Tilskot til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel

18.03.2019 (Oppdatert: 18.03.2019) Arve Arstein

I Hordaland har det i nokre år vore gitt RMP-tilskot til spreiing av husdyrgjødsel i vekstsesongen og med nedfellar eller nedleggar. Frå i år vil denne ordninga gjelde for både Hordaland og Sogn og Fjordane. Også i Møre og Romsdal er det tilskot å hente innan miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel.

Nye "Vestland" fylke: Slepeslage og "blekksprut" gir grunnlag for eit årleg solid tilskot, medan slepeslange og fanespreiar ikkje gir rett til støtte (jf. høyringsutkast til forskrift).

Regionalt miljøprogram (RMP)

I jordbruksoppgjeret 2018 vart det fastsett at alle fylke skal ha tilskot til bratt areal, stølsdrift i minst 6 veker og nedlegging eller nedfelling av husdyrgjødsel som tilskotsordningar i sine regionale miljøprogram. RMP-ordninga omfattar fleire tiltak (t.d. tilskot til brenning av kystlynghei, drift av beitelag, skjøtsel av styvingstre m.m.). Fylkesmannen i Vestland har lagt forskrifta om regionale miljøtilskot i jordbruket ut til høyring.

Det er tre tiltak som skal stimulere til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel:

  1. Spreiing av husdyrgjødsel om våren og eller i vekstsesongen (§16). Gjeld berre nedbørsfelt til utvalde vassdrag/vassførekomstar (kart klart i veke 12).
  2. Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel (§17).
  3. Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange(§18).

Kraftig stimuli til bruk av "blekksprut" i "Vestland" fylke

I framlegget til høyring er tilskotssatsane for punkt 2 og 3 fastsette; areal der all husdyrgjødsel blir spreidd med stripespreiar eller nedfellar og slepeslange før 10. august kan få eit tilskot på 300 kr pr. dekar (førebelse satsar). Kvart føretak kan søkje om støtte på inntil 100 dekar. Meir om ordninga kan du lese her: Tilskot til nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel.

Det er ikkje fastsett førebelse satsar under tiltaket i punkt 1.

Høyringsfrist er 1. april.

Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal har det vore støtte til miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel i fleire år. Framlegget til satsar for 2019 er slik:

  1. Spreiing av husdyrgjødsel om våren og eller i vekstsesongen (ikkje avgrensa til spesielle nedbørsfelt). 50 kr pr. dekar
  2. Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel: 20 kr pr. dekar
  3. Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange: 50 kr pr. dekar

Merk: Tiltak 1 kan ikkje kombinerast med tiltak 2. Tiltak 3 føreset at føretaket får støtte til tiltak 1 eller 2. Det er ikkje arealavgrensing i Møre og Romsdal.

Samarbeid om utstyr

Det gunstige tilskotet for slepeslange og nedleggar/nedfellar i Sogn og Fjordane og Hordaland bør ikkje føre til at "alle" hiv seg rundt  og kjøper dyrt utstyr åleine. Tenk samarbeid! Mange har slangar frå før og kan teknikken med å dra slangen etter traktoren. Fleire samdrifter viser at ved å planlegge godt, er det mogeleg å nå over store areal på få dagar. Bønder som driv åleine kan med fordel gjere avtale om felles kjøp av utstyr, eller ein kan få til avtale om å leige utstyr.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.