Nybrotne landbruksandelar med Vestlansmodell

15.07.2019 (Oppdatert: 15.07.2019) Torleif Bakke Haavik

Det å ha "fleire bein å stå på", har i alle tider vore kjenneteiknet til robust og berekraftig landbruksverksemd. Andelslandbruk er no i ferd med å gje omgrepet ei meir bokstaveleg tyding.

Mangalitsasvin (ullgris) i fri utfalding på Fitjar, Hordaland. Foto: Sigrid Fangel.

Det å ha partar i ei verksemd er ikkje eit ukjent fenomen i forretningsverda. Gjennom aksjeselskap delar aksjonærar risiko; og i mange tilfelle gevinst. Sjølv om likskapen kan verka slåande, er andelslandbruk tvert om ein motreaksjon på at storskala landbruksdrift og globalisering skapar stadig større avstand mellom dei hendene som grev i jorda og dei som dyttar maten inn i munnen. Ideelt sett burde dei vore festa til den same armen. 

Den grunnleggjande ideen om andelslandbruk er å minska avstanden frå jord til tanngard, gjennom å inkludera konsumenten i jordbruksverksemda. Den praktiske løysinga er at folk med interesse for jordbruk, betalar på føreskot for ein gitt part (andel) av ein produksjonssesong. Partshavaren får soleis rett på sin part av avlinga det året, og får høve til praktisk medverknad i jordbruksdrifta. 

Ei slik organisering av landbruksdrifta bidreg til: tette band mellom konsument og bonde (konsumenten vert på sett og vis sin eigen produsent), og ein økonomisk garanti for gardbrukar, som får same inntekt uavhengig av sesongvariasjonar.                  

Kringom i verda er det sidan 1960-talet etablert ulike former for andelslandbruk. I USA har konseptet Community Supported Agriculture  (CSA) hatt stor oppslutnad, og mange har sett den vegen etter inspirasjon. I Noreg vart det første andelsbruket etablert i 2006. 

Økologisk Norge har lenge arbeidd med igangsetjing av andelslandbruk, og utforming av ein felles standard for andelslandbruk. Det er i Noreg brei semje om fem grunnprinsipp for andelslandbruk, som er forankra i europeiske prinsipp:

  • Dialog om landbruksdriften
  • Gjennomsiktig økonomi
  • Delt avling, delt risiko
  • Involvering av andelshaverene
  • Berekraftig landbruksdrift

Det er i dag registrert kring 80 andelsbruk i Noreg. Berre 4 av desse er lokalisert på Vestlandet. Ei forklaring på dette er at konseptet andelslandbruk har vore sterkt knytt til eittårige åkerproduksjonar, og i mindre grad til husdyrhald og fleirårige planteproduksjonar. 

 

Kikkstart for Vestlandmodell

Styresmaktene ynskjer å satsa på andelslandbruk på Vestlandet.

Fylkesmannen i Vestland har sett som mål å ha 10 etablerte andelsbruk i fylket innan to år.

Norsk Landbruksrådgiving Vest, v/prosjektleiar Ester Helland, har fått prosjektstøtte frå Fylkesmannen i Vestland og Hordaland fylkeskommune til å utvikla ein modell som legg til rette for andelslandbruk med produksjonar som allereie er etablerte på Vestlandet. Gjennom satsing på Vestlandsmodellen er målet å få etablert 6 andelsbruk med ulike produksjonsformer. Det er til no rekruttert kandidatar innan produksjonane: sauehald, ammeku, ullgris, ved, frukt, bær og andre fleirårige kulturar. I fleire tilfelle vil det vere kombinasjonar av ulike produksjonar.  

Deltakarane i andelsbruka som er ein del av Vestlandmodellen, får høve til å medverka i ulike sider av landbruksdrifta gjennom praktisk deltaking i ulike aktivitetar gjennom året. Det kan dreia seg om alt frå saueklypping til  beskjering av frukttre. Dette er ein unik moglegheit for jordbruksinteresserte som ikkje har noko direkte tilknyting til landbruket. Aktivitetane vert samstundes ein viktig sosial møtestad for folk med landbruksinteresse. Det skal også vera mogleg å minimera den praktiske deltakinga, gjennom å betala ein høgare pris per andel.

Utfordringa med å nytta andelslandbrukskonseptet i desse produksjonane er mellom anna knytt til: fordeling av avdrått til partshavarane i husdyrproduksjonar, og synleggjering av langsiktige driftskostnadar knytt til produktet. 

Prosjektet vil danna eit erfaringsgrunnlag for om det er liv laga å overføra prinsippa frå åkerproduksjonar til produksjonar med mindre gjennomsiktig driftsøkonomi. 

 

Økologien i andelslandbruket

Prinsippet om berekraftig landbruksdrift (for folkehelse, dyrevelferd, natur og livsgrunnlag) er djupt nedpløgd i både andelslandbruk og økologisk landbruk. Det vert like fult ikkje kravd at jordbruksdrifta i andelslandbruk skal vera DEBIO-sertifisert.

I praksis vert i følgje Økologisk Norge, dei aller fleste andelsbruka driven etter økologiske prinsipp. Forklaringa på dette er sterkt knytt til at forbrukarane som søkjer mot denne samarbeidsforma har klare forventningar til at maten vert produsert utan bruk kjemiske sprøytemiddel eller lettløyseleg mineralgjødsel. Det er derimot ikkje alle som er like opptekne av at maten oppfyller heile standarden for økologisk produksjon.      

Ideen om lokal forankring, kort næringskjede med god kommunikasjon og gode økonomiske vilkår for alle partar, gir også god klang mellom økologisk landbruk og andelslandbruk. I prinsippet kan mange hender som arbeider i eit småskala system, gje heilt optimale vilkår for å oppfylla retningslinene i økologisk landbruksdrift. 

Når det gjeld val av dyrkingskultur, kan det i eit andelslandbruk oppstå ei interessekonflikt mellom dei kulturane partshavarane ynskjer å satsa på, og det som er optimalt for økologisk dyrking.

Nokre skilnadar skal det jo vera; absolutt samklang gjev som kjent heller inga utvikling…



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.