Klimautfordringa for vestlandske beitedyr

15.05.2020 (Oppdatert: 15.05.2020) Helena Elvatun, Åsmund Kristensen

Sau og metan - Beitesesongen er i gang mange stader på Vestlandet. Tusenvis av beitedyr er no i gang med det fantastisk arbeidet med å omgjere urter og gras til kjøt og ull av god kvalitet. Medaljen si bakside er at det i same prosessen blir produsert klimagassar, som til dømes metan. Metan er i hovudsak eit resultat av gjæringsprosessen av fiber i vomma til drøvtyggarane. Her utgjer utsleppa frå sau 19 prosent av det totale metanutslepp frå fordøyelsesprosessen til norske husdyr.

Foto: Metanmåling av sau. Kjelde, Vibeke Lind, NIBIO.

Forsøk med storfe viste at metanproduksjonen var låg når dyra gjekk på godt beite. Dette er naturleg då gode beite, med ungt plantemateriale har naturleg høgt innhald av protein, lettare fordøyeleg karbohydrat og lågare innhald av fiber.

I fylje dagens IPCC standard vil 6,5 prosent av fôrrasjonen til ein sau ende opp som metanutslepp. Om ein gjennom gode beite og beitestrategi klarar å redusere utsleppa med ein halv prosent, vil det føre til ein reduksjon på heile 7,7 prosent. (Kjelde: 1, agrianalyse). Det er generelt komplisert å måle metautslepp frå dyr, og endå vanskelegare på beite. Lite har tidlegare vore gjort på forsøksdyr her i Noreg. På verdsbasis er det gjort forsøk i laboratorium og på forsøksdyr. Utrekningar som er nytta i publikasjonar og reguleringar rundt klimagassutslepp i Noreg, er dermed i stor grad basert på nøkkeldata frå andre land. Slike forsøksresultat er registrert i område med andre klimatiske forhold, fôr og produksjonsforhold, som ikkje nødvendigvis let seg overføre direkte til Noreg.

Eigne målingar her i Noreg er derfor viktig, slik at vi igjen kan nytte resultata i Klimakalkulatoren. Per i dag er det no sett i gang fleire prosjekt der klimagassutslepp frå sau er i fokus. I 2019 starta NMBU opp eit prosjekt for å utvikle ein gardsmodell for utrekning av klimagassutslepp frå norske sauebruk. Denne skal kunne samanlikne korleis ulike sauerasar, bruk av beite (innmark/utmark) og kraftfôr påverkar klimagassutsleppa. Norsk Sau og Geit er med i et europisk prosjekt der metanutslepp frå sau blir målt i eit mobilt klimakammer.

Sjå videolink til NIBIO, der dei måler metan på beitande sau. Dyra har fått festa behaldar rundt halsen som samlar opp gass og reknar ut kor mykje metangass dyra pustar ut.

Mykje av informasjonen ein les er negativ vinkla mot beitedyra. Fleire område blir nærare undersøkt i desse tider, både effekten av karbonbinding i jord og albedoeffekt. Desse kan tenkjast å gje eit meir nøyaktig mål på klimagassutslepp frå husdyrhald i Noreg. Dei kan og bidra til å auka forståinga av beitebruk som ein klimavenleg og viktig ressurs.

 

…………………………………………………………………………

Kjeder:

NIBIO, Beitedyr og metanutslepp.

1:https://www.nibio.no/tema/miljo/tiltaksveileder-for-landbruket/tiltak-mot-klimagassutslipp-fra-landbruket/Lystgass%20og%20metan/beitedyr-og-metangassutslipp

2:Agrianalyse: metodikk for berekning av utslepp av enterisk metan frå sau, 2019



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.