Miljø, klima og fornying av eng

26.04.2019 (Oppdatert: 30.04.2019) Torleif Bakke Haavik

Nydyrking av myr er stempla som klimaversting. Overdriven gjødsling, dårleg drenering og jordpakking er vist slett ikkje bra. Dynamikken til organisk materiale i jord, avrenning, lystgassutslepp og energibruk er samansette prosessar. Er det råd å koma med konkrete tilrådingar?

Plogen er energikrevjande. Rett innstilling er viktig for å få til ei god pløgsle. Er pløgsla god, krevst det moderat med jordarbeiding etterpå før såbedet er klart. God pløying vil i mange høve vere med på å redusere behovet for kjemiske plantevernmiddel. Her frå ein maskindemonstrasjon i Lærdal våren 2018. Foto: NLR Vest. 1

Tap av fosfor (P) til vassvegar kan ha negative verknadar for vassmiljø. Det er difor lagt ned mykje ressursar i å avgrensa desse tapa, og forskrift om gjødslingsplan er eit tiltak i so måte. Vassforskrifta legg i tillegg føringar for kva som er forventa vasskvalitet for ulike vassmiljø.

Fosfor vert lett bunde til mineralpartiklar og humus i jorda. Jorda si evne til å binda fosfor (bufferkapasiteten) er påverka av pH, oksygentilgang og innhaldet av: aluminium, jern, kalsium og humus i jorda (Hanson mfl. 2009). Leirjord og godt omdanna organisk materiale har høg bufferkapasitet, medan nydyrka myrjord har låg bufferkapasitet. Ubalansert tilførsle av fosfor over tid vil i mange tilfelle medføra ein auke av fosfor i jordsmonnet. Fosfor kan gå tapt frå jordsmonnet i vassløyst form, som organiske partiklar eller bunde til mineralpartiklar/humus. Tapa skjer via:


•Dreneringssystem
•Overvatn
•Grunnvatn
•Erosjon

Fosfor i husdyrgjødsel er meir mobilt enn fosfor i mineralgjødsel (Hansen mfl. 2009), og er difor meir utsett for utvasking. I tillegg kan husdyrgjødsel vera utsett for avrenning ved episodar med overvatn (flaum).

Ved einsidig åkerbruk vil redusert jordarbeiding og direktesåing minska faren for erosjon, jamført med pløying. Planterestar og intakte røter er med på å armera toppjorda i tillegg til at aggregatstabiliteten er høgare ved redusert jordarbeiding (Riley 2014). I eit engomløp på 5 år eller meir, er truleg samsvaret mellom jordarbeiding og aggregatstabilitet svakare. Sterk bruk av rotorharv kan likevel redusera aggregatstabiliteten og auka faren for erosjon.

Det fremste tiltaket for å redusera erosjonsfaren ved all fornying, er å minska tidsrommet mellom såing og full plantevekst. Jordarbeiding om hausten kjem difor dårleg ut. Tidleg haustsåing med god etablering kan redusera erosjonsfaren noko.

 

ENERGIBRUK

Jordarbeiding er eit kraftkrevjande tiltak. Den aktuelle kraftkjelda er per i dag fossile brennstoff eller biodrivstoff. Pløying krev meir energi per daa enn redusert jordarbeiding og direktesåing (Tørresen mfl. 2015). Samstundes kan pløying gje høgare grasavling per daa, og soleis vega opp for den auka kraftbruken per FEm. Det er likevel ingen garanti for at pløying alltid vil gje ei betre eng og større avlingar enn ved andre fornyingsmåtar. Uavhengig av arbeidsform, kan energibruken reduserast gjennom å vera medviten kring køyremønster.

 

ORGANISK MATERIALE (OM)

Dynamikken til organisk materiale i jord er svært samansett, og varierer med klima, jordart og dyrkingsopplegg. Netto nedbryting (tap) av organisk materiale medfører utslepp av CO2, medan netto auke i organisk materiale har motsett verknad.

Ved nydyrking av myr fører oksygentilgang til ei rask nedbryting av organisk materiale. Etter ei tid vil pløyesjiktet bestå av godt omdanna organisk jord med høg ionebindingsevne som er meir motstandsdyktig mot vidare nedbryting. Tap av organisk materiale per daa og år er soleis heilt ulikt for nydyrka myrjord jamført med gamal kulturjord, sjølv om begge består av like mykje organisk materiale.

Endringa i innhaldet av organisk materiale i jord kjem i si enklaste form an på tilhøvet mellom årleg tilførsle og tap av organisk materiale. Likevekta for stabilt innhald av organisk materiale er styrt av faktorar som jordart, mengde organisk materiale, drenering, klima, dyrkingsopplegg og bruk av husdyrgjødsel. Einsidig åkerbruk utan tilførsle av husdyrgjødsel har til dømes ei lågare likevekt enn grasdyrking med tilførsle av husdyrgjødsel. For mineraljord med moderat/lågt innhald av organisk materiale har langvarige norske granskingar synt at mengda organisk materiale ikkje går ned over tid med eit vekstskifte som er dominert av engår (Uhlen 1991).

