Lamminga står for døra, og fokuset hjå sauebonden rettar seg absolutt i den retning no i desse dagar, det betyr likevel ikkje at sauebonden ikkje kan ha fleire tankar i hovudet samstundes.
I førre episode av podkasten Vestlandsbonden, intervjua vi Synnøve Rivedal frå NIBIO om myr. Kva er spesielt ved vestlandsmyrjorda? Kor mykje klimagassar slepp ho ut? Korleis driftar ein myrjorda på best mogeleg måte?
Kretsløptolken er eit verktøy som syner utnyttingsgraden av fosfor, nitrogen og klimagassutsleppa på garden frå jord til mjølk. Programmet er henta frå Nederland, der det i dag blir nytta av mjølkebønder. I Noreg vart det fyrst teke i bruk av Bart van Gool i tidlegare NLR Hordaland.
Det er aukande interesse for jord og jordhelse med omsyn til klimapåverknad og karbonlagring. Innhaldet av organisk materiale og karbon er ein viktig faktor for god jordhelse. Kompost er positivt for jordlivet. Kompostering av vrakfôr tilsett lauvtreflis, litt fast møk og gjerne litt friskt gras er både god utnytting av ressursane på garden og viktig for krinslaupet av næringsstoff.
Noreg er eit land der beitebruken står sterkt, så lenge det har vore landbruk i Noreg har det vore beitedyr. Beiting er både dyrevenleg, utsiktsvenleg og turistvenleg. Årleg blir det hausta inn fôr frå innmarksbeite og utmark, tilsvarande ein verdi på 1 milliard kroner (NIBIO, 2016). At beiting har ei framtid i norsk landbruk er det lite tvil om, men er beiting foreinleg med eit klimavenleg vestlandsk landbruk?
Sau og metan - Beitesesongen er i gang mange stader på Vestlandet. Tusenvis av beitedyr er no i gang med det fantastisk arbeidet med å omgjere urter og gras til kjøt og ull av god kvalitet. Medaljen si bakside er at det i same prosessen blir produsert klimagassar, som til dømes metan. Metan er i hovudsak eit resultat av gjæringsprosessen av fiber i vomma til drøvtyggarane. Her utgjer utsleppa frå sau 19 prosent av det totale metanutslepp frå fordøyelsesprosessen til norske husdyr.
Landbruket står for om lag 8 % av det totale klimagassutsleppet i Noreg. I ei verd der behovet for mat aukar, medan klimaendringane vil gjere tilhøva for matproduksjon vanskelegare, vil eit klimavennleg norsk landbruk vere ein del av løysinga.