Når løner det seg å fornye eng?

26.04.2019 (Oppdatert: 26.04.2019) Arve Arstein

Behov for meir grovfôr og betre kvalitet på grovfôret er hovudargumentet for å fornye eng. Ein føresetnad for lønsam produksjon av kjøt og mjølk frå drøvtyggarar, er tilstrekkeleg tilgang til grovfôr av høg kvalitet og låg kostnad.

Fornying av eng våren 2018, Tufta i Ølve. Brakka tidleg haust 2017. Jordarbeidd med rotorharv, tromla og sådd til med Stokkland såmaskin (skål). Sådd med Spire Vestland midt i mai. Seinare sprøyta mot frøugras. Foto: NLR Vest.

Nylege kartleggingar av grovfôrproduksjonen hos meir enn 200 mjølkeprodusentar frå ulike landsdelar, syner at høgt avlingsnivå oftast gir lågare kostnader per foreining (prosjekt ”Grovfôr 2020”).

Det er krevjande å finne enkle og eintydige svar på når fornying av eldre eng løner seg. Fleire faktorar spelar inn. Målet må vere at ved å fornye enga jamleg skal ein hauste minst 20 % større avling i eit omløp på 6-7 år. I attleggsåret kan avlingsnedgangen bli stor, men ved å planlegge godt kan ein klare å fornye den dårlegaste enga utan at avlinga i attleggsåret vert redusert. Bruk av dekkvekst kan auke avlingsnivået i attleggsåret, men kan føre til tynnare eng og lågare avling i første engår.

Små skifte, bratt areal, grunn jord, steinrik jord, grunne grøfter og ikkje minst beiteskade av hjort, vil vere faktorar som kan gi dårleg motivasjon til å fornye enga. I dette heftet har vi presentert ulike måtar å fornye enga på, også metodar som vil fungere om areala er litt vanskelege. Hjorteskade kan vere svært utfordrande. Fornuftig hjorteforvaltning, val av rett frøblanding og bruk av hjortegjerde er døme på tiltak som kan bidra til at det vert lønsamt å fornye eng på stader med mykje hjort.

 

KONKLUSJONAR

• Alder åleine er ikkje eit fullgodt mål for når det løner seg å fornye enga.
• Plantesetnaden og avlingsnivået i enga bør vere styrande for om ein skal fornye eller ikkje. Avlingsnivået kan vere høgt nok sjølv om enga er rik på kveke og anna ugras som gjev dårleg fôrkvalitet.
• Det er samanheng mellom avlingsnivå og innhald av løvetann, soleier og engsyre. Tapet er om lag 5 kg tørrstoff per dekar per prosenteining ugras.
• Eldre eng, med innhald av løvetann, soleieartar eller engsyre, har lågare innhald av fiber, og høgare innhald av råprotein. Fôrverdien kan vere god i eldre eng, avhengig av kva artar som dominerer.
• Det er stor skilnad i kostnad mellom ulike fornyingsmetodar. Det er viktig å utføre arbeidet så rimeleg som mogeleg, gitt at dette gir eit godt resultat.
• Fornyingskostnad, alternativ fôrpris og omløpstid vil avgjere kor stor meiravling ein må ha for at det skal vere lønsamt å fornye enga.
• Kostar det 1000 kr pr. daa å fornye, krevst ei større meiravling enn om det kostar 500 kr. Er verdien på grovfôret høg, trengst ein mindre avlingsauke enn om verdien på grovfôret er låg.
• Redusert jordarbeiding (1000 kr pr. daa) og fornying med plog (1500 kr pr. daa) vil krevje ei årleg meiravling på 40-70 FEm pr. daa ved eit 7-årig ømløp og alternativ fôrpris på 4 kr pr. FEm. Denne avlingsauken bør det vere kurant å oppnå på svært mykje eldre eng på Vestlandet.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Dette er ein av artiklane i heftet.

 

Heile heftet finn du her: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.