Plantevernjournal for deg!

23.05.2018 , Mari Aker

Søkjer du om produksjonstilskot må du føre journal når du sprøyter. Korleis denne skal sjå ut er det ingen fasit på, men det finst krav for kva som skal dokumenterast.

I følge plantemiddelforskrifta er det tre krav til journalføring som til saman er plantevernjournalen:

  1. Sprøytejournal (namn på plantevernmiddel, tidspunkt, dose, område, vekst)
  2. Journal for vern av vassmiljø (buffersoner til overflatevatn, drikkevasskjelder, tiltak for å avgrense skade)
  3. Journal for integrert plantevern (grunngje val av middel i samanlikning med andre middel og andre metodar. Vise til overvaking av skadegjerar i forkant)

Plantevernjournalen skal dokumentere kva for tiltak du har gjennomført og kva du har sprøyta med. Opplysningane skal lagrast i minst 3 år. Om du leiger sprøyting, og andre fører journalen, er det krav om at du må oppbevare denne på garden. Det står i forskrift om produksjonstilskot at føretaket skal ha journalen tilgjengeleg.

Plantevernjournal som høver for deg

"E da noken so passa før meg?" syng Salhusvinskvetten. Her får du presentert ein del plantevernjournalar – og vi håpar du finn ein som passa fø' deg!

 

Bill.merk. Eg skriv helst med kulepenn og blyant

  • Skriv ut journal for utfylling for hand HER

Bill.merk. Eg vil helst lagre ein versjon i word som eg kan fylle ut på PC

Bill.merk. Eg vil føre sprøytingane inn i ein tabell i Excel

  • Gå inn på heimesida til Matmerk. Sjå siste avsnitt. NB! To arkfaner; framside og journal

Bill.merk. Eg ynskjer å føre sprøytingane inn på mobil

Bill.merk. Eg driv med frukt eller bær

  • Fruktprodusentar som leverer til fruktlager etc nyttar fruktklienten, eit dokumentasjonsverktøy, der plantevernjournal er innlemma. Nyleg vart bærklienten laga for bærprodusentar. Kontaktperson er Henrik Tellevik: 982 45 832 / henrik.tellevik@nlr.no

Bill.merk. Eg bruker 7. sans

  • Heilt topp! Fortsett med dette. Bruk gjerne ein av journalane over og kryss av for prinsippa for integrert plantevern og tiltak mot vassureining. Hugs å få med dei obligatoriske felta.


Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.