Pløying, harving og tromling

02.04.2019 (Oppdatert: 08.04.2019)

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Vi delte inn i 4 hovudmetodar for fornying, rangert frå tradisjonell fornying med plog til direktesåing i eng utan brakking. Dette er den fyrste av fire artiklar.

3-skjers vendeplog. Her frå ein markdag i jordarbeiding i Myklebustdalen, Gloppen i 2014.

NÅR ER DET RETT Å PLØYE?

Når jorda er eigna for pløying, og tida tillet full jordarbeiding, gir dette beste grunnlaget for å få eit godt attlegg. Husdyrgjødsel og kalk kan pløyast ned i jorda saman med gamal grastorv. Det gir godt grunnlag for rotutviklinga for nysådd gras. Ugraskampen i attlegget har fått ein god start. Har enga mykje rotugras, bør det brakkast før pløying. Best er haustbrakking og pløying om våren.

 

KORLEIS FÅ EI GOD PLØGSLE?

På nettet finst det gode tips. (Søk: veien til bedre pløying). Innstilling av plogen har tre hovudmoment:

1. Traktoren må passe saman med plogen
2. Plogen må ha slitedelar i god stand og med rett stilling
3. Plogen må finjusterast slik at han går rett i jorda og legg jamne fòrer

Det er ikkje avgjerande om dekket får plass i tomfòra. Breie dekk er ein fordel sjølv om dekket set spor i pløgsla.

Jordarbeiding etter pløyinga er nødvendig for å få eit godt planert og høveleg komprimert såbed. Fuktig jord og dekk med høgt lufttrykk vil med få køyringar gje pakkingsskadar på jorda som motverkar effekten plogen har på å løyse jorda. Lufttrykket i dekka bør vere 0,5 – 0,8 bar.

 

SLODD

Slodden er beste reiskapen for å jamne ut overflata utan å rive opp stein og nedpløgd torv. Ein god slodd har tre tverrbrannar og vil automatisk flytte jord frå kular og legge att jord i dumpar. Best resultat blir det om slodden blir køyrd skrått i same retning som plogryggane ligg. Vil ein flytte jord meir bevisst, er det enkelt med senking og heving av slodden med trekkstengene. Slodden kan lage såbed utan hjelp av anna reiskap, men ofte er ei harv god til å blande inn husdyrgjødsel og kalk i overflata. Om det er rett å ha ut husdyrgjødsel på dette tidspunktet må vurderast mot kor blaut jorda er, og kor gode vermeldingar ein har å lite på. Det viktigaste blir å få sådd til området før ny nedbør kjem.

 

STEINRIVE

Steinrive er eit ”nødvendig onde”. Er det for mykje stein må noko fjernast. Steinriva er effektiv til å samle stein i rankar. Ein viss planeringseffekt vil køyringa ha, men skaden på aggregatstrukturen i jorda er negativ. Kort sagt blir jorda knust og dermed mindre luftig og drenerande etter ein aksjon med steinrive. Skånsam køyring er viktig.

Fint attlegg frå Innvik i Stryn kommune. 1. juni 2017.

FRES

Fres med stiv aksel er lite eigna etter pløying. Fresen knuser jorda og lagar ein sole mellom fresa jord og undergrunn. Han kan brukast der plogen ikkje er aktuell. Døme er små og tronge plassar, område med mykje trerøter, grunne steingrøfter osb. Elles er fresen mest ein reiskap for hagebruket.

 

HARV

I dag er den vanlegaste harva ei såkalla s-tindharv. Denne arbeider fint i steinrik jord og kan arbeide djupt i jorda når det er ønskjeleg. Grunn harving er godt nok til etablering av attlegg.

Fjørharva (c-tind) kan godt brukast. Ho har breie tindar som planerer godt, men vil rive opp stein ettersom ho løftar seg når ho møter motstand.

