Sprøyteteknikk i frukt – Kva kan gjerast med avdrifta?

15.11.2019 (Oppdatert: 15.11.2019) Endre Bjotveit

Skal ein døme etter presseomtale er fruktdyrking ein ganske populær del av landbruksnæringa. I den grad det kjem kritisk omtale er temaet ofte plantevernmiddel. Plantevernmiddelbruk kjem ein ikkje unna i profesjonell fruktproduksjon, verken integrert eller økologisk, men riktig bruk er ikkje berre viktig av helse- og miljømessige årsaker. Omdømet til næringa kan også stå lageleg til for hogg dersom det vert sterkare fokus på plantevern frå miljøsida.

Figur 1. Med væskefølsomt papir festa på stenger kan ein sjå kor mykje væske som slår gjennom rekkja i ulike høgder.

I Noreg er me heldig stilt sidan me av klimatiske årsaker kan klara oss med mindre kjemiske planteverntiltak enn ein del fruktdistrikt lenger sør i Europa. Samanlikna med større, konsentrerte fruktproduksjonsområde som Sør-Tyrol, som har opplevd ganske ekstreme kampanjar retta både mot fruktnæringa og turismen over fleire år, har det også vore forholdsvis moderat fokus på plantevernmiddelbruk frå miljøsida her til lands.  Me har likevel ein del utfordringar, ikkje minst med avstandskrava til opent vatn. Det er difor viktig å ha fokus på kva som kan gjerast betre for å få ein best mogeleg plantevernpraksis med minst mogeleg avdrift. Økonomisk er det også ein fordel å gjera kva ein kan for å unngå tap i form av avdrift og avrenning. Plantevernmiddel som havnar andre stader enn i trea har ein lite nytte av.

Den sterke merksemda på dette temaet i Europa gjer at me over fleire år har kunna henta svært mykje kunnskap utanfrå. Dei siste åra er det gjennomført ein del arbeid med utprøving av ulik sprøytepraksis både i frukt og bær i regi av NLR, og fleire utanlandske rådgjevarar har vore inviterte for å halda foredrag eller demonstrera testing av sprøyter.

 

Kva krav vert stilt i utlandet?

Reglane for sikkerheitsavstandar og avdriftsreduksjon varierer noko mellom ulike land i Europa, men alle stiller forholdsvis strenge krav. Nærleik til opent vatn er eit vanleg kriterium for pålegging av sikkerheitsavstandar, men i ein del land er det tilsvarande avgrensingar på bruk av plantevernmiddel i nærleiken av naboeigedomar og "sensitive" område som t.d. offentleg tilgjengelege parkar, skular, leikeplassar osb.

Ein viktig skilnad i høve til det norske regelverket er at dei fleste land opnar for reduksjon av sikkerheitsavstandane dersom ein kan dokumentera at det er gjort tiltak for å redusera avdrift. Detaljane varierer noko, men regelverket spesifiserer generelt kva dyser, viftestorleik eller luftvolum som kan tillatast for at ei sprøyte kan plasserast i ulike klassar med t.d. 50 %, 75 % eller 90 % avdriftsreduksjon. I dei høgare avdriftsreduksjonsklassane er det som regel lista opp spesifikke sprøytemodellar. Slik utprøving er forholdsvis omfattande, og regelverket i mange land støttar seg difor på lister over avdriftsreduserande utstyr utarbeidd av større forskingsinstitusjonar, som Julius Kühn-institut i Tyskland (Det føderale forskingsinstituttet for kulturplanter) eller rådgjevingskomitear som TCT (Technische Commissie Techniekbeoordeling) i Nederland. Det vert arbeidd med liknande regelverk i Noreg også, men dette er ein omfattande og tidkrevjande prosess.

