Sauehald som er nesten økologisk, seier du… Ta steget!

18.07.2019 (Oppdatert: 06.08.2019) Torleif Bakke Haavik

At alt norsk sauekjøt er so å seia økologisk uansett, har me høyrt nokre gongar. Men har du nokon gong høyrt nokon som briskar seg med at skotet dei løyste, nesten trefte hjorten? Nei.

Illustrasjonsfoto. Foto: Dag-Arne Eide.

Vestlandet er særs godt eigna for sauehald. Tidleg vår på kysten og i fjordstrok, gjev ein god start på den viktigaste sesongen i saueåret; vårbeitinga. Her vert grunnlaget lagd for resten av beitesesongen. I indre strok er våren noko seinare i siget, men vert raskt etterfølgd av gode fjellbeite. Kort sagt er Vestlandet ideelt for sauehald over heile fjøla.

Norske sauer treng ikkje slita for føda på vinterstid. Dei ligg pal i ro i gardane sine og tygg på silo, høy og kraftfôr. Det er ikkje noko krav til korkje minsteareal per sau eller golvtype. Ei gjennomsnittleg norsk søye har eit fôrbehov på kring ein FEm per døgn på vinterstid. Det er inga avgrensing i kor mykje av dette som vert dekka av kraftfôr. Gardbrukaren lyt dermed sjølv vurdera kva som er forsvarleg oppstalling og diett for dyra.  

Lamma vert nær sagd fødde i fjøsdøra på vegen ut til vårbeite. Likevel står gjerne sau med lam inne i ei til tre veker. På denne tida kan ei søye med tre lam rekka å leggja i seg 10-40 kraftfôr, alt etter som. Vårbeite vert ofte gjødsla med mineralgjødsel, og ev. møk. Beiteslepp på utmarksbeite skjer frå  tidlegast i slutten av mai, til midten av juni somme stadar.

I løpet av sumaren vert innmarksareal gjødsla med mineralgjødsel og hausta til vinterfôr som skal berga saueliva fram til vårbeiteslepp året etter. 

I midten av september er det tid for å henta søyer og velberga lam heim frå utmarksbeite. Nokre lam vert sende direkte til slakt, utan å fordøya eit gram med korkje gjødsla beitegras eller kraftfôr. Desse lamma er vel nesten økologiske? Andre lam går på intensiv sluttfôring på sprenggjødsla heimabø, med nasen i kraftfôrautomaten halve dagen. Ikkje alle lam er like økologiske som me likar å tru.

Å vera nesten framme, er dårleg utteljing for alt slitet som vert lagd ned i å produsera eit bra produkt. Ta steget, legg om til økologisk sauehald og få den anerkjenninga du fortener. 

 

Økologisk sauehald

I økologisk sauehald er det eit krav at sauer har minimum 1,5 m2 liggeareal i innefôringsperioden. I tillegg skal nyfødde lam ha 0,35 m2 fram til beiteslepp. Halvparten av arealet skal vera fast dekkje. Det er òg eit krav at fjøset har "tilstrekkeleg" med dagslys.

Alt grovfôr til økologiske sauer skal vera økologisk. Kraftfôr (økologisk godkjent) kan utgjera maksimalt 40 % av fôrtrongen om vinteren. I tida etter lamming kan kraftfôrandelen utgjera inntil 50 % av fôrtrongen.

Veterinærbehandling er tillate på lik line med konvensjonelt dyrehald. Det er òg tillate å nytta førebyggjande medisinering mot innvortes og utvortes parasittar i økologisk dyrehald. Felles for all medisinering er at tilbakehaldingstida er dobbel for økologisk dyrehald. 

I økologisk plantedyrking er det ikkje tillate (med få unntak) å nytta kjemiske plantevernmiddel. Det er heller ikkje lov å gjødsla med lettløyselege næringsemne med uorganisk opphav (mineralgjødsel). Det er derimot tillate å nytta husdyrgjødsel frå konvensjonelt dyrehald, og ei rekkje andre godkjende typar organisk handelsgjødsel og kalk. Det skal nytast økologiske såvarer.

 

DEBIO

I Noreg er det DEBIO som forvaltar retningslinene for økologisk landbruk, som er fastsett av Mattilsynet. DEBIO har rutinar for gjennomgang av drifta ved oppstart av økologisk jordbruksverksemd, og kontrollerer i tillegg årleg at regelverket vert følgd. DEBIO handsamar søknadar om dispensasjonar frå regelverket.

Når ei jordbruksverksemd er DEBIO-godkjent, gjev dette deg rett til å nytta DEBIO-merket til å marknadsføra dine jordbruksprodukt. 

 

Omleggingstid

Omleggingstida (karenstida) til godkjend økologisk planteproduksjon er 24 månadar, og karenstida startar når verksemda vert meldt inn i DEBIO. Dersom det kan dokumenterst at det ikkje er nytta kunstgjødsel eller plantevernmiddel i tida før omlegginga starta, kan karensstarten verta tilbakeskriven i tid.

Det er tillate å nytta 100 % grovfôr frå 2. karensår til eige sauehald. For dyra er karenstida 6 månader. Ergo betyr dette at omleggingstida for sauehald er minimum 18 månader totalt for drifta. 

