Kamp mot hundekjeks

06.07.2017 (Oppdatert: 06.07.2017) ,  Mari Aker

Bekjemping av hundekjeks utan sprøyting krev fokus på å hindre frøspreiing og svekke rotsystemet til planten. Tidleg slått, med oppfølging 3-5 gongar i sesongen, eller sprøyting må til for å ta knekken på hundekjeks. Aktuelle sprøytemiddel er Mekoprop, Duplosan Super, Harmony 50 SX, og Ally, men ingen av midla er fullgode.

Hundekjeks spreier seg inn i enga frå kantane. Hovudproblemet er at kantar ofte ikkje vert slått, og hundekjeks får fritt spelerom både når det gjeld frøproduksjon og vegetativ formeiring. Dersom hundekjeks blir slått ved blomstring, vil dette stimulere til danning av fleire sideskot og ugrasproblemet aukar. Foto: Dag-Arne Eide.

Slått eller kantklipping hindrar spreiing av frø, men for å redusere bestanden er det viktig å vere tidleg ute. Sein slått (etter blomstring) fører til danning av fleire sideskot og dermed fleire plantar året etter.

 

Hundekjeks (på dialekt hundeslengje eller hundesleikje) er ein vanskeleg plante å bli kvitt. Problemet har auka dei seinare åra. Det kan sjå ut som om hundekjeks står ekstra frodig i år. Kjøleg og vått ver er truleg ei årsak.

 

Stopp frøspreiing

For å stoppe hundekjeks er det viktig å hindre frøspreiing ved å fjerne blomsterstanden eller plantane før modning av frøa. Sidan frøa ikkje overlever lenge i jorda, vil ein sakte men sikkert redusere førekomsten av hundekjeks.

 

Så sant planten ikkje får setje frø, vil sideskota vere kjelde til nye plantar. Det er viktig å vere tidleg ute; slå første gongen ved begynnande stengelstrekking. For å redusere bestanden av hundekjeks bør ein slå minst 3 gongar i sesongen.

 

Det er ein stor fordel å kjenne biologien til ugrasa vi ynskjer å bekjempe. Les meir om hundekjeks på nettsida vår HER.

 

Sprøyting mot hundekjeks

Hundekjeks er ingen enkel plante å bli kvitt – heller ikkje med sprøytemiddel. Som for andre fleirårige ugras, er rosettstadiet og begynnande stengelstrekking tida då næringsreservane i rota er på det lågaste, og sprøyting har best effekt.

 

Aktuelle sprøytemiddel mot hundekjeks er Harmony 50 SX (med klebemiddel), Mekoprop, blanding av Mekoprop og MCPA, Duplosan Super eller Ally. Ingen av midla gir fullgod verknad.

 

 

Tabell. Aktuelle sprøytemiddel mot hundekjeks

 

*Ny dosering. Ved gamal etikett kan du bruke høgare dosar.

 

Det kan vere fornuftig å variere mellom kva middel ein nyttar for å unngå resistens. Mekoprop kan gjerne nyttast tidleg i sesongen, medan Harmony 50 SX og Ally nyttast seint i sesongen. Alle midla set veksten i enga noko tilbake, og alle midla kan gje dårlegare overvintringsevne hjå graset. Haustsprøyting med Ally kan også gje veksthemming påfølgjande vår. Starane XL er snillare med enga, men forsøk har vist at effekten mot hundekjeks er for dårleg.

 

Alle plantevernmiddel er oppe til vurdering kvart 5. år. Mekoprop og MCPA har fått redusert maksimal dose (les meir i Ugraskamp i attlegg, eng og beite av O.M. Synnes). Overgangsreglane seier at du kan bruke middel med gamal etikett og dosering 18. mnd etter vedtak; i dette tilfellet til 30. juni 2018. Hundekjeks kan vere ein vanskeleg plante å verte kvitt, og krev nokså kraftige dosar.

 

Duplosan Super er eit middel som kan vere aktuelt etter at Mekoprop og MCPA har fått innskrenka maksimal dosering. Etiketten viser at det skal brukast i mengder frå 250-500 ml. Duplosan Super er eit fleirsidig middel som inneheld mekoprop og MCPA (og diklorprop). Det har om lag same verkeområde som Mekoprop + MCPA. Duplosan Super vert seld gjennom Norgesfôr, Fiskå Mølle og Eik. Landbruksrådgivinga har hatt kontakt med HMV Maskin/Eik Maskin på Voss og dei kan bestille inn dette plantevernmiddelet om du tingar.

 

Med innskrenka dosar er det endå viktigare å sprøyte på rett utviklingsstadium til plantane. I tillegg vil sprøytinga verke betre om plantane er i god vekst; dvs. rikeleg med råme i jord og luft og høge temperaturar. Sørg for å sprøyte i vindstille og overskya ver.

Gjenvekst av hundekjeks som har overlevd brakking. Denne planten er på rosettstadiet. Rett sprøytetidspunkt er når rosetten er stor og evt. planten er byrja å strekke stengel. Foto: Dag-Arne Eide.

Gjenvekst av hundekjeks som har overlevd brakking. Denne planten er på rosettstadiet. Rett sprøytetidspunkt er når rosetten er stor og evt. planten er byrja å strekke stengel. Foto: Dag-Arne Eide.

Kva gjer eg no?

Dersom du nett no sitt og ser ut på ein teig eller kant med hundekjeks som blomstrar frodig og fin er oppskrifta følgjande:

1.       Puss eller slå kanten. Dersom frøa er komne fram, bør frøstenglane fjernast; helst brennast. Frø som sit på stenglar kan ettermodne sidan det er næring att i stengelen sjølv om planten er slegen.

2.       Vent til hundekjeksen har vakse litt opp att. Rett stadium for neste slått/pussing eller sprøyting er rosettstadiet eller akkurat når stengelen startar å strekke seg.

3.       Puss eller slå på nytt eller sprøyt med Mekoprop, Harmony 50 SX, Duplosan Super eller Ally.

 

Glyfosat er ikkje sterk mot hundekjeks. Her ser vi tuer av hundekjeks som kjem opp att etter brakking. Dersom du skal brakke eit areal med mykje hundekjeks, bør du blande glyfosat med t.d. Ally. Foto: Dag-Arne Eide.

Sprøyting i kantsoner

Kantsoner kan sprøytast dersom det er ledd i skjøtsel av kulturlandskapet. I Forskrift om plantevernmidlar § 18  står det at Mattilsynet har delegert mynde til kommunane for å gje løyve.

Det er ein fordel å bruke eit selektivt middel, også i kantsoner, framfor Roundup/glyfosat-produkt. Dette sparar graset rundt hundekjeksplantane. Glyfosat har også dårleg verknad mot hundekjeks.

 

 

 

 

 

Ally SX har vist god effekt, men utprøvinga er ikkje like dokumentert som dei andre sprøytemidla sidan Ally har ein "off label"- godkjenning med annan dose enn i korndyrking.

 

Landbruksrådgivinga er interessert i å høyre frå bønder som har prøvd ut Ally mot hundekjeks.