Når skal me hausta epla?

14.11.2017 (Oppdatert: 14.11.2017)

Riktig modningsgrad ved hausting er ein av dei viktigaste faktorane for å sikra lagringsevne og kvalitet på frukta som kjem i butikkane. Men korleis bestemmer ein når haustinga skal byrja? Vurderingar av farge og smak er viktige, men vil ofte vera subjektive og vanskelege å nytta som grunnlag for standardiserte tilrådingar. Meir objektive målingar er difor naudsynte. NLR Vest utfører haustetidsvurdering til god hjelp for fruktdyrkarane.

Stivenedbrytinga kan koma langt på ei veke. Her ‘Raud Aroma’ hausten 2016.

Eple og pærer er såkalla klimakteriske frukter. Det vil seie at respirasjonen og produksjonen av modningshormonet etylen set fart mot slutten av utviklinga, og med det omdanninga av stive til sukker.

For å sikra at frukta ikkje berre er god å eta rett frå trea, men også har lagringsevne til å tola opptil fleire månader på kjølelager, transport og omsetnad gjennom butikk, kan ikkje modningsprosessane vera komne for langt ved hausting. Ideelt sett bør epla haustast heilt i starten på klimakteriet. Ettermodning, men nedbryting av stive til sukker vil halda fram etter hausting, men kan då bremsast med kjølelagring og redusert oksygeninnhald på lager.

 

Figur 1. Skjematisk framstilling av korleis andinga utviklar seg i eple og pærer (Kvåle, A. Fruktdyrking, 1995)

 

Målingane som vert nytta i dag for å fastsetja haustetidspunkt, er sukkerinnhald (Brix, målt med refraktometer), trykkfastleik (Målt med penetrometer) og stivenedbryting (Målt med den såkalla jodtesten). Dette er alle målingar som fortel om kvaliteten og utviklingsstadiet på frukta.

Eit refraktometer viser sukkerinnhaldet ved å måla ljosbrytinga gjennom ein drope med fruktsaft, medan eit penetrometer viser motstanden i kg/cm2 når eit stempel vert pressa inn i fruktkjøtet.

Jodtesten vert utført ved at eit halvt eple vert dyppa i ei løysing av jod og kaliumjodid som reagerer med stiven i eplet og gjev ein blåsvart farge. I eit umodent eple vil snittflata verta heilt svart, medan 

eit overmodent eple, der alle stivereservane er brotne ned, vil ha ei heilt kvit snittflate. For å vurdera kor langt stivenedbrytinga er komen, vert det nytta ein skala frå 1-10 der 1 representerer ei heilt svart snittflate, og 10 ei heilt kvit.

Etter kvart som frukta modnar, vil sukkerinnhaldet stiga saman med at stiven vert broten ned, medan fastleiken går ned.

 

Korleis kan målingane nyttast?

Det har vore gjennomført fleire prosjekt for å fastsetja optimalverdiar for våre eple- og pæresortar. For sukkerinnhald (brix) har det lenge vore fastsette minimumsverdiar, og dei seinare åra har omsetnaden også byrja å setja minstekrav til trykkfastleik. Likevel kan det vera farleg å nytta desse målingane som basis for haustetidspunkt åleine. Eit eple vil gjerne nå minimumsverdien for sukkerinnhald ei god stund før det er haustande. Trykkfastleiken kan ved nokre høve halda seg over minimumsverdien, sjølv om stivereservane er nesten heilt nedbrotne.

For å få eit enkelt mål på utviklinga der ein tek omsyn til alle tre faktorane, har det vore vanleg å nytta den såkalla Streif-indeksen, utvikla av forskaren Josef Streif ved Kompetenzzentrum für Obstbau-Bodensee i Tyskland (Figur 2).

 

Figur 2. Streif-indeksen gjev eit mål for modningsstadiet til epla.

