OBS! OBS! GASSFARE!

24.04.2018 , Kolbjørn Taklo

Opprøring av blautgjødsel kan vere helsefarleg for både folk og dyr! Ved opprøringa frigjer du giftige gassar som kan vere livsfarlege å puste inn. Varsam omrøring i starten og god lufting kan vere avgjerande for å redde liv! Har du vurdert risiko og sikra deg godt nok?

Opningar og luker må sikrast. Foto: Kristine Folland

Det er hektiske dagar og fulle gjødsellager, og for mange hastar det med å få ut møk. Stort sett går opprøring og utkøyring bra og utan uhell, men det kan veldig lett gå gale. Gjødselgass er lumske greier, og låge konsentrasjonar kan fort bli høge og skadelege dersom forholda vert endra. Har du ope samband til kjellar eller nedsenka tappegroper, så er det viktig at du går gjennom arbeidet og vurderer risiko før du startar: Er røreutstyret i orden? Ny rørepumpe? Er vèrforholda gunstige? Er gasslåsa fylte og tette? God gjennomlufting i driftsbygning? Av og til skal det veldig små endringar til før ein bikkar til den galne sida, difor er det viktig å ha litt å gå på. Er du usikker, så finst det måleutstyr for gassane i handelen.

Viktige tiltak for at det skal gå bra :

  • Unngå røring eller tapping i tungt, stille vêr
  • Rør varsamt over tid, unngå å bryte for mykje av skorpa tidleg
  • Luft maksimalt i husdyrrom ved opprøring, lat opp glas og dører, blås gjerne inn med silovifta
  • Steng av og merk område der det kan vere gassfare ved røring, bruk skilt og sperreband
  • Vurder risiko og gjer tiltak før du startar opprøring/tapping (SJA)
  • Gå aldri inn i husdyrrom ved mistanke om gass før det er skikkeleg lufta, og du har nokon med deg
  • Stå aldri nær rørekum eller tappeopning. Hald andre borte
  • Friskluftsutstyr må nyttast dersom du skal inn i gjødselkjellar eller tankvogn
  • Viss mogleg, lat ut dyra før du rører der det er ope samband mellom fjøs og kjellar
  • Ver merksam på veltefare ved transport av flytande masse i tankvogn, hugs setebelte
  • Pass på at luker i kummar er forsvarleg sikra, også under opprøring

Farlege gassar:

Hydrogensulfid, ammoniakk, metan og karbondioksid er dei gassane ein må vere mest merksam på. Felles for gassane:

 

  • Giftige for menneske eller dyr
  • Fortrenger oksygen, med kveling som resultat
  • Eksplosive i høge konsentrasjonar

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.