I tillegg til dei offentlege krava kan sertifiserings- eller næringsorganisasjonar stilla eigne krav til avdriftsreduserande tiltak og tilpassing av sprøyteutstyret. I nokon tilfelle går desse lenger enn dei offentlege krava i landet, men ein fordel med initiativ teke av næringa er at fokuset ikkje berre vert liggjande på avdriftsredusjon, men også på optimal sprøyteteknikk frå dyrkaren sin ståstad. I land eller distrikt der næringa er under sterkt press for å redusera plantevernmiddelbruken kan dette også vera ein måte å ta styring på utviklinga for å unngå at ulempene for næringa vert for store. I fruktdistriktet ved Bodensjøen sør i Tyskland gjev den lokale samvirkeorganisasjonen dyrkarar tilskot til innkjøp av sprøyteutstyr som oppfyller strenge krav til redusert avdrift.

 

Luftfordeling

Mykje av arbeidet som er gjort på avdriftsreduksjon tek for seg luftfordelinga frå tåkesprøytene. Når ein nyttar ei tåkesprøyte er det luftstraumen som skal frakta dropane til målet slik at dei vert avsette. Dersom denne ikkje er optimal går det fort ut over dekninga, og ein risikerer svært mykje avdrift. Gjennom samarbeidsprosjektet "Verlustarm sprühen" (Sprøyting utan tap, www.obstwein-technik.eu) har fruktmiljøa i Sør-Tyrol, Steiermark i Austerrike og kring Bodensjøen i Sør-Tyskland over nærmare 10 år utvikla kriterier for optimal sprøyteteknikk, og fått utvikla testutstyr for luftfordeling og -hastigheit slik at ein kan måle begge deler ganske nøyaktig. Bodensjø-miljøet har i seinare tid også gått lenger med utvikling av eigne kriterier med større vekt på luftfordeling gjennom AirCheck-initiativet (www.aircheck.eu).

Ei optimal luftfordeling skal vera mest mogeleg rektangulær, med nokolunde likt luftvolum og hastigheit i heile høgda og på kvar side. Vinkelen på luftstraumen frå toppen av sprøyta til toppen av trea må heller ikkje vera meir enn 45° for at ein ikkje skal få mykje avdrift over trea. Erfaringane lenger sør er at ein må kontrollera og stilla inn kvar enkelt sprøyte for å få ei optimal luftfordeling. Sjølv på sprøyter av same modell kan små skilnadar i overflata gje utslag på luftfordelinga.

På sprøyter med aksialvifte, som framleis er det klart vanlegaste, vil ein alltid få ein rotasjon på luftstraumen som gjer at ein får meir luft oppe på ei side og nede på motsatt side. Viftehuset må difor vera laga for å jamne ut luftstraumen. I praksis tyder dette at ein må ha ei eller anna form for tverrstraumssprøyte for å kunna nå krava. Ei gamaldags sprøyte med rundt viftehus vil både ha problem med å få ei jamn luftfordeling, og med vinkelen på luftstraumen i høve til toppen på trea. For å få dekning øvst må sprøyta i praksis blåsa høgt over trea for å frakte dropane opp, noko som alltid vil gje mykje avdrift. Å ha ei eller anna form for tårn på sprøyta er ei god byrjing, men det varierer mykje kor godt desse fungerer for å jamne ut luftfordelinga. Som ein del av "Verlustarm sprühen"-prosjektet vart det gjennomført typetestar av ulike sprøytemodellar, og laga ei liste med tilrådde sprøyter som kan tilpassast for å oppfylla krava. Denne ligg tilgjengeleg på Internett, men har avgrensa nytte for norske dyrkarar sidan mange av dei vanlegaste fabrikata her i landet er lite utbreidd i desse distrikta, og difor ikkje har vorte testa.

Figur 2. Med ein eller fleire plaststrimlar kan ein kontrollera retninga på luftstraumen, og få eit grovt inntrykk av luftfordelinga.

