Frisk satsing med ny fjøs

Det er lett å la seg imponere når ein møter ein ungdom på 26 år som viser fram ein flott buskap med kyr, kviger, oksar til slakt og kalvar. Sjur Skjæret paktar førebels garden av foreldra, som dreiv med mjølk til 2010. Då starta dei opp med ammekyr og i 2018 stod ny ammekufjøs med 36 liggebåsar klar.

Buskapen tel i dag 22 kyr, 8 drektige kviger, 16 kvigekalvar, 7 oksekalvar og 1 avlsokse. Mjølkefjøsen er planlagt rehabilitert i 2022, men dei fleste dyra er i lausdrift også i denne fjøsen.

Sjur og faren, Svein Olav Skjæret, er begge i fjøsen dagleg. Sterk interesse for dyrehaldet viser att i fjøsen.

20201007 170524

Limousin

Det er rasen limousin som er i fokus hos Sjur og faren. Dei starta omlegginga frå mjølk til ammeku med å inseminere NRF-kyrne med limousin i 2009. Limousin er ein fransk middels tung, intensiv rase med svært god slakteklasse. Rasen har eit sterkt flokkinstinkt som gjer at handtering av enkeltdyr kan vere krevjande.

Sjur inviterte underteikna inn i fjøsen no tidleg i oktober rett etter innsett. Han har full kontroll på enkeltdyr og stamtavle, og han gir ein god leksjon i korleis ein bør handtere dyra for å få dei spake og trygge. Eg let meg verkeleg imponere! Alle kyrne hadde han nettopp klypt medan dei stod lause på spaltegolvet.

Limousin på beite inst i Jostedalen i sommar. Finare kan det ikkje bli!

Limousin Jostedalen 2020 D

Sjur har ein klar plan for avlsarbeidet; han vil ha funksjonelle mordyr med godt lynne og lette kalvingar. Prioritet nr. 2 er tilvekst og kjøtfylde. Han synest avlsarbeidet er interessant; det er mange faktorar ein må ta omsyn til samstundes.

Sjur red
Sjur brukar mykje tid med kalvar og kyr kvar einaste dag. Dette har gitt svært rolege og trygge dyr.

Rikeleg med grovfôr

Dei haustar gras på 190 daa eng (eige og leige) på Myklemyr. Fôret vert lagra i to tårnsiloar og i rundballar, som dei leiger pressing til. Enga vert fornya jamleg, og bror Magne Olav hjelper til så sant han er heime. Med 4-skjers plog går det raskt å pløye dei fine areala på Myklemyr. Grasavlingane er store og dei har rikeleg med grovfôr.

Ammekuproduksjon med kalving i februar og mars krev store beiteressursar. Innmarksbeite har dei litt i minste laget med, så dei tilleggsfôrar med rundballar i deler av beitesesongen. Areala langs Jostedøla toler beitetrakk godt, så utefôring i rundballehekk går fint. Dei har støypt ein platting som dei reingjer med traktor og skuffe.

Lite fritid

Sjur arbeider i full stilling i Luster Energiverk. Etter kvart som fjøsen fyllest vert det nok å gjere, og fritidsproblem har han ikkje. På sikt er det eit ynskje å kunne vere meir heime, men med plan om å kjøpe garden frå foreldra trengst det kapital.