Resultat frå grasprøver før 1. slått

20.06.2019 (Oppdatert: 20.06.2019) Marit Henjum Halsnes, Dag-Arne Eide

Det står enno att mykje fôr som ikkje er hausta på Vestlandet. I høgare strok er slåtten knapt i gang, medan den er over på dei tidlege stadane. Fôrprøver tekne ut før slått, tyder på at det blei hausta ein god del fôr med låg/medels energikonsentrasjon, men avlingane er store. Framleis treng vi meir godt slåttevêr!

Grasprøva frå Fjærland vart teken 6. juni. 1. års enga såg då slik ut. Enga vart hausta 14. juni, og gav svært stor avling. Foto: Marit Henjum Halsnes.

Den unge enga kom tidleg i utvikling, og måtte haustast fyrst. Ut frå observasjonar på markdagane, såg vi ganske likt skytingstidspunkt for dei fleste grasartane.

Fyrste veka i juni vart det teke nokre grasprøvar i hausteklar eng. Prøvane vart tekne tilfeldige stader i Sogn og Fjordane og syner noko varierande kvalitet. Prøvane er tekne i ung, timoteibasert eng. Mesteparten av dette fôret vart hausta andre veka i juni, altså ei stund etter at prøvene blei tekne.

Grasprøvene kan seie noko om forventa fôrkvalitet. Ved vellukka konservering i rundballe eller silo, vil innhaldet vere mykje likt, men ein kan rekne med noko tap av protein og sukker i ensileringsprosessen, og i tillegg kan ein få feilgjæring. Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at innhaldet i fôret ikkje vil vere betre enn i grasprøva.

Tabellen syner nokre analyseverdiar frå dei 7 prøvene vi har fått igjen resultatet frå.

*MSC (mean stage by count) er ein indeks som blir rekna ut i høve til utviklingsstadiet på timotei. Dette blir gjort ved teljing av vekstnodar, evt. registrering av aks. Når talet er ca. 2,90 er vi ved byrjande skyting.

 

Energi

Ei ung, timoteibasert eng går raskt ned i kvalitet etter skyting, medan ei natureng held seg betre i kvalitet. FEm > 0,88 er høg energikonsentrasjon. FEm mellom 0,83 og 0,87 er middels energikonsentrasjon og FEm < 0,83 er låg energikonsentrasjon. Nokre stader gjekk det ei tid frå prøvetaking til slått. Såleis kan det vere grunn til å tru at energiinnhaldet i ein god del fôr frå tidlege stader er noko lågt i år.

 

Råprotein/PBV

Tidleg slått og sterk nitrogengjødsling bidreg til høge verdiar. Optimalområdet proteininnhald er 13 – 17 % av TS. Ein ynskjer stort sett fôr med positiv PBV.

 

Struktur (fiber)

Etter kvart som enga skyt og går over i blomstring, vil mengda fiber auke. I tillegg vil større og større del av fiberen verte ufordøyeleg. Optimalområdet til NDF er 48 – 52 % av TS.

 

Ufordøyeleg fiber

Fiber som ikkje kan nyttast av dyret, kjem ut att i husdyrgjødsla. Denne delen aukar med aukande NDF og med utsett slått. Optimalområdet er 8 – 12 % av tørrstoffet.

 

Sukker (vassløyselege karbohydrat)

Sukkerinnhaldet er høgst ved tidleg slått, i sol, og om ettermiddagen. I tillegg er det god samanheng med N-gjødslinga og proteininnhaldet. Som regel gjev høgt proteininnhald lågare sukkerinnhald.

 

Mineralinnhaldet

Dei 7 prøvene er også analyserte for mineralinnhald. Resultata ser vi i tabellen.

 

Nok fosfor, kalium og svovel

Fosforinnhaldet er forholdsvis likt i desse prøvene, og høgt nok alle stader. Kaliuminnhaldet er derimot rikeleg høgt, eller høgt nok, alle stader. Svovelinnhaldet er også høgt nok i alle desse prøvene.

Det er brukt husdyrgjødsel og OPTI-NS på 4 av dei 7 stadane. På 3 stader blei det brukt Fullgjødsel 25-2-6. Dette syner at husdyrgjødsla dekkjer behovet for fosfor, kalium og svovel, sjølv på medels kaliumrik jord. Dette styrkjer også vår tilråding om bruk av OPTI-NS saman med husdyrgjødsel.

 

Lite magnesium og kalsium

Magnesiuminnhaldet er derimot lågt i alle prøvene. Dette samsvarar med eldre forsøk og prøver som er tekne for mange år sidan. Magnesiuminnhaldet i fôret blir påverka av kaliuminnhaldet i jorda. Mykje kalium hindrar opptak av magnesium i plantane. Det kan derimot vere dårleg samanheng mellom innhald av magnesium i jord og i fôret dyrka på same staden. Kalsiuminnhaldet er også lågt, berre prøva frå Luster syner høgt nok innhald.

 

Skeiv mineralbalanse

Når vi reknar på mineralbalansen mellom kalium på den eine sida og kalsium og magnesium på den andre, så finn vi urovekkande høge tal i fleire av desse prøvene. Høvet mellom desse bør ligge godt nede på 2-talet. Her er vi oppe i over 4 på 2 stader. Det er det høge kaliuminnhaldet og det låge magnesium- og kalsiuminnhaldet som gjer at mineralbalansen blir skeiv. Ved låg jordtemperatur vil kalium bli teke lettare opp i plantane enn magnesium og kalsium. Det forverrar mineralbalansen.

Kor "farleg" denne skeive mineralbalansen er, er vi noko usikre på. I vått fôr vil noko kalium renne av i pressafta. Uansett må vi konkludere med at ein bør prøve å avgrense kaliumgjødslinga der det er mogleg/nødvendig. Dette kan ikkje gjerast på annan måte enn å redusere mengda med husdyrgjødsel, så lenge det ikkje blir brukt mineralgjødsel med kalium. Elles tilrår vi ganske konsekvent å kalke med magnesiumhaldig kalk (dolomitt), men det ser likevel ut til at magnesiuminnhaldet i fôret er og blir lågt, sjølv med bra verdiar i jorda.

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.