Kan fuglar øydelegge attlegg?

18.06.2019 (Oppdatert: 18.06.2019) Dag-Arne Eide

I år har vi lagt merke til eit litt spesielt fenomen i attlegg. Der ein har laga attlegg ved hjelp av harv utan pløying, har vi lagt merke til torver som ligg som klumpar utover attlegget. Dette har skjedd sjølv om alt var tromla flatt og fint etter såing.

Torver som stikk så mykje opp kan kome inn i fôret under hausting.

Vi spekulerte på årsaka til dette, og hadde fleire teoriar oppe. Blant anna at torvene svell opp som svampar når det kjem mykje regn, etter at det var tørt under såing og tromling. Ein annan teori var at fuglar har snudd torvene på leit etter makk. Denne siste fekk vi bekrefta då vi såg fleire attlegg der det var tydeleg at torva var snudd, med eit klart avtrykk der den først hadde lege. Både kråke og måke kan vere syndarar.

Torver som ligg i overflata får vi spesielt der det er vårbrakka, slik at torvene ikkje er oppsmuldra nok. Spesielt gale blir det i attlegg som er harva utan brakking. Då er torvene levande og ligg der med tunrapp og anna ugras som overlever i attlegget.

På nokre av desse attlegga ligg der så mykje store torver, som stikk så høgt opp, at dei kan kome inn i fôret under hausting.

Her er det ingen tvil. Torva er snudd!

 

Her er det ikkje brakka før attlegg. Vi ser tydeleg tunrapp som lever i beste velgåande. Nokre av desse torvene er også snudde av fugl, men her er det menneskleg svikt som er mest alvorleg. I eit slikt tilfelle, med levande tunrapp rett etter såing, er brakking med om lag halv dose med det same attlegget er sådd og tromla eit bra råd.

 

Aller helst bør eit attlegg sjå om lag slik ut.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.