Rundballeplast – lever til godkjent mottak

05.06.2019 (Oppdatert: 05.06.2019) Torleif Bakke Haavik, Leif Trygve Berge

Det aller meste av rundballeplasten som vert brukt i dag vert laga av polyetylen produsert med utgangspunkt i fossil olje. I det siste er det kome eit alternativ med betre klimaavtrykk. Det er polyetylen-basert rundballeplast produsert på fornybare råvarer av sukkerrøyr. Begge alternativa vert sett på som likeverdige med omsyn til kvalitet under rundballing og konservering. I tillegg til polyetylen inneheld rundballeplasten fargestoffet titanoksid, lim og UV-vern. Ingen av stoffa er klassifisert som giftige.

UREINING

Rundballeplast vert lett teken av vind og kjem på avveger. Større plastbitar kjem av og til i nettmagen til drøvtyggarar. Dette kan gjere det vanskeleg for dyra å få i seg nok næring. Plasten vert med tida broten ned av UV-stråling frå sollys. Strukturen bryt meir og meir i hop og vert broten ned til små fragment – mikroplast. Medvit om ureiningsfare og forsvarleg handtering er avgjerande for at rundballeplast ikkje fører til ureining. Syt difor for å ha eit godt opplegg for lagring av plasten.

Det kan vera freistande å brenna plasten på garden, men hugs at brenning av plast er forbode.

Plast kan resirkulerast eller brennast i eit godkjent forbrenningsanlegg. Skilnaden er at ved brenning av rundballeplast på bål kan gje giftige avgassar dersom forbrenninga vert ufullstendig. Vert rundballeplast brunne under kontrollerte forhold med høg varme, får ein til ei fullstendig forbrenning med CO2 og vatn som resultat. Lever difor landbruksplast til godkjent returmottak!

 

GRØNT PUNKT

Grønt punkt har avtalar med ei rekkje lokale aktørar kringom i landet for retur av rundballeplast og annan landbruksplast. Ordninga er finansiert gjennom avgift ved kjøp av plasten. Levering av rundballeplast til godkjent mottak er difor gratis. Rein rundballeplast vert resirkulert, medan tilgrisa plast, med restar av fôr og jord, vert brunne i godkjent forbrenningsanlegg. Rettleiing om retur av landbruksplast og oversikt over kvar du finn næraste mottak finn du på www.grontpunkt.no 

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar lagring av rundballar. Dette er ein av artiklane i heftet.

Heile heftet finn du her: Lagring av rundballar. Gode løysingar for gardbrukar og miljø.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.