Mineralgjødselpris haust 2019

18.12.2019 (Oppdatert: 18.12.2019) Arve Arstein

Fullgjødsel har stor prisauke frå haust til vår. Det er svært lønsamt å handle Fullgjødsel om hausten, også om ein må låne desse pengane. Prisauken på Fullgjødsel siste fire åra har vore om lag som prisauken på andre varer.

Pris på mineralgjødsel i storsekk 20. august og 1. desember 2019 (kjelde: Felleskjøpet Agri).

Pris på gjødsel no

Figuren over viser pris pr. kg nitrogen for dei mest aktuelle sortane av mineralgjødsel. For Fullgjødsla har det vore ein prisauke på 6-8 % siste fire åra, medan N-gjødsla OPTI-NS har hatt same pris i haust som hausten 2015.

 

Pengar å spare på haustkjøp

Dei siste fire åra har prisauken frå september til mars vore frå 15 % til 21 %. Størst var auken sist vinter med 20,7 % i gjennomsnitt. Fullgjødsel 22-5-6, som det er stort salsvolum på, steig med over 22 % frå haust til vår for eitt år sidan. Manglande lagerplass og likviditet er vanlege argument mot å handle gjødsel om hausten. Det er fullt mogeleg å lagre gjødsel utandørs. Det er det ein god del som gjer. Yara sine tips til utandørs lagring kan du lese meir om her: Lagring av mineralgjødsel.

Manglande likviditet kostar ofte dyrt, så også når det gjeld gjødselkjøp. Dersom prisauken er så stor som nemnt over, er det god butikk i å låne pengar til gjødselkjøp i september. Dette lånet bør sjølvsagt betalast ned straks, og seinast når tilskotet kjem i februar. Driftskredittordninga i landbruket er ein kortsiktig kreditt som kan nyttast blant anna til gjødselkjøp.

 

Storsekken framleis 600 kg

Yara har hatt ein plan om å auke storsekken frå 600 til 750 kg. Dette skulle skje frå sommaren 2020. No er det avgjort at dette ikkje vert noko av. Grunnen er omsynet til logistikk. Les meir om dette på Yara si nettside: Vekt på storsekken i det norske gjødselmarkedet blir fortsatt 600 kg.

 

 

Terminprissystemet

Prisutviklinga på Fullgjødsel er nokså lik åra i mellom. Prisen er lågast i august-september og stig utover hausten og vinteren. Dette terminprissystemet skal gjere det attraktivt å handle gjødsel om hausten, slik at gjødselforhandlarane skal få unna noko av transporten før vinteren. Det sparer sjølvsagt forhandlarane for lagerplass.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.