Sveising på helsa laus

10.12.2019 (Oppdatert: 10.12.2019) Kolbjørn Taklo

Metallfeber kan oppstå ved inhalasjon av metalldamp, når metallet er varma til over smeltepunktet. Sveising på galvanisert jern/stål fører til frigjeving av sinkoksid og er ei vanleg årsak til metallfeber.

Slip vekk før du sveisar på galvanisert materiale. Hugs støvmaske og branntryggleik.

Det er sommar på Ålhus i Jølster. Arild Bruflot har alle dyra på beite, slåtten er unnagjort, og det er tid for vedlikehald. Etter å ha vaska fjøset, har han demontert defekte båsskilje og frontar for å reparere dei. Han har rigga seg opp med sveisebord i døropninga for å få god lufting, men noko av sveisinga må gå føre seg inne i fjøset. Han held på med arbeidet over fleire dagar, 3 – 4 timar pr. dag. Arbeidet går greitt. Han kjenner ikkje noko ubehag av sveiserøyk, sjølv om materialet han sveisar på er galvanisert.

Måndag kveld kjenner han frostrier i kroppen, og tysdag er han sengeliggande med influensaliknande symptom. Som bønder flest, uroar han ikkje lege i utide, men tysdag kveld får sambuaren han til å ta kontakt. På legevakta vert det teke fleire blodprøver. Han har høg CRP og feber. Det vert slått fast at han har fått metall- eller sinkfeber. Dette skuldast sveising på galvanisert materiale, men symptoma kan forvekslast med langt alvorlegare tilstandar.

Metallfeber går over av seg sjølv i løpet av eit par dagar, men Arild Bruflot kjende seg uvel i fleire dagar etterpå. Han meiner sjølv at han gjorde tiltak for ikkje å få i seg sveiserøyk; arbeidsstykka var godt reingjorde, han sveisa mest mogleg i døropninga og hadde glas og dører opne. Han veit at han burde bruke støvmaske, både ved sliping og sveising, men tykkjer det er vanskeleg å kombinere med sveisemaska. På spørsmål om framtidige tiltak for å unngå metallfeber, svarar han at det kan vere å velje andre løysingar enn sveising, eller ta med seg arbeidsstykke heilt ut på gardsplassen. Han har i alle fall ikkje lyst å oppleve dette ubehaget fleire gonger.

 

Farar og gode råd ved sveising

Kva stoff eller organisme som representerer ein risiko ved sveising, kjem an på korleis arbeidet vert utført, kva sveisemetode som blir brukt, kva metall ein sveisar på, kor lenge ein arbeider, personleg verneutstyr og ventilasjon.

 

Førebuing

God reingjering og sliping av metallet før ein startar er svært viktig. Metall som er lakkert eller tilsmussa av biologisk materiale frå dyr eller jord, vil avgje gass ved oppvarming. Desse gassane kan vere uheldige å ande inn.

 

Sveisemetodar

Det finst fleire sveisemetodar. Den lettaste, og etter kvart mest vanlege, også i landbruket no, er kanskje dekkgass-sveising
med argon og sveisetråd, også kalla MIG eller MAG. Sveisegass vert då frigjort som ozon og karbonmonoksid. Dette kan gje irritasjon i auge, nase, luftvegar og mogleg lungeskade ved langvarig eksponering. Lungeskaden kan kome som akutt lungebetennelse eller astma.

Ved bruk av tradisjonelt sveiseutstyr; pinne eller elektrodesveising, vert det lite gassdanning, men røyken kan innehalde relativt store mengder jern og manganoksid. Dette kan og gje irritasjon i hals, auge og lunger. I lukka rom må ein og vere merksam på fare for kolosforgifting (Co).

 

Farlege stoff

Kva stoff som blir frigitt under sveising, avheng og av kva type metall det vert sveisa på. Det er skilnad på vanleg, svart stål, lakka eller galvanisert stål og rustfritt stål.

Ved sveising og sliping på galvanisert materiale kan ein få sinkfeber eller metallfeber, som gjev influensaliknande symptom. Desse kan vare opp til 48 timar, men går vanlegvis over utan behandling. Dette er svært ubehageleg, men det gjev ingen varige lungeskader. OBS! Ved sveising med høg temperatur i lukka rom, kan det bli danna nitrøse gassar. Desse gir liknande symptom, men kan vere svært farleg å puste inn. Tilstanden krev behandling av helsepersonell. Kontakt alltid lege om du er usikker.

Rustfritt stål frigir blant anna krom og nikkel, som er kreftframkallande. Sveising på metall med mangan kan påverke sentralnervesystemet. Dette kan gje manganisme, som er ein alvorleg, irreversibel nevrologisk sjukdom med parkinsonliknandesymptom. Ein kan også få psykiske symptom.

 

Fare ved behandla stål

Behandling av stålet før og etter sveising, med maling eller lakk, kan frigi isocyanat ved høge temperaturar. Desse kan skade luftvegane, sjølv ved kortvarig eksponering. Det er derfor viktig med god ventilasjon, og rett verneutstyr som tek både sure gassar (gult filter) og støv (p2/p3).

 

Kva toler du?

Røyking og snusing er ikkje bra i kombinasjon med sveising. Det set ned kroppen si evne til å reparere seg sjølv. Bruk av desse midla er med på å trekke blodårene saman og forhindrar kroppen sin restitusjonsevne. Dette fører til at alle negative påverknader av sveising vil doble seg, enkelt sagt; du blir dobbelt så dårleg og brukar dobbelt så lang tid på å bli bra att!

Førebygging og tiltak

Bedriftshelsetenesta kan gjere målingar av stoff og arbeidsmåtar som gir negative helseeffektar. Ein kan måle det respirable støvet ved hjelp av utstyr som er festa på den som utfører arbeidet. Ved å risikovurdere og eventuelt utføre målingar, får ein kontroll på eksponering og kva ein kan gjere for å verne seg. Dette er nok mest aktuelt for den som driv mykje med sveising. Det er eit krav til alle verksemder at det skal gjerast risikovurderingar og setjast inn naudsynte tiltak for å unngå eksponering.

 

Føre var!


• Vask fôrrestar og møk av stålet før du sveisar, slip vekk lakk
og galvanisering
• Bruk støvmaske ved både vask og sliping, p2 ev p3
• Bruk punktavsug dersom du har det i verkstaden
• Syt for god ventilasjon, set silovifta på blåsing, eller ta med
arbeidet ut på tunet
• Vurder om du må bruke vernemaske ved sveising i tronge
rom. Hugs rett filter!
• Vurder eigne ferdigheiter opp mot krav til at sveisen skal
halde!
• Pass på brannfare – du har vel sertifikat for varme arbeid?

 

Vi i NLR Vest har eigne HMS-rådgjevarar som kan hjelpe deg om du har spørsmål om HMS i landbruket. Vi arrangerer også sertifiseringskurs i varme arbeid, og har eige medlemskap som gjev deg oppfølging av bedriftshelseteneste og HMS-rådgjevar. Les meir om HMS-tilbodet vårt.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.