Ingeborg og Per Ravndal dreiv med mjølk og sau, men i 2017 avslutta dei mjølkeproduksjonen og satsa på ammeku attåt sau. Garden ligg 350 m.o.h. i Sundsdalen, 12 km frå Førde sentrum.

Dei ville drive med ein produksjon som dei hadde ressursar til. 210 daa slåttemark vert hausta i tårnsilo og plansilo, knapt 200 daa innmarksbeite og 18 000 daa utmarksbeite gir eit godt grunnlag for dyr med hovudproduksjonen i beitesesongen. Ingeborg er sjukepleiar og har full jobb på sjukehuset i Førde, medan Per er heime og styrer gardsdrifta. Dei har to gutar som hjelper til i drifta.

Dei sende mjølkekyrne i september 2017 og i november fekk dei 30 drektige reinrasa herefordkviger til gards. Per fortel at dei brukte litt tid på å bestemme seg for rase. Dyr som kunne utnytte den store utmarksressursen var viktig. Hereford er svært rolege dyr som er gode å handtere, noko som og var avgjerande for valet. Dei kjøpte heile buskapen hos Håkon Marius Kvæken på Løten. Det har dei aldri angra på, og i ettertid har dei kjøpt fleire dyr hos Kvæken.

Driftsopplegg

God ressursutnytting er stikkord for satsinga til Ingeborg og Per. Kalving i mars og april gir maksimal utnytting av beiteressursen garden rår over, og fôrkostnaden vert på denne måten lågast. Beiteslepp er tidleg i juni, og dei vaksne kyrne går i utmarka til midt i november. Kalvar og kviger vert sett inn på god fôring i slutten av september. Herefordkyrne er «billege i drift» etter avvenning meiner Per, så dei toler godt 5-6 veker i utmarka etter avvenning. Per er heilt klår på at dette driftsopplegget er det som gir det beste dekningsbidraget: «Det ville vore skivebom å ha haustkalving på dette bruket». Seks månader beitetid på dei vaksne kyrne gir både rimeleg fôring og lite arbeid.

Nofence

Utmarksbeitinga gjekk greitt i starten; kyrne gjekk der dei skulle. Etter kvart vart det litt styr med å hente dyr som drog over fjellet og ned i nabobygder. Dei investerte då i Nofence til alle mordyra. Ei bra stor investering, men dei er veldig fornøgde. Nytten er større kostnaden meiner Per. Heile buskapen, 90 storfe, går der dei skal gå heile tida, og dei meiner at å ha kyrne på beite til midt i november ikkje hadde vore mogeleg utan Nofence. Kyrne hentar fôr på utmarksbeite for rundt 40 000 kr på desse vekene seint på hausten.

Frå bås til lausdrift

Dei første tre åra med ammekyr brukte dei båsfjøsen. Raskt forstod dei att om dei skulle drive med ammekyrne og utvikle drifta vidare, ja, så måtte dei bygge ny fjøs. Ingeborg og Per tok kontakt med oss i NLR Vest, og saman med oss i bygg- og økonomigruppa fekk dei planlagt ein ny fjøs med 42 liggebåsar med gjødsellager under heile fjøsen. Til tross for vinter med kuldegrader i massevis gjekk dei for ein kaldfjøs. Per seier at valet var enkelt: «Det er den rimelegaste fjøsen og naturleg ventilasjon gir eit svært godt inneklima». Skit som frys på betongspalten skjer med jamne mellomrom vintertid, men dette går alt i alt meiner han. Dei opplever god trivsel og friske dyr i nyefjøsen. Kalvegøyma er samla i kvar ende av bygget, og det er enkelt å halde desse areal tørre og gode for småkalvane. I båsfjøsen hadde dei utfordringar med leddbetennelse på ein del kalvar.

Uvanleg stor eigeninnsats

Per har arbeidd som tømrar før han tok over garden, og planla å gjere mykje av byggearbeidet sjølv: Grunnarbeid, betongarbeid og trearbeid. Ein nabo, som også er tømrar, var med under heile byggeprosessen. Fjøsen kosta i direkte utlegg ca. 2,4 mill. kr. Innovasjon Norge støtta prosjektet med 1,2 mill. kr. Totalkalkyla for prosjektet i 2019 var på 4,8 mill. kr.

Sal av livdyr

Ingeborg og Per er svært fornøgde med kvaliteten på dyra dei har kjøpt hos Håkon Marius Kvæken på Løten. 11 av 30 kyr dei kjøpte hausten 2017 var stambokførte, og frå desse kyrne har dei bygt opp ein buskap som dei i dag kan selje mange livdyr frå. Dei er den einaste som sel kåra ungoksar i Sogn og Fjordane. I år har dei 12 ungoksar som fekk gode nok kåringspoeng til å gå inn i avlen, og 8 av dei er selde. Dei sel også drektige kviger og unge kyr til liv, og ungoksane som ikkje går som avlsdyr vert fôra fram til slakt 15-16 månader gamle. Sal av gode livdyr betrar dekningsbidraget og gjer at totaløkonomien i ammekusatsinga er betre enn det driftsplanen la opp til. Ingeborg og Per er flinke med husdyra, og dei som kjøper livdyr frå dei er godt fornøgde.

Nøkkelen til suksess

Per er veldig tydeleg på at valet dei gjorde om å satse på nybygg til ammekyr i staden for å satse på ny mjølkefjøs var rett. Med ammekyr, som kalvar om våren, og sau får dei nytta garden sine ressursar på ein optimal måte. Grovfôrkostnadane vert moderate. I tillegg har satsinga på reinrasa og stambokførte kyr gitt dei ei interessant drift og ekstra inntekter. Stor eigeninnsats og låg gjeld i høve nybygget er også med på å betre det økonomiske resultatet. Somrane med alle dyr i utmark og tomme fjøsar gir rom for litt ferie inn i mellom hausting og tilsyn med dyra.

Arve artikkel BV