Sommarmjølk og støling

29.09.2017 (Oppdatert: 02.10.2017) ,  Gunnlaug Røthe

Det er ønskjeleg med større produksjon av sommarmjølk i Hordaland, men det er ikkje alle bønder som ønskjer å produsera sommarmjølk som har høvelege beite i nærleiken av fjøset. Då kan fjell-/skogsbeite og støling vera eit alternativ. Difor har NLR Vest sett på om det er mogleg med stølsdrift og større produksjon av sommarmjølk på utmarksbeite i Hordaland. Prosjektet er støtta av FMLA Hordaland.

Helgaset, Kvitno. Her har vore fellesstøl sidan 1970-talet. I år (2017) er det planlagt å produsere sommarmjølk frå 40 kyr.

Rapport 2017

1. Bakgrunn

Det er ønskjeleg med meir produksjon av sommarmjølk i Hordaland. Det er også krav om at dyra skal ut på beite i sommarhalvåret. Ikkje alle bønder som ønskjer å produsera sommarmjølk har høvelege beite i nærleiken av fjøset. Det er heller ikkje alle som har støl og moglegheit til å mjølke på stølen. Truleg er det fleire stølar der det er lagt til rette for maskinmjølking og tankhenting som har ledig kapasitet for mjølking og beiting av fleire kyr. Det er eit ønskje å ta vare på kulturlandskapet rundt stølane og ha aktive stølar i Hordaland. Ysting på stølen kravde mykje ved. Dette, saman med beite, har vore med på å halde landskapet ope. I boka "Stølar i Ulvik", står det at dei rekna at det vart brent opp tre kvart mål ved (0,8 m3) per 100 kg ost om sommaren.

 

2. Historie

Stølsdrift er ein gamal tradisjon. Funn av spor etter bygningar i fjella frå yngre jernalder 200 år e.Kr. kan tyda på at det har vore drive stølsdrift i fjella allereie då. Stølsdrift er ikkje eit særnorsk fenomen. I fjellområda frå Himalaya til Alpane har bruk av fjellbeite vore ein viktig del av husdyrhaldet. Det er difor rimeleg å tru at impulsar kan ha kome utanfrå vedkomande stølsdrift. Stølsdrifta kan vere 4000 år gamal. Det var ikkje alle bruk som hadde støl. For å få dyra til fjells kunne dei enten leige sel og flor hjå ein annan stølseigar. Meir vanleg var nok å leige eller "hyra", som det heitte på Voss, kyrne bort til ein bonde som hadde så mykje beitemark på stølen at han kunne ta i mot buskap utanfrå. Det var vanleg i tidlegare tider at bønder i fjordbygder på Vestlandet leigde bort buskapane til bønder med fjellbeite. I Vossabygdene skriv Gjerdåker (2001) at det er flest gardar på Vossestrand spesielt i Myrkdalen og Jordalen som har teke i mot hyrekyr. Det er nemnt at på stølen Vetlebotn i Myrkdalen var det i 1858 39 mjølkekyr store delar av sommaren, med tillegg av ungdyr, hestar, griser og sauer. Sjølv om det ikkje er opplysningar om kor mange som er hyrekyr er det grunn til å rekna med at om lag 2/3 av mjølkekyrne var hyrekyr. Det er nemnt i litteraturen at det i Kvinnherad var slutt på stølsdrifta med kyr før 1970. Andre stader i Hordaland heldt stølsdrifta fram til 1980-talet og eit fåtal er framleis aktive. Omkring 1850 var det 50 000 stølar i drift i Noreg, og i dag er talet om lag 1200 (Helle 2016).

 

3. Mål

• Aktiv bruk av stølane i Hordaland

• Meir produksjon av sommarmjølk

• Meir beiting av kulturlandskapet rundt stølane

 

4. Aktivitet

Me har søkt i litteraturen og snakka med ulike stølseigarar og grunneigarar for å få oversikt over stoda til stølsdrift for mjølkeproduksjon på kyr i Hordaland. Voss har hatt rike stølstradisjonar og difor pregar det resultatet i dette prosjektet.

 

5. Resultat

Det går mot større og større einingar innan mjølkeproduksjon og ein del av desse produserer sommarmjølk på heimebeite og tilleggsfôring. Det er difor få stølar som er i drift i dag, men beiteområda vert brukt av gjeldkyr og sauer. Eitt av tiltaka i prosjektet var å laga oversikt over stølar med mjølkeproduksjon på kyr i Hordaland i dag. Resultatet finn ein i tabell 1.

 

Tabell 1. Stølar i Hordaland for mjølkeproduksjon på kyr i drift og med veg.

 

Det er fleire stølar mellom anna i Voss som har veg og har hatt aktiv drift dei seinare år. Døme på det

finn ein i tabell 2.

 

 

Me har også sett på stølar som har bilveg og der det er mogeleg å transportera mjølk (sjå tabell 3).

Bortsett frå veg kan dei mangle brukbare bygningar, og det kan difor vera tale om investeringsbehov.

Det er ikkje alle stader det er elektrisk straum, men dette kan som regel løysast med aggregat.

 

 

Prosjektet omfatta også følgjande tiltak:

• Motivera til samarbeid om sommarmjølk og støling

• Formidla kontakt mellom bønder som er interessert i å leige støl og beite i sommarhalvåret

og dei som har ledig kapasitet på sin støl

• Hjelpe til med å lage leigekontraktar og avtalar

 

Dei tre punkta som er nemnt ovanfor er vanskeleg å gjennomføra når det ikkje er tilgjengeleg ledig støls-/beitekapasitet og/eller det ikkje er ønskjeleg å få inn dyr frå buskapar utanom dei med støls- og beiterett i området. Det kan nemnast at stølar/turisthytter på Hardangervidda til dømes Rauhelleren Turisthytte der mjølk og mjølkeprodukt vert brukt i serveringssamanheng, tek inn leigekyr frå Hordaland. Då er det snakk om nokre få kyr, og som regel mottar utleigar stølstilskot.

