Korleis bør vi stelle enga om hausten?

19.09.2017 (Oppdatert: 19.09.2017) ,  Olav Martin Synnes

Stellet av eng om hausten påverkar overvintringsevna hos engvekstane og avlingsnivået komande sesong. Korleis bør vi stelle enga for å gjere plantane betre i stand til å tole ein lang hard vinter? Korleis kan vi legge grunnlag for gode avlingar også komande sesong?

Stellet av enga om hausten, og veret om vinteren, påverkar livskrafta hos plantane om våren. I forsøksfeltet på biletet har tidleg tredjeslått kring 28. august gitt betre overvintring enn slått 15. september eller 5. oktober.

I kystklima, med milde korte vintrar, overvintrar fleirårige engvekstar oftast trygt. Likevel – veret varierer. Også ute ved kysten har ein av og til opplevd vanskelege vintrar, med skadd eng. Er det mogleg å førebygge vinterskade? Korleis kan vi auke sjansane for gode avlingar også komande sesong?

 

Tre slåttar?- Tidleg tredjeslått aukar sjansane for at ein unngår dei store nedbørsmengdene, som ofte kjem seinare om hausten. Tidleg tredjeslått gir også best fôrkvalitet. Beiting, helst med lettbeinte dyr, er eit alternativ til slått.

 

Unngå tre haustingar?- Dersom ein ikkje ynskjer å hauste tre gongar, bør ein utsette første og andreslåtten litt. Gjødslingsstyrken vår og sommar bør minskast. Ved fornying av enga bør ein unngå å så artar som veks lenge om hausten, til dømes raigras eller raisvingel. Har ein desse som dominerande grasartar, så har ein ei eng som må haustast 3 gongar pr. sesong.

 

Næringsreservar og overvintring.- Mengda av ikkje-strukturelle karbohydrat, til dømes fruktan, verkar inn på overvintringsevna hos gras. Fruktan finn ein mest i dei lågaste plantedelane. Høgt innhald gjer plantane betre rusta til overvintringa. Ettervekst etter tredjeslåtten og låg stubbing, tappar plantane for opplagsnæring. Truleg vil ettervekst etter tidleg tredjeslått, kring 1. september, vere mindre uheldig enn etter slått kring midten av september. Tidleg tredjeslått gir plantane meir tid til å fylle opp næringsreservane før vekstsesongen tek slutt.

Høgt innhald av nitrogen i jorda om hausten fører til auka ettervekst utover seinhausten. Dette kan tappe plantane for opplagsnæring, og gjere dei mindre vinterherdige. Derimot vil høgt innhald av fosfor og kalium styrke plantane si overvintringsevne.

 

Stubbehøgd og beiteintensitet.- Ynskjer ein å slå tre gongar, er det ein føremon for grasplantane at det ikkje vert stubba for lågt, då dette tærer på graset sine næringsreservar. Stubbehøgda bør vere minst 10 cm. Det er enklast å stubbe høgt nok med fôrhaustar. Det er meir krevjande å stubbe høgt med slåmaskin. Om ein i staden vel å beite ned graset, bør ein ta bort dyra før beitehøgda blir for låg.

 

Slåttetidspunkt.- Truleg vil ein tredjeslått kring 1. september samla sett vere mest tilrådeleg. Kvaliteten på surfôret er best då. Samstundes får plantane tid til å samle ny opplagsnæring før overvintringa. Kva gjer ein om vått ver hindrar hausting på denne tida? Om enga tørkar opp seinare, kan ein hauste inntil første veka i oktober, i alle høve nær kysten. Fôrkvaliteten er ofte litt dårlegare, men ein unngår at stor plantemasse overvintrar. Ved tredjeslått i oktober vil det vere ein fordel med påfølgjande låge temperaturar. Dette hindrar ettervekst og tæring på opplagsnæringa i plantane.

 

Område med lang, kald vinter.- I område med mykje snø og frost er enga utsett for isbrann om våren. Dette kan gjere stor skade. Samstundes kan store mengder med daudt samanklistra plantemateriale på enga om våren hindre framveksten av nytt gras. Dette gjeld spesielt dersom jorda er kald og tung, og lufttemperaturen er låg. Ved låg stubbing kan ein ved første slått få det gamle visne graset med inn i surfôret.

 

Skilnad mellom strågras og bladgras.- Typiske bladgras er raigras, raisvingel og engsvingel. Desse grasartane har ei tett bladmasse utover i sesongen, og hå-slåtten er i hovudsak blad. Når dette graset visnar ned, dannar det seg ei tett matte på jordoverflata. Plantane får liten tilgang til luft. Luftgjennomstrøyminga i jorda blir hemma. Drenering av overflatevatn blir svekka. Snødekke på denne bladmassen, kombinert med frost, aukar faren for snømugg. Er det meir enn 30 cm plantehøgd på størstedelen av graset, og vintrane i området er krevjande, bør bladgraset haustast. Ei lett beiting er også aktuell, om veret og jorda tillet det.

Blir det brukt beitepussar, må denne justerast slik at stubbhøgd blir godt over 10 cm. Unngå at graset vert liggjande i tette, små haugar utover marka. Vi er usikre på om bruk av beitepussar er tilrådeleg.

Timotei og andre strågras visnar ned på ein annan måte enn bladgrasa, og ein kan tillate seg å la strågrasa gå inn i vinteren med større plantehøgd enn bladgrasa. Dei harde stenglane i strågraset gjer at det er meir luftgjennomstrøyming i det visne plantematerialet som ligg på bakken om vinteren. Faren for isbrann og snømugg er mindre enn i ei tettare matte av bladgras.

 

Oppsummering.- Ved tredje hausting bør ein stubbe ekstra høg, minst 10 cm. Låg stubbing tærer på opplagsnæringa. Rotmassen blir mindre, og næringsopptak og avling neste sesong blir lågare. Tidleg hausting, kring 1. september, er truleg mest tilrådeleg. Sein hausting, i oktober, kan også gå greitt. Jorda må vere tørr og køyresterk. Temperaturane må vere så låge at veksten stoppar. Om det blir ny vekst hos plantane etter hausting i oktober, kan overvintringa bli dårleg.

Dersom ein ikkje ynskjer tre haustingar, bør ein ved fornying av enga unngå artar som veks lenge utover hausten, til dømes raigras og raisvingel.

Lett beiting på bladgraseng vil redusere plantemassen og motverke overvintringsskadar.

Det er vanskeleg å gi eit eintydig «fasitsvar» på kva ein bør gjere om ein har mykje gras i enga om hausten. Risikoen er større for bladgras enn for strågras. Risikoen for uheldige verknader er større i område med lang, kald og snørik vinter, enn i kystområde med milde vintrar. Vi har sett vellukka resultat etter overvintring av høgt gras. Hjortebeiting og berrfrost utover hausten vil ofte tynne ut i ei stor avling som blir ståande til overvintring.

Om hausting vil medføre køyreskade eller trakkskade på enga, er det truleg betre å late vere.