 

Dyseval og væskefordeling

Sprøytevæska kan havna andre stader enn ho skal på to måtar, avdrift og avrenning. Dersom ein nyttar store væskemengder aukar risikoen for at ein del av væska renn av bladverket, og gjeldande tilråding er difor å nytta maksimalt 25-30 liter pr. daa ved tåkesprøyting i fullvaksne plantingar. Redusert væskeforbruk er også ein stor fordel arbeidsmessig, sidan ein rekk over eit større areal med kvar tank.

Kva dyser sprøyta er utstyrt med har ikkje berre innverknad på væskeforbruket, men også på fordelinga av væska og risikoen for avdrift. Enkle platedyser som er nytta på ein del eldre sprøyter, har ein ganske spiss toppvinkel, og utprøvingar gjort i Hardanger viser at dropefordelinga både er forholdsvis ujamn, og vert sterkt påverka av trykket. Med meir moderne dyser som t.d. ATR holkjegledyser er dropefordelinga jamnare, vert mindre påverka av trykket og toppvinkelen på 80° gjev betre overlapping og dermed mindre risiko for "helgedagar". For å få utnytta toppvinkelen er det viktig at dysene er plasserte utanfor luftstraumen, og i framkant av denne, viss ikkje vil lufta pressa den kjegleforma dusjen saman. Utfordringa ein framleis har med slike dyser er at dei små dropane, som sikrar god dekning, også aukar risikoen for avdrift.

For å minska risikoen for avdrift, og samstundes halda væskeforbruket på eit akseptabelt nivå er injektordyser eit aktuelt alternativ. Desse gjev forholdsvis store dropar med ei luftboble inni som skal gjera at dropen kollapsar og spreier seg utover når han treff målet. Ulempene er at opningen gjennom dysa er mindre enn vanlege dyser, så ein er heilt avhengig av gode filter. Risikoen for avrenning aukar også litt med større dropar, og dyrkarar som har gått svært langt ned på væskeforbruket har gjerne opplevd at dette må aukast litt att ved overgang til slike dyser.

Injektordyser som vert plasserte utanfor luftsstraumen må vera flatdyser, som Albuz CVI, AVI eller Lechler ID eller IDK. Dette fordi ein kan risikera at luftstraumen ikkje vil fanga opp alle dei store dropane dersom ein nyttar ei holkjegledyse, som t.d. Albuz TVI.

Måling av væskefordelinga er ein annan måte ein kan sikra at sprøytevæska endar opp der ho skal, og i nokon land har det vore større fokus på dette enn på luftfordelinga. Ved funksjonstesting her i landet skal ein m.a. måla kor mykje væske som kjem ut av kvar dyse, men det er ikkje noko krav om å måla fordelinga oppover i trea, slik det har vore i t.d. Nederland. NLR Østafjells har gått til innkjøp av ein vegg med renner for å måla den vertikale væskefordelinga, og for dyrkarar i Telemark er det difor mogeleg å få sjekka kor godt tåkesprøyta dekkar trea i høgda.

 

Køyre- og viftehastighet

Materiellet ein nyttar og innstillinga av dette er viktig for å få ein godt resultat, og redusera risikoen for ureining, men korleis ein utfører sjølve sprøytearbeidet har også ein del å seia. For høgt turtal på vifta, slik at ein bles væska gjennom fleire rekkjer og høgt over trea gjev både mykje avdrift og aukar risikoen for overdosering og sviskadar. Også her får ei utfordringar med gamle sprøyter med rundt viftehus, sidan ein ofte må køyra på eit forholdsvis høgt turtal for å nå toppane, samstundes som ein bles gjennom fleire rekkjer i nedste delen av trea. Med ei tverrstraumssprøyte som fordeler lufta betre er det enklare å gå ned på turtal, og få både betre dekning og lågare drivstofforbruk. Generelt kan turtalet liggja heilt ned på 300-400 RPM for å få ei god luftfordeling med ei moderne sprøyte.

