Kamp mot høymole

27.06.2017 (Oppdatert: 11.12.2018) Dag-Arne Eide

Høymola står standhaftig og rakrygga i enga på Vestlandet. Ho klarar seg alltid; overlever og trivst i både godt og dårleg ver, og ho syner godt igjen i eng med legde. I år har ho fått ekstra god tid på seg til å utvikle seg godt, og kanskje også fått frøa seg i seint hausta eng. Når vi ser høymola på sitt beste, så kan vi tenkje at her har ho vunne, og vi har ingen middel å setje inn mot ho! Faktum er at høymole er det ugraset vi har flest gode, kjemiske middel mot.

Eit problem er at frøbanken er svært stor og seigliva. Høymolefrø kan ligge i fleire 10-tals år spiredyktige i jorda. Etter kvar jordarbeiding og ved køyre- og trakkskadar, vil stadig nytt frø sjå dagens lys og spire. I tillegg får vi med oss noko frø inn saman med avlinga, og høymola får stå fritt som frøprodusent i vegkantar, langs gjerde og i beite. Høymola har nok vunne i den forstand at ho aldri vil bli utryddingstruga. Bonden kan i beste fall halde ho i sjakk gjennom ein evig kamp.

 

I gjenveksten etter første slått må mange prioritere kamp mot høymole! Så snart ho har fått stor bladrosett er tida inn for sprøyting og evt. mekanisk kamp. NLR Vest har laga ein verknadstabell for ugrasmiddel i eng og beite. Denne har vi sendt ut i rådgjevingsmelding og du finn den HER

 

I denne artikkelen tek vi fram dei mest aktuelle midla mot høymole. Felleskjøpet har dei fleste av desse, men Norgesfôr/Fiskå Mølle har også middel som Felleskjøpet ikkje har. Forhandlarane kan ha ulike namn på same middelet.

 

Eng med kløver

 

Gratil (6-8 gram pr. dekar) + klebemiddel. Behandlingsfrist 7 dagar.

Harmony 50 SX (3,5 gram pr. dekar) + klebemiddel. Behandlingsfrist 7 dagar.

 

Dette er to lågdosemiddel. Verknaden syner seg ikkje før etter eit par veker.

 

Eng utan kløver

 

Tomahawk 200 (180 ml pr. dekar) Eldre utgåver av same midlet er Tomahawk 180/Starane 180/Spitfire 180. Alle desse midla inneheld det same kjemiske stoffet. I dag får ein kjøpt Tomahawk 200. Dei andre kan brukast berre ut 2017. Tomahawk 200 er eit svært godt alternativ, både når det gjeld verknad og pris. Behandlingsfrist 7 dagar.

 

Starane XL/Cleave (180 ml pr. dekar). Behandlingsfrist 7 dagar

 

Duplosan Super (ca. 400 ml pr. dekar). Behandlingsfrist 21 dagar

 

Banvel (200 ml pr. dekar). Dyraste alternativ. Behandlingsfrist 21 dagar.

 

Ally SX/Ally 50 ST. Dosering oppgitt på tilleggsetikett. Denne får du hjå NLR Vest. Dette er eit lågdosemiddel der du ikkje ser verknaden før etter 2-3 veker. For å kunne bruke Ally, må du ha underteikna ansvarserklæring og betalt gebyr på 200 kr. Svært billeg middel med god verknad. Behandlingsfrist 7 dagar.

 

Mekoprop/Duplosan Meko (200 ml pr. dekar). Ny dosering er halvert i høve til tidlegare. Difor er det grunn til å tru at mekoprop blir mindre aktuelt mot høymole og andre ugrasartar med den nye maksimaldoseringa. Behandlingsfrist 14 dagar.

 

NB: Felleskjøpet er forhandlar av dei fleste midla, men nokre middel får du berre gjennom Norgesfôr/Fiskå Mølle. Eit kjemisk ugrasmiddel kan ha fleire handelsnamn, avhengig av forhandlar.

 

Dosering i praksis

 

Åkersprøyte

Vi får ofte spørsmål om kor mykje middel som skal opp på tanken, eller kor mange liter væske midlet skal blandast med m.m. Det som er viktig er å vite kor mykje væske som går ut pr. dekar, dvs. kor langt du kjem med ei sprøyte. Utan å vite dette vil du ikkje klare å dosere rett. Det betyr lite om du brukar 15 eller 40 liter væske pr. dekar. Det viktigaste er at mengda middel som skal ut på eit dekar kjem ut på eit dekar.

 

Døme: Brukar du 20 liter væske pr. dekar så skal du ha 180 ml Tomahawk pr. 20 liter vatn. Brukar du 40 liter væske pr. dekar, så skal du ha 180 ml Tomahawk opp i 40 liter vatn.

 

Ryggsprøyte

Ofte blir ryggsprøyte (pumping med hand) brukt til punktsprøyting eller til sprøyting på mindre areal. Ved bruk av ryggsprøyte vil ein oftast bruke meir væske pr. dekar enn ved bruk av åkersprøyte. På grunn av dette brukar vi ein tommelfingerregel:

 

Bruk oppgitt dose pr. dekar delt på 4 til 10 liter vatn.

Døme: Tilrådd dose er 180 ml Tomahawk pr. dekar. 180 ml : 4 = 45 ml. Du brukar 45 ml Tomahawk til 10 liter vatn. Så dusjar du plantane "passeleg".

Hugs: Det som renn av har ikkje verknad….

 

Somme brukar også ryggtåkesprøyte til ugras. Desse sprøytene brukar oftast mykje mindre væske pr. dekar enn ved anna ryggsprøyte. Det gjeld det same her; det er mengda middel som kjem ut pr. dekar som er avgjerande.

 

Lukke til med kampen mot høymole!

 

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.