Reparasjon av eng etter utgang om våren

28.08.2017 (Oppdatert: 28.08.2017) ,  Dag-Arne Eide

Av og til får vi utfordringar der vi må gje råd til bønder om kva som bør gjerast ved skade på eng. Her tek vi med ei sak der raigras blei sådd inn i eng om våren. Resultatet blei vellukka.

Vi tek her med ein biletserie som syner litt om resultatet etter isåing av raigras i vår. Denne 3. års-enga var svært dårleg, utan at vi fann ut kvifor. Engareal rundt om var heilt normale og fine, men det fanst også anna dårleg eng i området. Side om side med denne enga låg ei eldre eng. Det var skarpt skilje mellom dei to, slik bileta frå 11. mai syner. Bileta er frå Byrkjelo i Gloppen kommune.

 

 

Biletet til venstre syner det skarpe skiljet mellom 3. års eng til høgre i biletet, og ei eldre, betre eng til venstre. Biletet til høgre syner nærbilete frå den dårlege enga. Vi fann nokre få stankelbeinlarvar etter å ha leita mange stader. Det kunne ikkje vere årsak til utgangen. Utgangen var jamn på heile enga, og ingen skade på naboareala på sidene. Begge engene var beita med sau hausten før.

 

 

Dette biletet er også teke 11. mai. Det blei då tilrådd isåing av raigras ved hjelp av Einbøck direktesåmaskin, som kunne leigast lokalt. Brukaren hadde nok av attlegg elles, og ville nødig pløye opp meir no. Arealet blei sådd rett etter under gode tilhøve.

 

 

Her er vi komne til 24. juni. 1. slått blei teken 15. juni både på raigraset og på enga til venstre. Biletet syner tydleg kor kjapt raigraset kjem i gang etter slått. Vi har dessverre ikkje bilete som syner korleis det såg ut ved 1. slått.

 

 

Gjenveksten er i gang på begge engareala, og vi er komne til 8. juli.

 

 

Det er 20. juli og det nærmar seg 2. slått på raigrasarealet. Det blei slege dagen etterpå, fredag 21. juli, og pakka i rundballar søndag 23. juli, dagen før storflaumen i Nordfjord kom.

 

 

Den 11. august er 2. slått nettopp hausta på enga utan raigras til venstre. Til høgre står raigraset fint, på dagen 3 veker etter 2. slått.

 

Vi har ikkje opplysningar om gjødsling og avlingsmengde på desse to areala. Arealet med raigras blir hausta 3 gongar, kanskje 4. Det blir sauebeiting utover hausten i tillegg. Neste år blir det sannsynlegvis fornya på tradisjonell måte.