Spiss fleinsopp i plen – ein risiko for små born

28.11.2019 (Oppdatert: 28.11.2019) Olav Martin Synnes

Vi fekk nyleg ein uvanleg telefon frå ein barnehage. Eit barn hadde putta ein liten sopp i munnen. Etter kort tid vart barnet dårleg, og måtte til lege. Barnet var synleg rusa, eit typisk symptom etter inntak av spiss fleinsopp. Både tilsette og foreldre er urolege. Finst det enkle metodar for å fjerne fleinsopp i plen?

Spiss fleinsopp lever av daudt organisk materiale i jorda. Mesteparten av soppen er eit underjordisk nettverk av tynne trådar. Om hausten i vått ver veks det opp små sopphattar som lagar sporar. Dette vil halde fram til frosten kjem.

Vi har drøfta utfordringa med fleire soppekspertar. Spiss fleinsopp trivst best i godt gjødsla plen og beite. Han kan likevel førekome også i ugjødsla plen. Plenen i den nemnde barnehagen er forholdsvis ny. Sjølv om det er mykje sopphattar i år, er det grunn til å tru at det blir færre dei komande åra.

Det mest effektive rådet er å klippe plenen ofte med låg stubbehøgde, og helst med god oppsamling av gras og sopp. Der ein ikkje kjem til med plenklippar, vil ryddesag med knivar eller grov sen vere ein god reiskap.

Om hausten i soppsesongen bør plenen inspiserast kvar morgon, før borna møter opp. Ein bør også prøve å lære borna at ein ikkje må plukke sopp.

Så vidt ein veit finst det i dag ikkje kjemiske middel med god verknad mot spiss fleinsopp.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.