Køyrehastigheit er også ein viktig faktor for dekningsgrad og reduksjon av avdrift. Både utanlandske utprøvingar og prøvekøyring i fleire prosjekt her i landet viser ein klar auke i gjennomslag av rekkjene og avdrift ved låg hastigheit. Så snart hastigheita kjem over 4-5 km/t får ein ein knekk bakover på sprøytetåka, slik at traktor og sprøyte er forbi når tåka når rekkja, og ein får ei betre avsetjing i trea i staden for at ein bles sprøytetåka gjennom.

Terrenget set ofte avgrensningar for køyrefarten, særleg på vestlandet, men det kan vera ein god ide å ta ei vurdering av kor raskt det er forsvarleg å køyra i eigne hagar. Om det er mogeleg å gå litt opp på farten kan ein både spara arbeidstid og få eit betre sprøyteresultat, med mindre avdrift.

 

Kva kan gjerast med sprøyta du har?

I tillegg til ei vurdering av korleis du i praksis utfører sprøytinga (Hastigheit, turtal) er det verdt å sjå på kva tilpasningar som kan gjerast med materiellet.

For å optimalisera teknikken med den sprøyta du har er det enklaste tiltaket å sjå på kva dyser du nyttar. I tillegg til dei grunnleggjande krava som er dekka gjennom funksjonstesten (Rett mengde, ikkje for stort avvik mellom dyser) bør ein nytta moderne holkjegledyser for å få ei god dropefordeling. Vurder også om væskemengda pr. daa er tenleg, eller om det er aktuelt å gå ned på dysestorleik. For å redusera avdrifta bør ein også vurdera injektordyser, i alle fall i dei øvste haldarane.

Optimalisering av luftfordelinga er ikkje like enkelt å få til. Nøyaktig kontroll av luftfordelinga er eit omfattande arbeid, og testutstyret er såpass kostbart at det er uaktuelt å innføra eit like omfattande opplegg her i landet. Ein kan likevel få eit inntrykk av luftfordelinga på enklare vis. Ved å halda ein plaststrimmel inntil luftstraumen kan ein sjå retninga på lufta, og i alle fall sjå om det er store variasjonar mellom sidene og/eller i ulike høgder (Figur 2.), slik at ein kan justera spjeld eller eventuelt fjerna hindringar for å få ei betre luftfordeling.

For å sjekka i praksis kvar væska havnar, og sjå om ein får utslag på endring av praksis eller modifisering av materiellet kan ein nytta væskefølsomt papir. Det er også mogeleg å sprøyta med optisk kvitt fargestoff og nytta UV-lampe for å sjekka kvar væska er avsett. Fleire NLR-einingar har slikt utstyr.

Viktige moment ved kjøp av ny sprøyte

Det viktigaste momentet ved kjøp av ei ny tåkesprøyte til frukt er at den kan fordela lufta og dermed væska, høgt nok opp til at ein får dekka toppane, også ved redusert turtal. Ein bør difor sjå på modellar med ein eller annan form for tårn. Foreløpig er det ikkje mange sprøyteprodusentar på den norske marknaden som har eigne testanlegg for luftfordeling, og kan levera sprøytene ferdig testa. Det varierer difor kor god dokumentasjon som finst på luftfordelinga til ulike modellar, men ta gjerne ein enkelt sjekk av retning og styrke på luftstraumen med plaststrimlar eller snakk med andre dyrkarar som har erfaring med den aktuelle modellen.

Dyser kan enkelt skiftast, men tenk på kva storleik og type som er aktuell til ditt bruk, slik at du kan få sprøyta levert med dysene du ynskjer. Vurder injektordyser for å redusera avdrifta.

Eit norsk regelverk for tilpassing av sikkerheitsavstandar til vatn i høve til avdriftsrisiko let venta på seg. Det er difor vanskeleg å seia noko sikkert om kva utstyr som vil verta godteke, men ei sprøyte som gjev ei jamnast mogeleg fordeling og plasserer mest mogeleg av plantevernmidlane i trea der dei skal vera, vil uansett gje det beste resultatet av plantevernarbeidet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.