Beitedyra våre er drøvtyggarar, så det er uråd å redusere klimagassutsleppet til null, men ein må ikkje sjå seg blind på dei store positive følgene av beitedyr, sjølv om det fører til noko utslepp av klimagassar. Kjøtproduksjon blir ofte sett på som eit problem i høve til klimagassutslepp, og fleire argumenterer for redusert kjøtforbruk og planting av skog på beiteareal som aktuelle klimatiltak. Kortsiktig kan dette verke som gode tiltak, men produksjon av kjøt på grasareal i inn- og utmark mogleggjer produksjon av menneskemat på slike areal. Dyra haustar ressursar frå utmark sjølve. Og ein sparar seg også for ekstra logistikk, jordarbeid og bruk av fossilt brennstoff som ein hadde fått dersom en skulle hausta tilsvarande fôrverdiar på innmark. Dermed utnyttar dei ressursar som elles hadde gått tapt og frigitt som CO2.

Sjølv om ein ikkje kan kutte utsleppa frå beite heilt, kan ein nemne fleire aktuelle tiltak det er viktig å tenke på dersom ein ynskjer å redusere klimagassutsleppet frå beitebruken. Det viktigaste tiltaket er sjølvsagt å utnytte ressursane på beitet best mogleg. Av tiltak kan ein også nemne tilpassa gjødsling etter produksjonsevna til plantane, aktiv bruk av beitepussing, slik at ein held beiteplantane på eit ungt stadium. På denne måten får ein auka produktiviteten til enga, og dermed raskare auka i tilvekst på slakt, slik at CO2- eq. per kg kjøt produsert går ned.

Det er viktig å ha god bruk av vårbeite, tidleg beiteslepp når graset er 5-10 cm langt. Strekk beitesesongen så lenge som mogleg om hausten, men ikkje så lenge at beitet blir heilt nedbeita. På denne måten aukar ein utbyttet frå beitet og får redusert lystgassutslepp og auka karbonlagring i jorda. Auka karbonlagring i jorda skjer gjennom fotosyntesen, der ein stor del av det karbonhaldige materialet blir transportert ned til rotmassen, gradvis brote ned, medan ein del blir omdanna og lagra i karbonlager i jorda. Dette blir endå meir gjeldande lenger nord og i høgtliggande jordbruksområde, sidan karbonet i større grad vil lagrast i jord enn i biomasse over jorda.

Karbon blir lagra i jorda på beitet, ned mot ein meters djupne der det jordsmonn til det. I tillegg vil beiteaktivitet der dyra andar ned mot jorda føre til økt mikrobeaktivitet og metanfikserande bakteriar i graset. (Agri Analyse, 2019). Det er usikkert kor mykje denne karbonlagringa utgjer, spesielt under norske forhold. Så meir forsking på karbonlagring frå beitebruk er viktig for å få dokumentert eit klimavenleg norsk landbruk.

Sollys blir i mindre grad absorbert ved lyse og snødekte overflater, og dermed vil store opne flater i mindre grad bli påverka av temperatureffekten frå sollyset. På denne måten vil opne areal i mindre grad bidra til global oppvarming enn skogdekte areal, eller hav som absorberer sollyset. Dette blir kalla albedoeffekten. Beitedyr bidrar til å halde vegetasjon og kratt i den norske utmarka nede, slik at vi i større grad får opne areal som reflekterer lyset. Effekten av dette ser ein spesielt om vinteren, der eit gjengrodd område med skog vil ha ein albedo på 0,15, medan eit ope beitelandskap med nysnø vil ha ein albedo på 0,90 (Bryn, 2018). Kor mykje dette utgjer klimamessig er uklart.

Viktigheita av norsk beitebruk er sjeldan overdriven, og det er viktig ikkje å fatte korttenkte beslutningar som kan føre til store endringar i denne praksisen. Beitebruken gir grunnlaget for mykje av den maten vi produserer i Noreg, held kulturlandskapet ope og bidreg til lagring av karbon i karrig jordsmonn. Berre halvparten av ressursane det er mogleg å hauste frå beitebruk, blir i dag nytta. Det er såleis mykje klimavenleg fôr å hente.

Kjelder

Nordre Vartdal kyr
Beitande kyr på Nordre Vartdal.