Marknadshage på Vestlandet?

21.09.2020 (Oppdatert: 21.09.2020) Lena Abel

Interessa for småskala dyrking av grønsaker for lokal omsetning har auka betydeleg i Noreg. Også på Vestlandet. Vil du vere med på kurs?

Mange nyfikne: Stor interesse for marknadshageprinsippa. Nat Mead (SJH) og Hans Gaffke (NLR) svara på spørsmål og gav tips.

I slutten av august vart det organisert nettverkskveld og markvandring i grønsaksproduksjonane på Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH). Maya Riise frå Bondens marked leia kvelden med foredrag, praktiske tips og erfaringsutveksling om marknadsarbeid. Mange av deltakarane har begynt, eller skal begynne med etablering av ein marknadshage. Prinsippa for drift av marknadshagar handlar om å dyrke intensivt med grønsaker på éin til fem dekar, med faste bed i eit vekstskifte. Grønsakene vert omsett lokalt, til dømes gjennom Bondens marked, REKO, og eigne gardsutsal. Driftsforma er spesielt tilpassa økologisk drift, men passar også til tradisjonell småskala grønsaksproduksjon.

Dag to begynte med ei markvandring i grønsaksproduksjonane på SJH. Grønsaksdyrkaren og lærar på SJH, Nat Mead, samt NLR rådgjevaren Hans Gaffke, fylte markvandringa med mange nyttige tips om grønsaksproduksjonen etter marknadshageprinsippa. Grønsaksdyrking er svært detaljkrevjande. Tilstrekkeleg lønnsemd er avgjerande for berekrafta til produksjonen.

Jordbiologi og kompost vart lagt vekt på. Foredraga framheva kor viktig god jordhelse er for ein vellukka grønsaksproduksjon. Samlinga blei avrunda med ein omvising på det profesjonelle gardskomposteringsanlegget på SJH. Kompost er ein viktig del av krinslaupet, og
ferdig kompost vert primært brukt til gjødsel og jordforbetring og i jordblandingar på gartneriet.

Marknadshagekurset i Vestland 2021
I fjor haust starta 30 deltakarar på kurset «Etablering og drift av marknadshagar» i regi av Bondens marked, NLR Økologisk og NLR Vest. Til saman dekte kurstilbodet heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av ein småskala grønsaksproduksjon, med utgangspunkt i prinsippa marknadshagedrift. I haust startar kurset på nytt: Marknadshagekurset i Vestland 2021. Kurset er ope for 30 deltakarar som vil starte opp småskala grønsaksproduksjon for sal. Denne gongen blir det to samlingar med marknadshagefokus, samt kortkurs i grønsaksdyrking med rådgjevarar frå NLR. Tredje samlinga legg vekt på å vere ei etablert verksemd innan grønsaksdyrking for lokalmatsal. Søknadsfrist er 1. november, og søknaden må innehalde ein kort skildring av kompetansen din og motivasjon for å starte med småskala grønsaksproduksjon. Det er ikkje krav om å ha gard for å delta på kurset. I slutten av oktober er det planlagt ei inspirasjonssamling på kveldstid, der ein kan treffe erfarne og nyoppstarta bønder og gartnarar som driv ein marknadshage eller småskala grønsaksproduksjon. I tillegg får ein vite meir om kurset og moglege støtteordningar frå Innovasjon Norge.

• Påmelding og informasjon om Marknadshagekurset i Vestland 2021:
https://bondensmarked.no/nyhet/marknadshagekurset-i-vestland-2021-169
• Inspirasjonsmøte om marknadshagar: 28. oktober i Bergen
• For meir informasjon, ta kontakt med:
Maya Riise, Bondens marked: 950 86 494, maya@bondensmarked.no
Frøydis Lindén, Fylkesmannen i Vestland: 55 57 21 86, fmhofli@fylkesmannen.no



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.