 

Hus til økosau

I praksis kan kravet til fast liggeareal løysast på mange vis. Liggjeareal med fast dekkje kan anten vera innomhus, eller ute under tak med minst tre vindtette veggar.

Gardar med heildekkjande talle løyser problemet i ein fei, og bør særleg vurderast ved nybygg av sauefjøs. Mangel på eigna strømateriell og utfordringar knytt til klauvslitasje og handtering og utnytting av tallegjødsel på eng, gjer at talle likevel ikkje treng vera den beste løysinga for økologisk sauehald på Vestlandet.

For fjøs med drenerande golv (strekkmetall/andre rister) og eit godt etablert opplegg for gjødselhandtering, kan parti med fast liggeareal på langs av gardar (sokalla liggepall) kan vera ei god løysing. Ulempa er at liggearealet treng dagleg reinhald (kosting og strøing) og at det faste liggearealet "et opp" viktig areal inne i sauefjøset.

Ulike kombinasjonar av drenerande golv og talle vil i mange høve gje den beste løysinga ved ombygging av eksisterande fjøs. Eit opplegg med separat eteavdeling på drenerande golv med optimal klauvslitasje, i kombinasjon med talleavdeling inne eller ute under tak, vil kunna gje eit tenleg dyrehald. Tildeling av grovfôr ved appetitt og kraftfôrautomat gjev nye moglegheiter for bruk av storbinge med eiga talleavdeling.

 

Økologisk grovfôrdyrking

Intensiv grovfôrdyrking treng tilsvarande intensiv gjødsling. I økologisk sauehald er det avgrensa kor mykje husdyrgjødsel som er tilgjengeleg per daa på gardsbruket. Gardsbruk som i utgangspunktet har intensiv grovfôrproduksjon og god jordkultur, vil ikkje kunna oppretthalda dagens avlingsnivå, med mindre det vert nytta store mengder husdyrgjødsel frå andre produksjonar på garden, eller at det vert henta inn organisk gjødsel utanfrå garden.

For bruk som frå før har eldre eng med låg pH og elles dårleg jordkultur, kan avlingsnivået oppretthaldast, og i mange tilfelle aukast ved omlegging til økologisk drift, gjennom å ta grep for å betra jordkulturen.

Det er med andre ord ikkje noko eintydig svar på korleis avlingsnivået vil utvikla seg ved omlegging til økologisk jordbruksdrift.

 

Økonomi

Det vert gjeve tilskot til økologisk landbruksdrift. Tilskota kjem i tillegg til dei ordinære tilskota. For areal i 1. års karens vert det i 2019 gjeve 150 kroner per daa for alt areal (dyrka mark + innmarksbeite). For areal etter 1. års karens vert det gjeve 25 kroner per daa.

For økologisk sau er satsen 447 kroner per vinterfôra sau.

Meirprisen for økologisk sauekjøt er forsvinnande liten, og utgjer i mange tilfelle berre 50 øre per kilo. Det vert derimot gjeve 50 kroner ekstra i per økologisk lammeslakt i kvalitetstillegg.

I ei gransking som nyleg vart gjennomført av AgriAnalyse, oppgjev 38 % av dei konvensjonelle gardbrukarane økonomi som ein av hovudgrunnane til at dei ikkje vil leggja om til økologisk landbruk. I den same granskinga svarte 27 % av dei som driv økologisk at økonomien vart betra etter omlegging, medan 33 % hadde same inntektsgrunnlag som før dei la om. Berre 17 % gjev opp at økonomien er svekka etter omlegging (23 % veit ikkje).

Det er vanskeleg å spå korleis økonomien generelt vil utvikla seg etter omlegging til økologisk landbruk. Ei driftsgjennomgang for ditt bruk vil derimot kunne gje ein god peikepinn.       

NLR Vest hjelper deg

Norsk landbruksrådgiving Vest tilbyr fleire rådgjevingstenester innan økologisk landbruk. Rådgjevingspakkane er felles for heile landet, og er støtta i ulik grad av statlege midlar.

 

NLR Økologisk Førsteråd: Er du interessert i økologisk landbruk, men veit ikkje om du har dei rette føresetnadene på garden for omlegging? NLR Vest tilbyr gratis Økologisk Førsteråd. Tilbodet inkluderer eit gardsbesøk med vurdering av moglegheita for omlegging til økologisk drift. Skriftleg tilbakemelding og tilbod om oppfølging. Tilbodet er gratis og uforpliktande. Er du interessert, ta kontakt med ein av økorådgjeverane våre.

 

NLR Økologisk Økoplan er eit tilbod om utarbeiding av ein driftsplan for dei som har bestemt seg for å legge om til økologisk drift.

 

NLR Økologisk Rådgivingsavtale er eit tilbod til dei brukarane som har lagt om, og omfattar 5-10 timar rådgjeving om t.d. omleggingsproblematikk, bygningsplanlegging, småskalaforedling osb. Eigenbetaling kr 250,- pr time.

 

NLR Vest tilbyr Økologisk grupperåd som eit tilbod til produsentar som ønskjer ei fagleg produsentsamling med erfaringsutveksling, rådgjeving og sosialt samvær omkring økologisk produksjon. Tema på ei slik samling kan vere planteproduksjon, produksjonsbygg, økonomi, husdyrproduksjon eller andre dagsaktuelle tema. Er dette av interesse, ta kontakt med ein av rådgjevarane våre.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.