 

Streif-indeks =             trykkfastleik   

ref.verdi (brix) x stive (1-10) , der 1 = snittflata er heilt blåsvart og 10 = heilt kvit

 

Fruktrådgjevarane i Sogn og Fjordane gjennomførte på 90-talet eit større prosjekt i samarbeid med dåverande Planteforsk og FMLA Sogn og Fjordane for å fastsetja optimal Streif-verdi for våre sortar. Seinare arbeid i samarbeid mellom NLR og Gartnerhallen har vist at Streif-indeksen likevel ikkje høver like godt til alle sortar. Sjølv om han til dømes i ‘Discovery’ gjev eit godt bilete av utviklinga, kan ein ofte sjå at t.d. i ‘Summerred’ kan svært faste og/eller søte eple koma godt ut, sjølv om stivenedbrytinga er komen så langt at lagringsevna er dårleg. Då hjelper det lite at fastleiken er god ved hausting.

Jodtesten er såleis den målinga som fortel mest om utviklingsstadiet til frukta, medan refraktometer- og trykkfastleiksmålingane fortel meir om kvaliteten på frukta.

 

Årlege haustetidsprognosar frå NLR

Ein del dyrkarar utfører slike målingar sjølv, og dette gjev naturlegvis det mest nøyaktige målet for kor langt utviklinga er komen i eigen hage. Med mange små produsentar og små felt, vert det likevel mykje arbeid om alle skal utføra slike analysar.

Rådgjevarane i NLR Vest har difor valt ut ein del felt av dei viktigaste sortane spreidd rundt i Hardanger, Sogn og Nordfjord, der det vert hausta og analysert prøvar dei siste vekene fram mot venta haustetid. Basert på sine erfaringar for om eigne felt er tidlege eller seine i utvikling, får dyrkaren såleis eit grunnlag for sine eigne vurderingar, anten ein vel å analysera prøvar frå eigen hage, eller basera seg på fargeutvikling, smak og farge på kjernane.

 

Stivenedbrytinga kan koma langt på ei veke.  Her ‘Raud Aroma’ hausten 2016.

Frå august vert det sendt ut fruktmeldingar om utviklinga i referansehagane, og alle dyrkarar får såleis eit varsel om når dei bør byrja å fylgja ekstra godt med i eigne hagar. Fruktlagera får også eit varsel om når dei kan venta å få leveransar av dei ulike sortane.

På sikt kan ein kanskje sjå føre seg at ein kan dela inn distrikta i haustetidssoner med ulike haustevindauge etter mål frå t.d. Sør-Tyrol?

 

Ny teknologi dei nærmaste åra?

Haustetidsmålingane som vert nytta i dag har ein del avgrensingar. Prøvetakinga er ei potensiell feilkjelde, og arbeidsmengda med analysane avgrensar kor mange felt ein kan kontrollera. Sidan ein øydelegg fruktene når ein analyserer dei, får ein naturlegvis heller ikkje følgt utviklinga på dei same fruktene.

Både for dyrkarar og fruktlager hadde det vore ein stor fordel både om det fanst meir effektive metodar. Då kunne ein kontrollera fleire felt, og helst følgja utviklinga meir nøyaktig fram mot hausting.

Ein slik teknologi som er under utprøving, er DA-meter. Dette er eit apparat som nyttar måling av absorpsjon av ljos med to ulike bølgelengder (670 og 720 nm) i skalet på frukta til å kalkulera ein indeks som indirekte viser klorofyllinnhaldet i frukta. Klorofyllinnhaldet, og målingane apparatet viser, vil gå ned fram mot modning. Sjølv om apparatet ikkje måler stiveinnhald, brix og fastleik, ser ein at klorofyllindeksen korrelerer med desse faktorane.

NIBIO og NLR samarbeider om å utvikla standardar for sortane som vert dyrka i Noreg, og NLR Vest har også eit eige apparat i Hardanger. Førebels er denne teknologien under utprøving, men alle epla som vert analyserte i samband med haustetidsprognosane vert også målt med DA-meteret for å auka datagrunnlaget.

  

Rett kvalitet sikrar gjenkjøp

 

Strenge krav frå omsetnaden kan ved nokre høve vera frustrerande, men kvalitet i butikken er det viktigaste kriteriet for å sikra gjenkjøp og på sikt økonomien i fruktdyrkinga.

 

Rett haustetid er ein av dei viktigaste faktorane for å sikra at kvaliteten er på topp, og NLR Vest vil gjera sitt for å gje dyrkarane eit godt grunnlag for deira vurderingar.

 

Ta kontakt med hagebruksrådgjevarane våre. Du finn dei her.