Nedgangen mot ei likevekt går raskare ved eit opphavleg høgt innhald av organisk materiale. Ein nyttig tommelfingerregel er at den årlege prosentvise nedgangen i organisk materiale ved åkerdrift er 1/10 av det opphavlege prosentinnhaldet av organisk materiale (Riley 2016). For jord med høgt innhald av organisk materiale kan grasdyrking difor likevel medføra tap av organisk materiale og dermed utslepp av CO2, jamfør avsnitt om nydyrking.

Det vart lenge anteke at redusert jordarbeiding ved åkerdrift gjev auka innhald av organisk materiale jamført med pløying. Nyare granskingar har derimot synt at pløying gjev eit høgare innhald av organisk materiale under plogsjiktet (20 cm) slik at mengda organisk materiale totalt er den same (Riley 2016).

 

LYSTGASS

Bakteriar i jorda kan danna lystgass (N2O) anten ved nitrifikasjon (aerob prosess) eller denitrifiksjon. (anaerob prosess). Denitrifikasjon aukar med auka:


• Konsentrasjon av nitrogen
• Innhald av organisk materiale
• Vassinnhald i jorda

Ved einsidig korndyrking ser det ikkje ut til at pløying kontra redusert jordarbeiding har noko effekt på lystgassutsleppa. Derimot kan pløying av eng medføra auka utslepp fordi nytt organisk materiale vert tilført til nedre del av plogsjiktet (Tørresen mfl. 2015).

Drenering, redusert jordpakking, god infiltrasjonsevne (jordstruktur) og god plantevekst er alle viktige føresetnadar for å redusera utsleppa av lystgass. Låg pH aukar faren for danning av lystgass (Tesfai 2016). Fornying av eng er i seg sjølv den beste måten å sikra god plantevekst og god utnytting av tilført nitrogen. På det nedbørsrike Vestlandet vil det vera gunstig for jordstrukturen å pløya for å unngå at toppjorda vert tett. Det er samstundes viktig for den totale infiltrasjonsevna at plogsolen ikkje vert sterkt pakka i samband med pløying.

 

KJEMISK PLANTEVERN

Bruk av kjemiske plantevernmiddel kan ha negativ verknad på fleire område. Toksiske komponentar kan føra til skade på dyr og plantar, både på land og i vatn. Drikkevasskjelder kan også verta råka og få nedsett kvalitet dersom plantevernmiddel finn vegen til t.d. grunnvatn.

Redusert jordarbeiding er sterkt kopla saman med bruk av plantevernmiddel. For å redusera bruken av slike stoff, kan pløying vera eit meir miljøvenleg alternativ.

 

LITTERATUR

Riley 2014: Hugh Riley. Grain yields and soil properties on loam soil after three decades with conservation tillage in southeast Norway. Acta Agriculturae Scandinavica, Section B — Soil & Plant Science Volume 64, 2014 - Issue 3.
Hansen mfl. 2009: Hans Christian Bruun Hansen, Ole K. Borggaard og Lisa Heiberg. Hvad ved vi om, hvordan fosfor bindes og transporteres i jorden? Plantekongres 2009 side 353-354.
Tesfai 2016: Mehreteab Tesfai. Emissions of N2O from agricultural soils and mitigation options: A review with special reference to Norwegian agriculture. NIBIO rapport 2(25) 2016.
Tørresen mfl. 2015: Kirsten Semb Tørresen, Eva Skarbøvik, Sigrun Kværnø, Marianne Bechmann, Marianne Stenrød, Ole Martin Eklo, Guro Brodal, Ingerd Skow Hofgaard, Maria Björkman, Hugh Riley, Valborg Kvakkestad, Karen Refsgaard, Trond Børresen, Peter Dörsch, Jan Stabbetorp og Einar Strand. Effekter av ulik jordarbeiding i korn. NIBIO POP vol 1 - nr. 5 - desember 2015.
Riley 2016: Hugh Riley. Betydningen av organisk materiale i jord. Faginnlegg, Gjennestad 29.11.2016.
Uhlen 1991: Gotfred Uhlen. Long-term Effects of Fertilizers, Manure, Straw and Crop Rotation on Total-N and Total-C in Soil. Acta Agriculturae Scandinavica. Volume 4 1991 – issue 2.

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Dette er ein av artiklane i heftet.

 

Heile heftet finn du her: Fornying av eng- metodar og utstyr til jordarbeiding og såing



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.