Slåtten nærmar seg og då kan det vere greitt å få ei lita påminnelse på grasvettregel nr. 8 ved å ha klart registreringsrutinar til bruk undervegs i slåttetida for årets sesong.

Det er fleire fordelar med å lage seg gode rutinar i år på avlingsregistreringar:

  1. Du får god oversikt over kva kvar teig gjer av resultat under kvar av slåttane.
  2. Registrerer ein på teignivå vil ein og vidare kunne vurdere om ein må gjer tiltak på enkelte av teigane. Til dømes yt teigen dårlegare enn forventa – finn årsaka, planlegg tiltak og eventuelt juster gjødslinga inn mot neste slått.
  3. Du får oversikt over grovfôrlageret ditt og kan tidleg planlegge eventuelle justeringar i fôrrasjon eller innkjøp.
  4. Gjev eit godt grunnlag for gjødslingsplanlegginga til neste års sesong og om gjødsling vidare i årets sesong skal korrigerast noko.
  5. Avlingsregistrering gjer det og enklare å rekne på grovfôrøkonomien.
  6. Gjer det lettare å prioritere kven av teigane som skal bli gjenlegg først vidare.


Korleis gjere avlingsregistreringa?

  1. Tel antall rundballar eller lass frå kvart skifte.
  2. Merk nokre av rundballane etter parti (t.d slåttnr. og namn) for å hugse kva parti som ligg kor til seinare.
  3. Veg nokre av rundballane, gjerne frå kvart parti om ein får til det. Ein kan gjer det på ulike måtar; nokon har vekt på frontlaster eller i rundballepressa. Det finns og enklare vekter som kan henges i stropp frå lasteren. NLR Nordvest har slike som tek inntil 1000 kg, ta kontakt om ein vil ha bistand. Merk dei ein veg i tilfelle ein skal ta fôrprøve av disse seinare.
  4. Anslå eit ca. tørrstoff eller tørk sjølv med ein gong (sjå faktaboks). Noter talla ned saman med dei andre registreringstalla.
  5. Ta fôrprøver, men vent til graset er ferdig gjæra (4-6 veker). Korriger tørrstoff og legg inn kvalitet. Kryss gjerne av for mineralanalysering og på eit par av fôrprøvane, då kan ein og vurdere gjødslingstiltaka for neste år.

Korleis finne ut tørrstoffverdien:

NLR Grasvettreglene

Grasvettreglene

NLRs grasvettregler gir deg gode råd og tips til bedre grovfôrproduksjon

Sammen finner vi gode løsninger for ditt bruk

Krevende tider krever god kunnskap. Med høye priser på gjødsel, maskiner, diesel, plast og mye annet må alt gjøres litt mer rett.

  • Justering av gjødslingsplan
  • Innstilling og bruk av sentrifugalspreder
  • Teig til teig-vurdering
  • Innstilling og bruk av slåmaskin, rive og annen redskap
  • Oppstartråd presisjonslandbruk

Vi er her for deg. Vi har kunnskapen og verktøykassa, og er alltid i nærheten.

JA, JEG VIL VITE MER OM TJENESTER INNEN GROVFÔR OG PRESISJONSLANDBRUK