Skålharv med skåler på ein stiv aksel kan gjere ein grei jobb, men dersom det er stein i jorda, vil denne harva få uroleg gange i jorda og ho vil planere dårleg. Nyetypen skålharv med enkeltvis fjørande skåler er derimot eit dugande godt reiskap både på steinrik og steinfri jord. Litt soledannande vil ho vere ettersom ho høvlar jorda på ei fast djupne, men ho vender og planerer jorda godt. Til å blande inn kalk og gjødsel er ho framifrå. Med sloddetindar fremst, vil planeringsevna vere bortimot jamgod med slodd. Kapasiteten er høg om traktoren har nok krefter og arealet tillet god fart. Ca 12 km/t er gunstig arbeidstempo og 40 hk pr. meter arbeidsbreidde er nødvendig traktorkraft. Skålharv av denne typen kan godt brukast på brakka eng utan pløying først.

Horisontalroterande harv (Horisontalrotavator). Denne reiskapen er god på steinrik jord. Etter pløying kan stein bankast ned i jorda igjen og seige torver vil bli sundrivne og blanda inn i jorda. Planeringseffekten er god, men flytting av jord er denne ikkje eigna til. Harva vil vere god til å blande gjødsel og kalk inn i jorda. Kapasiteten er betydeleg lågare enn med skålharv, men på tronge plassar og i bakkar vil denne harva gjere ein god jobb der skålharva ikkje duger. Denne harva er best eigna for snuing av brakka eng utan pløying.

Trommel med hydraulisk slåddeplanke blir også brukt til jamning av pløgsla. Denne kan erstatte harva og slodden. Sjå eigen artikkel om ”Crosskiller” side 18.

 

SÅMASKIN

Såmaskiner for grasfrø kan godt vere enkle i utforming. Å breiså frøet på overflata er gunstig med tanke på ugraskamp. Det blir då lite ledig areal for ugrasfrø som ikkje toler konkurranse og skugge. Ei lett nedmolding av frøet med etterharv (pass på å unngå for djup nedmolding!) eller god trommel er gunstig. Såmaskin med labbar som legg frøet i jorda har sin fordel på tørr og tørkeutsett jord. Det blir sikrare spireråme og raskare etablering så lenge frøet ikkje hamnar for djupt.

Såmaskiner med sårør som legg frøet i striper oppå bakken er gode i sidehelling og når det bles. Det bør vere såpass avstand frå røra til bakken at frøet blir spreidd over heile arealet. Ei eller anna form for spreiar under røra kan verke positivt.

 

TROMMEL

Trommel kan brukast før såing på laus jord som ei sikring mot at frøet kjem for djupt. Elles er trommel god til grunn nedmolding av overflatespreidd grasfrø. Ein tung trommel med stor diameter vil rulle skånsamt på planert jordoverflate. I tillegg vil han legge stor last på stein som stikk opp og vil løfte trommelen. Det er slik sett eit paradoks at samstundes som vi har fokus på lett reiskap og lite lufttrykk i dekk, så er det rett å peike på at ein god trommel skal vere tung for å gjere ein god jobb med stein.

 

FORDELAR

  • Snur ned gamal torv og ugras
  • Blandar kalk og husdyrgjødsel godt i jorda
  • Får finplanert og eventuelt justert terrenget
  • Gjev godt såbed og god etablering av attlegg

ULEMPER

  • Mykje arbeid som krev godt ver
  • Mykje reiskap i bruk
  • Ekstra arbeid med stein
  • Risiko for skade på steingrøfter
  • Høg kostnad

 

FAKTA

Dekarkostnad med sjølvkost for reiskap og tid er ca. 1200 -1500 kr per dekar.

 

FORFATTARAR:
Sverre Heggset (Landbruk Nordvest)
og Arve Arstein (NLR Vest)

Dette er ein av fire i ein artikkelserie om fornying av eng. Her finn du dei andre artiklane i same serie:

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.