane ligg 1-2 cm under jordoverflata. Bruk av ryddesag med stålkniv til denne djupna, kan knuse vekstpunkta. Heile tua vil då bli drept.

 

Nye kjemiske middel?

Sju ulike ugrasmiddel er studert i to forsøksfelt. Ingen av dei nye midla er betre enn dei to «gamle». MCPA og mekoprop har framleis best verknad av dei godkjende midla.  Sprøyting i juli har normalt  mest langvarig verknad. Sprøyting i juni og september kan også ha tilfredsstillande verknad. Me tilrår høg dose. Sprøyting to år på rad kan vere naudsynt.

 

SITAT: Det er tendens til at knappsiv er litt meir utsett for frostskade enn lyssiv.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.