Regelverk

05.06.2019 (Oppdatert: 05.06.2019) Marit Henjum Halsnes

For lagring av rundballar gjeld § 21 i forskrift om gjødselsvarer mv. av organisk opphav. Ny forskrift er under utarbeiding. For tekniske retningslinjer gjeld framleis praktiseringsrundskriv frå 1992, som vart stadfesta på nytt i 1994.

I praktiseringsrundskrivet er det gitt fylgjande tilvisingar for lagring og disponering av rundballar, med tanke på at val av lagerplass som kan redusera potensialet for ureining:

1. Rundballar bør helst lagrast på ugrøfta mark med god naturleg drenering. Terrenget bør vera mest mogeleg flatt og minimum 50 m (helst 100 m) frå bekk, kanal, kum på lukka røyr eller veggrøft. På jord med dårleg naturleg drenering må ikkje rundballar ligga med helling til vassdrag.

2. Lagring på grøfta mark eller inn til bygningar der pressaft kan renna til drenering må ein unngå. Dette kan føra til både ureining og fare for gjengroing av drensrøyr.

3. Rundballar må ikkje opnast på stader der det kan føra til ureining. Rundballar bør i tillegg plasserast slik at dei ikkje verkar skjemmande på kulturlandskapet. Saman med desse tilvisingane er det grunn til å minne om at det er eigar/brukar som er ansvarleg for at forskrifta om silopressaft vert fylgt slik at det ikkje oppstår ureining, jamfør §§ 5 og 6 i forskrifta.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar lagring av rundballar. Dette er ein av artiklane i heftet.

Heile heftet finn du her: Lagring av rundballar. Gode løysingar for gardbrukar og miljø.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.