Slått i bratt terreng - utvikling og utfordringar

02.07.2020 (Oppdatert: 10.07.2020) Åsmund Kristensen, Lena Abel

På Vestlandet får mange bønder tilskot for drift av jordbruksareal med hellingsgrad 1:5 eller brattare. Å slå på slike areal kan vere utfordrande og farleg, og fokuset på lett grashaustingsutstyr for bruk i bratt terreng har auka den siste tida.

Markdag på Nordfjordeid (19. juni 2020) hjå Rindal Maskin: stor interesse for grashaustingsutstyr som er spesielt eigna for bruk i bratt terreng og beresvak jord.

Landbruket forandrar seg stadig, ikkje minst på maskinfronten. Det er få næringar her i landet som har gått gjennom ein like stor teknologisk revolusjon som landbruket har gjort dei siste 60 åra. Hovudtrekket til denne utviklinga har stort sett vore mot større, sterkare og tyngre maskinar. Dei siste somrane har vist at vêr- og køyreforhold varierer mykje. Tunge maskinar er ikkje alltid det beste ved store nedbørsmengder. Kven hugsar ikkje slåtten i 2017? Mange vart då nøydde til å ta slåtten sjølv om jorda var svært fuktig. Resultatet av køyring på fuktig, beresvak jord er pakking og dårleg jordstruktur som igjen fører til reduserte avlingar. Kombinasjonen av bratt slåttemark, tungt utstyr og store nedbørsmengder er heller ikkje optimalt og kan skape farlege arbeidsforhold.

Bruk av tohjuls slåmaskinar er langt ifrå eit nytt fenomen. Dei fleste vestlandsbruk har ein eller fleire av desse til kantslått og slått av bratt areal. Utfordringa er ofte dårleg kapasitet og brukarvennlegheit ved eldre maskinar, men som tyngre maskinar og traktorar har også tohjuls slåmaskinar tatt del i den teknologiske revolusjonen til maskinparken i landbruket.

På markdag på Nordfjordeid (19. juni 2020) hjå Rindal Maskin i samarbeid med Lauvrud Maskin og NLR Vest vart det presentert grashaustingsutstyr frå RapidBrielmaier og SEP. Desse er spesielt eigna for små, bratte vestlandsbruk og bruk med beresvak jord. Det har blitt lagt fokus på lette slåmaskinar med brei hjulgang og framtungt tyngdepunkt, eller maskinar som har vekta plassert sentralt på akselen. Dette gjev stabilitet i bratt terreng.

Bra oppmøte på markdagen viste at interessa for grashaustingsutstyr for bratt terreng er stor. Både Brielmaier og Rapid har hurtigkopling som gjer det enkelt å skifte mellom forskjellige reiskapar, som f. eks. slåttebjelke, høyrive og beitepussar, utan bruk av verktøy.

Potensialet til lett slåtteutstyr er utan tvil stort, og utviklinga går fort. Fjernstyrte eller sjølvstyrte maskinar er under utvikling frå fleire hold, og Brielmaier har allereie mogelegheit for fjernstyring.

Prisen er enno ei utfordring ved innkjøp av høgteknologiske maskinar av typen Rapid og Brielmaier. Det er fare for at det ikkje vil svare seg verken økonomisk eller behovsmessig for den enkelte bonde, men det kan fort bli meir aktuelt dersom fleire naboar, eventuelt eit maskinlag, går saman om innkjøpet. Også entreprenørar bør nytte seg av mogelegheita til å leige ut slike maskinar.

I land som Sveits og Austerrike er grashaustingsutstyr for bruk i bratt terreng mykje brukt, og kan på fleire stadar utkonkurrere bruk av traktor med sideslåmaskin. Dette er land som på mange område kan samanliknast med Noreg når det gjeld topografi og landbruk, så potensialet til bruk av lett slåttutstyr også her i Noreg er stort.


Sjå filmen frå markdagen her:

Presentert på markdagen:

  • Brielmaier 26,5 Hk med 350 cm dobbelknivbjelke, 300 cm kamrive, sidevenderrive, beitepussar, TBF krattknusar
  • Rapid Rex med 142 cm kommunalbjelke og 70 cm bioklippar/ beitepussar
  • Rapid Monta med 230 cm portaldobbelknivbjelke
  • Rapid Swiss med 181 cm sentermontert dobbelknivbjelke
  • SEP MFC 186


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.