Kveka kan vere frodig!

17.06.2019 (Oppdatert: 18.06.2019) Dag-Arne Eide

Sjølv om denne enga ser frodig og fin ut, så er eit stort innslag av kveke eit dårleg teikn.

Her er fire bilde som er tekne i ei frodig eng, ganske nær slåtten. Ingen skyting å sjå. Det har ei grei forklaring: Dette er nemleg kveke i nær reinbestand. Første bilde syner det frodige bladverket. I det nedste bildet ser vi lenger nede i bestandet. Der får vi auge på eit viktig kjenneteikn på kveke, nemleg ein stengel dekt av hår. Kveka har heller ikkje slirehinne mellom blad og stengel, i motsetnad til timotei. Sjølv om denne enga ser frodig og fin ut, så er eit stort innslag av kveke eit dårleg teikn. Kveke smakar dårleg. Spesielt vrakar sau slikt fôr.

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.