Manglar du grovfôr i år?

02.08.2018 , Helena Elvatun

Det blir i år vanskelegare å få tak i grovfôr, no når tørken har slått ut store deler av Nord- Europa. De som kjøper inn grovfôr kvart år, bør kjøpe tidleg.

Foto: Dag-Arne Eide

Når etterspurnaden etter grovfôr er høgare enn tilbodet, vil grovfôrprisen stige. Den vil då overstige prisen på kraftfôr, og det vil lønne seg å auka kraftfôrmengda i fôrrasjonen. Ein kan nytta opp mot 70% kraftfôr. Her må ein rådføre seg med rådgivar for å unngå sur vom. Sur vom fører til dårlegare utnytting av fôret, men kan også føre til sjukdom. Tommelfingerregelen er: Aukar ein kraftfôrtildelinga med 1 FEm per dag, vil ein redusera grovfôrmengda med 0,5 FEm per dg.

I år er det viktig med  oversikt over grovfôret. Dette må til for å lukkast med ein god fôringstrategi som gjev god avkasting frå dyra, og er økonomisk smart. Er du usikker om korleis du får ei god oversikt, les denne artikkelen.

Kraftfôr:

Ein bør vera tidleg ute med surfôrprøvar, slik at ein veit kva som evt. må kjøpast inn eller erstattast med fiberrikt grovfôr. Erfaringa med slikt kraftfôr viser at storfe og småfe kan oppretthalda tilfredsstillande produksjon med små mengder grovfôr i fôrrasjonen. Som tabellen syner under, kan ein nytta svært lite grovfôr.

Tabell 1: Etter tørkeåret 1992 sette A. Ekern og M. Mo opp desse minimumsmengdene surfôr i aktuelle rasjoner:

 

Kjøp av grovfôr/halm:

Halm er mykje skrive om i desse dagar. Her ligg fôrverdien mellom 0,40 til 0,60 per FEm, dette vil også variere noko om den er ammoniakkbehandla eller ikkje. Les meir om dette her Hugs at halm har lite mineral, og det er derfor nødvendig med tilskot vist dette utgjer ein stor del av fôrrasjonen.

Får me ein god 3.slått, kan det bli noko lokalt å kjøpe, det er derfor verd å sjekke nettsider som formidlar grovfôr.  Nedst i artikkelen finner du link til ulike sider der ein kan fylje med på. Det er også verd å sjekka finn.no.

Import:

I år kan det vera aktuelt for fleire å kjøpe importert fôr, då det kan bli einaste løysinga for mange. Men ein må være ekstra varsam med slikt innkjøp med tanke på overførbare sjukdommar, ugras mm. Veterinærane anbefaler helst at det blir importert frå Nord-Europa. Det er dessverre tørke i nabolanda våre også, men kan vera mogleg med litt import frå Island.

Me tok ein prat med Alf Steinhovden, Vestfor AS som er stor importør av grovfôr på Vestlandet. Han tar imot bestillingar no. Han har også moglegheiter til å laste om til mindre båtar, som kan lengre inn i fjordane. Han er ute på reis for å handle fôr i land kor dei ikkje har hatt tørke, han fortel at han får inn fôr frå Holland. Prisen er ikkje fastsett enda, men målet er å halda prisnivå frå tidlegare år.

 

Sal av grovfôr:

NLR Grovfôrformidling: Her ligg link til grovfôr- formidling frå alle einingane i NLR. Her ligg også gode råd om prissetjing av rundballer og skjema for kjøp og sal av halm.

 

Felleskjøpet halmformidling: Dette er ei gratis teneste for å formidla mellom husdyrprodusenter og kornprodusentar som har halm til sals.

 

Felleskjøpet Rogaland Agder: Her kan du legge inn bestilling av høy og alfalfa/lucerne som blir importert frå Danmark/USA.

 

forformidling.no kan ein registera seg som seljer, kjøper av fôr. Ein kan også registera seg som transportør. Denne nettsida er opphavleg eit privat initiativ, og samarbeida med Noregs bondelag og Norsk bonde og småbrukarlag.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.