 

 

Diskusjon og konklusjon

I følgje statistikken er berre 3 prosent av arealet i Noreg jordbruksareal. Over 40 prosent av arealet her til lands kan brukast til beite. Etter 2. verdskrig har stadig meir av matproduksjonen gått føre seg på 3 prosenten og mindre på 40 prosenten.

 

I ei undersøking i Hordaland i høve til areal fann ein at 60 prosent av tilgjengeleg utmarksbeite er godt til svært godt beite og dette utgjer 6962 km2 (Hofsten m.fl. 2015). Ut frå vurderinga av beitetrykk frå husdyr og ville hjortedyr er om lag 80 prosent av beiteressursen som er tilgjengeleg for husdyr, utnytta.

 

Stimulering til mjølkeproduksjon på stølen er meir krevjande enn å stimulera til beiting med gjeldkyr. Arbeidskraft og økonomi er to utfordringar. Det må vera lønsamt for bonden om han/ho skal nytta beiteressursane i utmarka. Det er berre eit fåtal som vil driva med idealisme som drivkraft. I tillegg må det vera framkomeleg veg.

 

Mjølkeproduksjon på stølen krev mjølking to gongar dagleg og dessutan tilsyn på beite. På dei aller fleste gardsbruk i Hordaland er det berre ein som er lønna frå drifta. Gjennom sommaren må denne arbeide heime på garden med slått, vedlikehald mm. I dei fleste tilfelle vil ein måtte leige inn folk til arbeidet på stølen.

 

Beitedyr er den einaste reiskapen som kan ta vare på stølslandskapet og hindra attgroing. Det er i dag mogeleg å få RMP-midlar på kr 25 000 som tilskot til stølsdrifta, men det er spørsmål om dette er nok for å stimulera til stølsdrift. For å nytta stølen til mjølkeproduksjon, må det vera bilveg av ein slik stand at mjølkebilen kjem seg fram.

 

 

I dag er det stort fokus på smittepress og bekjemping av smittsam luftvegsinfeksjon og diaré. Dette kan vera ei hindring for leige-/hyrekyr med blanding av ulike buskapar.

 

Dersom mengde sommarmjølk skal aukast og fleire stølsområde takast meir i aktiv drift enn berre beite for gjeldkyr og ungdyr, er det krav om investeringar. Dersom det er ynskjeleg med stølsdrift/produksjon av mjølk på fjellbeite bør støtteordningar for investeringar i bygningsmasse på stølar prioriterast. Det vil vera fleire utfordringar mellom anna set Mattilsynet strenge reglar til foredlingsrom og vasskvalitet. Dessutan vil produksjon av småskalaprodukt krevja tid og innsats frå brukar i høve til marknadsføring og sal.

 

Det kan også vera aktuelt å gjera enkelte inngrep med drenering for å få betre beite og dermed halde opp mjølkeproduksjonen.

 

I Sveits er stølsdrifta ofte organisert i aksjeselskap og dei produserer ost på mjølk frå fleire buskapar (Gjerdåker 2017). Det er truleg kome innpulsar frå Alpane i tidlegare tider når det gjeld stølsdrift både til Hordaland og elles i landet, difor kan det også i dag vera nyttig å undersøkja kva dei får til med stølsdrift i Sveits. Det kan nemnast at i Telemark flyttar dei mjølkeroboten til fjells, men dette kostar mykje.

 

Det er fleire faktorar som vil påverka om stølane skal vera i aktiv drift der det vert produsert sommarmjølk. For å sikre økonomien må sommarmjølka betalast med god pris. Alternativt kan tilskotssats for mjølkeproduserande storfe på beite aukast. Eit høgare RMP-tilskot vil også kunne hjelpa. Dersom det er behov for bygningar på stølane vil økonomiske støtteordningar vera nødvendige.

 

I dette prosjektet er det laga oversikt over stølar i drift i dag i Hordaland og stølar med bilveg som har vore i drift i nyare tid. Dessutan er det laga oversikt over andre stølar med framkommeleg veg for tankbil der det kan vera mogleg for sommarmjølk. Resultatet viser at det er lite ledig stølar og beite, og dessutan verkar det som det ofte ikkje er ønskjeleg med dyr frå buskapar utan støls- og/eller beiterett i området. Av den grunn er det vanskeleg å motivera til samarbeid om sommarmjølk og støling og det vert ingen kontakt å formidla. Difor meiner me det har lite for seg å laga forslag til leigekontraktar og avtalar.

 

 

 

 

 

 

Referanse:

Gjerdåker, Johannes 2001. Stølar i vossafjell. Voss Bygdeboknemnd. 319 s. ISBN 82-991221-3-9.

Gjerdåker, S. 2017. Førebiletet. Dag og Tid-stølen er berre ein leik. Her er den verkelege stølsverda.

Dag Tid fredag 20.01.2017

Jensen, V. og Gald, R. 2012. Registrering av stølar i aktiv drift. Stølsprosjekt 2011-2012. FMLA

Hordaland

Helle, S. 2016. 30 stølar er ikkje nok. Dag og Tid 02.09.2016

Stølar i Granvin.

Ulvik sogelag: Stølar i Ulvik. 2015.144 s. ISBN 978-82-93433-03-3.

Kvinnherad mållag. Stølar og setrar i Kvinnherad

Hofsten, J. Rekdal, Y. og Strand, G.-H. 2015. Arealregnskap for utmark. Arealstatistikk for Hordaland.

Ressursoversikt frå Skog og landskap 02/2015.