Rug- og raigrasbeite til mjølkekyr i Askvoll

03.07.2020 (Oppdatert: 06.07.2020) Arve Arstein

Rug og italiensk raigras gir frodig og godt beite til kyr ein månad etter såing. Rug krev høgare beitetrykk enn andre beiteplanter. Raigraset tek over på ettersommaren og syter for godt beite til hausten. Høgt grovfôropptak og redusert bruk av kraftfôr er ein av gevinstane med intensivt beite.

Kvammen i Askvoll 25. juni. Kyrne til Harald Ålen likar seg så godt på rug-/ raigrasbeitet at dei går sjeldnare i roboten for å bli mjølka.

Etablering av beite

Harald Ålen driv mjølkeproduksjon med 38 årskyr i Kvammen i Askvoll. Slåttemarka nærast fjøsen er fastmark med god helling. Åkeren på 30 daa vart sådd 20. mai etter tradisjonell jordarbeiding (pløying og harving). Såmengdene var 10 kg haustrug og 4 kg toårig raigras (italiensk raigras). Rug og raigras bør såast kvar for seg: Rug på 3 cm og raigras på 1 cm djupne.

Vêret vart fantastisk fint i vekene etter, så det gjekk fint å sleppe på kyrne fire veker seinare. Ideell beitestart er når rugen er 10-15 cm høg. Allereie 25. juni var ein del strå av rugen i ferd med å sette aks.

 

Skiftebeiting

Rug og raigras veks så raskt at beiteopplegget må vere intensivt. Dyra bør beite 1-2 dagar på same skifte og komme igjen etter ei veke. Harald har delt arealet i to nokså like skifte, og det eine er foreløpig nytta til slått og det andre er delt i 5 like skifte på 3 daa kvar. Det er svært viktig å halde plantene på eit vegetativt stadium; høgt beitetrykk kombinert med beitepussing lyt til. Dersom rugen set aks vil det bli lite gjenvekst etter beiting og pussing, og det er raigraset som lyt stå for produksjonen. Målet må vere at rugen skal produsere smakfullt beitegras til ut i august før raigraset tek over og syter for godt beite resten av sesongen.

 

Erfaringar

Erfaring så langt er at 30 daa er eit rikeleg stort areal til dei 35 kyrne som mjølkar. I ettertid ser han at dyra burde vore sleppt ut nokre dagar tidlegare, då mykje av arealet kom vel langt før første avbeiting på dei siste skifta. Truleg hadde det vore ideelt å så ein del av arealet, som går til slått no tidleg på sommaren, med berre raigras. Då kunne Harald late dette arealet vekse i 60-70 døgn før slått. Italiensk raigras set ikkje aks i såingsåret, så kvaliteten er god i ein lenger periode enn med westerwoldsk raigras (eittårig raigras).

Etter 14 dagar med beiting og mykje kjøligare vêrlag i juli enn siste 10 dagane i juni, ser Harald at han vil få bruk for deler av arealet som vart slått 25. juni til beite. Han har heile tida fôra med surfôr inne, og han registrerer at kyrne et 15-20 kg surfôr i døgnet. I gjennomsnitt har han redusert kraftfôrbruken med 4 kg pr ku pr. dag.

No tidleg i juli er veksten i vanleg eng god, men Harald ser at rug- og raigrasarealet utmerkar seg med atskilleg raskare vekst. Han tykkjer det så langt har vore interessant å drive med intensiv beiting med mjølkekyr. Ein må vere på hogget heile tida og fokuset må vere både på stell av beita (pussing og gjødsling) og på trafikken og produksjonen hos dyra. 

 

Kutrafikk

Robotbønder snakkar om kutrafikk i fjøsen og om trafikk i roboten. Dette er fagområde som Tine Rådgiving og kraftfôrleverandørane er spesialistar på. Harald har ikkje uventa fått til dels stor nedgang i trafikken i roboten etter beiteslepp. Kyrne likar seg så godt ute at det går lenger tid mellom kvar mjølking. Høg mjølkefrekvens er viktig for å ha høg yting. I lag med rådgjevar i Tine vert det diskutert kva tiltak som kan stimulere til auka kutrafikk i roboten.

 

Bønder som har lang erfaring med robotmjølking og aktiv beitebruk nemner fleire tiltak for å stimulere til hyppigare trafikk i roboten:

  • Endre tildelinga av kraftfôr (gje ein større del av kraftfôret i roboten)
  • Fri tilgang til beitet heile døgnet
  • Styring av kutrafikken i fjøsen
  • Tilgang på salt ved roboten

 

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.