SHA-plan. Også ved bygging i landbruket

16.02.2017 (Oppdatert: 11.12.2018)

Plan for «Sikkerhet-Helse og Arbeidsmiljø», SHA, skal vere på plass ved prosjektering og utføring av byggearbeid i landbruket. Det er kanskje den viktigaste planen i heile byggeprosjektet! Det handlar om å hindre tap av liv og helse i byggeperioden. Spørsmåla er dei same som i all risikovurdering; kva kan gå gale;- kva tiltak må til for å sikre at det går godt? Byggherren har ansvar for SHA-planen.

Byggherreforskrifta definerer byggherren (bonden) sitt totalansvar for det som skjer på byggeplassen. Arbeidstakar skal vere sikra mot skade på byggeplassen, arbeidsoppgåvene i byggeprosjektet skal vere forsvarleg organisert og sikra, og det skal utarbeidast ein SHA-plan.

 

SHA-koordinering

SHA vert berre brukt ved bygge- og anleggsarbeid, og skal omhandle organisering/samordning, framdrift, riggplan, vernerunder, avvikshandtering, sikker jobb-analyse, HMS-erklæringar og signeringslister. Det trengst ein SHA-koordinator, både i prosjekterings- og utføringsfasen. I mange tilfelle vil du sjølv som byggherre kunne ha denne rolla, men på større prosjekt kan det vere lurt å leige denne tenesta.

 

Fort og gale!

Største utfordringa på ein byggeplass er at ting skal skje fort, og at det er mange aktørar i sving på ein gong. Særleg farleg er sjølvsagt arbeid i høgda, men og innheising av tunge bygg-element i tre eller betong, byr på potensielle farar. Manglande orden og rydding ved rivingsarbeid er og ei kjelde til større og mindre skader. Ei særleg utfordring er at i landbruket bygger ein ofte i tunet på garden.

 

Finn farane før dei finn deg!

Gjennom SHA planen skal byggherren avdekke flest mogleg farar på førehand, og syte for at det er koordinering og samhandling mellom dei ulike aktørane på byggeplassen. Kvar aktør må syne og dokumentere at ein har forsvarleg systematisk HMS-arbeid for si verksemd.

Gjennom heile byggeperioden bør det gåast vernerunder med tanke på forhold som kan gjerast betre.

 

Føre var!

Norsk landbruksrådgiving Vest kan hjelpe deg med SHA-planen. Hjå oss kan du kjøpe dokumentmal som du med rettleiing arbeider vidare med sjølv. Du kan og leige oss som SHA-koordinator til heile arbeidet, både til å utarbeide planen, og til den utførande delen i byggetida.

Ta kontakt tidleg i planprosessen – det løner seg!

Treng du hjelp med SHA-plan?

 

Kontakt: Kolbjorn.taklo@nlr.no 91 39 65 60

 

Lese meir om emnet?

Her finn du brosjyren "Er du byggherre"

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.