Silopressaft som ureining

05.06.2019 (Oppdatert: 05.06.2019) Torleif Bakke Haavik

Gras inneheld vatn, organiske molekyl og uorganiske næringsemne. Ved ensilering vil væske som graset ikkje klarar å halda på, følgja tyngdekrafta og leggja seg i botnen av lageret. Rundballar si evne til å halda på væske er påverka av m.a. type rundballepresse, plasttype og lagringshøgd.

Silopressaft inneheld både mykje lett tilgjengeleg energi, og næringsemne (tabell 1). Silopressaft på avvegar medfører svært negative verknader for vassmiljøet. Berre ein liter silopressaft til fem tusen liter vatn, kan medføra algevekst og forbruk av oksygen i vatnet. I tillegg kan det oppstå sterk framvekst av algar i grøfterøyr og kanalar, som i neste omgang kan slamma til desse.

Konsentrasjonen av organisk materiale – ulike sukkerarter ol. – i pressaft er i stor grad avhengig av tørrstoffprosent i graset ved hausting. Til dømes gir fortørka gras mindre volum pressaft, men prosentvis større innhald av organisk materiale per liter. I praksis betyr dette at skadepotensialet til kvar liter pressaft aukar med stigande tørrstoffinnhald i graset, men at den samla potensielle påverknaden samstundes vert redusert (sjå figur 1).

For å unngå ureining bør rundballar med overskot av pressaft lagrast på ein slik måte at avsig anten ikkje kjem i kontakt med vassvegar, eller vert samla opp og handtert som organisk gjødsel.

 

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar lagring av rundballar. Dette er ein av artiklane i heftet.

Heile heftet finn du her: Lagring av rundballar. Gode løysingar for gardbrukar og miljø.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.