Låge grovfôravlingar også på Vestlandet, men håp om god 3. slått

01.08.2018 (Oppdatert: 02.08.2018) , Leif Trygve Berge

Me skriv 1. august og kan konstatere at det er store variasjonar i grovfôravlingane sjølv over små avstandar etter ein rekordtørr sesong. Undersøkingar utført av Felleskjøpet, tyder på at grovfôravlingane til no på Vestlandet ligg 18-38% under eit «normalår». Nedgangen er større på Austlandet, og litt mindre i Trøndelag. Vårt inntrykk er at Sunnmøre er noko mindre råka enn Sogn og Fjordane og Hordaland.

Sandjorda på Hereid i Eidfjord har vore hardt ramma av tørke i år

Tilgang på vatn har vore største minimumsfaktoren for grasveksten til no i år.

Faktorar som har påverka graden av tørkeskade har vore jordsmonn, jordtype, engalder og plantesamansetning, tidspunkt for slått og gjødsling i forhold til kva tid regnbygene har kome (om dei kom) og om gjødsla er blitt løyst opp av regn eller ikkje.

 

Variasjonane frå bruk til bruk har vore ekstra store i 2. slåtten. Nokre medlemmer har hausta 3 rundballar pr dekar og andre har kun hausta 1 rundball på 5 dekar. Dei som er hardast ramma har ikkje brydd seg med  å starte slåmaskina og slepper på beitedyr i staden.

 

Grovfôrkvalitet

Av dei få grovfôrprøvane frå førsteslåtten som er analysert til no er tendensen høg TS % og litt høgt protein- og NDF-innhald. FEM har snitt på 0,88 med variasjon frå 0,81 til 0,92. Ei trøyst er difor at om tal rundballar er lågt, kan ein forvente at fôrverdien er høg med tanke på både tørrstoff og fôreingskonsentrasjon. Har ein tilgang til areal med gamalt gras som normalt ikkje ville bli hausta, t.d. kantareal eller gamal nedlagd eng, kan dette vere eit aktuelt strukturfôr å supplere med. Ta kontakt med oss dersom du ønskjer uttak av fôrprøve.

 

Gjødsling til 3. slått

Det har siste dagane kome ein del nedbør dei fleste stader på Vestlandet. Det gjev godt grunnlag for å få til ein god 3. slått i september.

For dei som er ferdige eller reknar med å bli ferdige med 2. slått i nær framtid vil det for dei fleste vera rett å gjødsla oppatt snarast råd til ein 3. slått eller til godt beite. Ein kan bruke tynn gylle eventuelt kombinert med 20-25 kg Opti-NS eller 25-2-6. Der ein ikkje har fått køyrt på husdyrgjødsel sidan 1. slått kan ein t.d. bruke 22-2-12.

 

Såing av grønfôr?

Har du ein kornåker som alt er hausta, eller eit mislukka attlegg?  Eit alternativ vil vere å så eittårig raigras snarast. Om det kjem nok regn, og temperaturen i september blir høg nok, kan ein etter to månader veksetid hauste ei bra avling. Bruk minst 4 kg såfrø per dekar. Nokre vel å så i 3 kg havre eller bygg i tillegg. Det kan gi tørrare masse å ensilere.  Eit alternativ er å så havre eller bygg som grønfôr, 15 kg per dekar.  Verforholda vil avgjere om dette blir eit vellukka tiltak.

 

Forventar låg tilvekst på lam

Det er snart berre 1-1,5 månad til sauer og lam skal sankast heim frå utmarksbeite. Også fjellbeita er tørre i år og ein kan difor forvente at tilveksten har vore lågare enn vanleg. Dette vil medføre behov for gode haustbeite. Ei svak oppgjødsling 2-4 veker før forventa sanking er å tilrå. Prioriter dei beste beita til lam som ikkje er slaktemogne, påsettlam og åringar. Mange har gode røynsler med tilleggsfôring med kraftfôr til lam som er for små til slakt. Dei vaksne sauene treng ikkje meir enn til vedlikehald og kan finna nok beitegras i utmarka lenge enno.

 

Beitande hjort og grågås

Me høyrer stadig om utfordringar med uønska beiting av hjort og grågås.  I år har ikkje Vestlandet eit einaste strå å miste. Viltforvaltninga i kommunane kan gje dispensasjon for felling av skadedyr før ordinær jakttid – ta difor kontakt med dei om de har ei slik utfordring.

 

Auka slakting?

Mange bønder har sendt dyr til slakting fordi ein er usikker på om det er mogleg å skaffe nok grovfôr. Det kan vere ei naudløysing for nokre. Vi oppfordrar likevel til å drøfte dette nærare med ein fôrplanleggjar.  Truleg kan redusert bruk av grovfôr, kombinert med auka mengde fiberrikt kraftfôr, vere ei god løysing for mange.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.