Klimasmart Landbruk i Sogn og Fjordane

19.12.2019 (Oppdatert: 19.12.2019) Åsmund Kristensen

Landbruket står for om lag 8 % av det totale klimagassutsleppet i Noreg. I ei verd der behovet for mat aukar, medan klimaendringane vil gjere tilhøva for matproduksjon vanskelegare, vil eit klimavennleg norsk landbruk vere ein del av løysinga. Norsk Landbruksrådgiving Vest har derfor i 2018-2019 gjennomført prosjektet Klimasmart Landbruk Sogn og Fjordane. Prosjektet hadde som mål å kartlegge utnyttinga av næringsstoff frå gjødsla, samt få eit tal på klimagassutsleppet frå gardsdrifta. Prosjektet tok i bruk dataprogrammet Kretsløpstolken i dette arbeidet.

Kretsløpstolken er eit verktøy for berekning av krinsløpet for nitrogen (N), fosfor (P) og karbon (C) på eit mjølkeproduksjonsbruk. Modellen er basert på den nederlandske modellen Kringloopwijzer, som har vore i bruk i Nederland i over 10 år. Brukarane av modellen i Nederland ligg om lag 2-3 år framfor miljømåla som er sett for mjølkeproduksjon i landet. Kretsløpstolken er allereie utprøvd i Kvinnherad og har vist store variasjonar blant deltakarene. Den største variasjonen fann dei i samband med spreiing av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Det viser seg at ei betre utnytting av næringsstoffa vil i dei fleste tilfella gje mindre miljøbelastning og betre økonomisk resultat.

 

Gjennomføring

Hausten 2018 vart det gjennomført påmelding og informasjonsmøte angåande prosjektet. Til slutt vart seks deltakarar med gjennom heile prosjektet. Det vart tatt fôrprøver med mineralanalyse frå avlinga i 2018. Deretter vart det i løpet av 2019 gjennomført omfattande registrering av driftsopplegget på garden, med blant anna tal dyr, bruk av beite, mjølkeproduksjon, avlingsregistrering og kraftfôrforbruk. All innsamla data vart lagt inn i Kretsløpstolken, der innsatsfaktorar som gjødsling, innkjøpt kraftfôr og fôrforbruk blei sett i samanheng med produksjonen av mjølk, kjøt og gras i høve til dyretalet. Ut frå dette fekk vi tal på utnyttinga av næringsstoffa i gardsdrifta. Desse tala vart og brukt til å talsette utsleppet av dei ulike klimagassane frå drifta.

 

Resultat

Resultata viser ein del variasjon mellom dei ulike gardsbruka. Sidan tala berre er frå 2018, er det uråd å seie korleis utsleppa vil vere i eit normalår, eller korleis dei vil utvikle seg over tid. Utnyttinga av nitrogen og fosfor i jorda, og på garden som heilheit, varierte i stor grad mellom dei ulike gardsbruka. Ei utnytting på 100 % er uråd å oppnå, og dei fleste låg godt under dette. Utnyttinga av fosfor på gardsnivå låg jamt over høgare enn nitrogenutnyttinga, medan utnytting av nitrogen og fosfor i jordsmonnet var meir jamt.

Figur 1 viser klimagassutsleppet i CO2-ekvivalentar per tonn mjølk frå dei ulike gardane, samt gjennomsnittet for heile prosjektet. Det som gir mest utslag i variasjonen, er utsleppet av metan og delen importerte klimagassar.

Figur 2 viser fordelinga av klimagassar. Det går klart fram at hovuddelen av klimagassutsleppet kjem frå metangass og importerte klimagassar i form av innkjøpt grovfôr og kraftfôr.

 

Konklusjon

Året 2018 var som kjent eit år der tørkesommaren prega store delar av landet, og nokre fekk kjenne dette meir enn andre. Dette ser vi igjen i resultata frå prosjektet, med stor variasjon i utnytting av nitrogen og fosfor, og ved importerte klimagassar. Derimot kan ikkje alt av variasjon forklarast av tørkesommaren, noko må skuldast ulikskapar i driftsopplegget. Det er dermed moglegheiter for betring i næringsstoffutnyttinga og klimagassutsleppa. Største tapsposten for næringsstoffa nitrogen og fosfor i gardsdrifta, inkluderer i tillegg til urealiserte avlingar, fordamping og tap i samband med gjødsling. Denne tapsposten er høgare for nitrogen enn fosfor, og forklarar dermed eit høgare tap av nitrogen enn fosfor på gardsnivå. Når det gjeld klimagassar, vil eit høgt utslepp av metan kunne sjåast i samanheng med eit høgt dyretal på garden. Gardar som har framfôring av oksar kjem då dårlegare ut enn gardar der oksane blir selde ut av drifta som kalvar. Sjølv om produksjonen av kjøt då er høgare på desse bruka, kjem dei likevel dårlegare ut.

 

Meir og betre grovfôr vil betre både næringsstoffutnyttinga og klimagassutsleppet, då høgare avlingar reduserer tapet av næringsstoff frå innsatsfaktorar som husdyrgjødsel og naturgjødsel, og reduserer nitrogentap i form av klimagassen lystgass (N2O). Vidare vil større avlingar med høgare næringsinnhald redusere behovet for innkjøpt for, og dermed importerte klimagassar. Av andre tiltak for å redusere klimagassutsleppet, vil generelt god dyrehelse med høg mjølkeproduksjon, mindre påsett og fleire laktasjonar redusere metanutsleppet betrakteleg. Vidare utvikling av Kretsløpstolken og betre tilpassing til norske forhold, er viktig dersom tilsvarande prosjekt skal gjennomførast i framtida, då med fleire analyserte gardsbruk, meir nøyaktig avlingsregistrering og helst over fleire år.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.