Jordsmonnkartlegging i Voss herad i 2020!

05.03.2020 (Oppdatert: 06.03.2020)

Jordsmonnkarta er i dag grunnlaget for utrekning av karbonbalansen i jorda. Karbonbalansen er ein viktig del av klimakalkulatoren som vert brukt for å dokumentere klimapåverknad frå landbruket. På Vestlandet er svært lite av jordsmonnet kartlagt. NIBIO har no bestemt at dei vil starte jordsmonnkartlegginga i Voss Herad i 2020. Resultata frå kartlegginga vil vere svært viktige for å dokumentere klimapåverknaden frå landbruksdrifta på Vestlandet.

Jordsmonn fortel oss mykje om potensialet på garden din. Jordsmonnet er den delen av jorda som er påverka av klima, vegetasjon, dyreliv, mikroliv og menneskeliv. Det skil seg ut frå undergrunnsjorda. Jordsmonnet er meir enn matjordlaget, men er sjeldan meir enn 1 meter tjukt på Vestlandet. Jordsmonnlaget er tjukkast der det er langvarig grasmark.

Jordsmonnkartlegginga fortel oss om av kva jordsmonnet vart danna av, naturleg dreneringsgrad, innhald av organisk materiale, kor djupt jordsmonnet er osv. Dette kan igjen fortelje oss om karbonlagring i jorda og om krinslaupet av næringsstoffa. Eit tjukt jordsmonn har stort potensiale for karbonlagring. Dette på grunn av røter, humus og mikrobar.

Jordsmonnkartlegging i Noreg blir utført av NIBIO, og  er eit tidkrevjande arbeid. Per i dag er om lag 50 % av alt jordbruksareal i Noreg kartlagt.

Dekningskartet til høgre, viser kva for kommunar som fram til no er jordsmonnkartlagde av NIBIO. Som ein kan sjå, er det svært lite jordsmonnkartlegging som er gjort på Vestlandet.

Karta er relevante for mange formål, båe for landbruksnæringa, rådgjeving og forvalting.  I klimakalkulatoren, som er utvikla for å dokumentere klimautslepp på gardsnivå, nyttast opplysningar frå jordsmonnkartlegginga for å dokumentere karbonbalansen i jorda. I korndistrikta finn ein ofte ein negativ karbonbalanse, medan karbonbalansen kan vere positiv i område med grasdyrking. Om jordsmonnkart manglar for arealet på ein gard, vil dette bli tatt ut av likninga. Ein får dermed ikkje gevinst for positiv karbonbalanse på det aktuelle arealet og for den aktuelle gardsanalysen. Det er sett i gang arbeid for å utvikle ein metode, der karbonfangst i jord vert rekna ut på grunnlag av jordprøver og andre kjente variablar. Det kan ta fleire år før ein slik metode kan takast i bruk i Noreg. Inntil denne metoden er klar til bruk, er utrekning av karbonbalanse på grunnlag av jordsmonnkartlegginga einaste alternativ.

 

For at karbonbalansen i jorda skal telje med i klimarekneskapen på gardane på Vestlandet, har NLR Vest spela inn overfor NIBIO og andre, at jordmonnskartlegginga på Vestlandet må prioriterast. I starten av desember vart prioriteringane for 2020 bestemt. Då vart det klart at NIBIO startar jordmonnskartlegging i Voss Herad i 2020. All fulldyrka og overflatedyrka jord skal kartleggjast. Kartlegginga er arbeidskrevjande, og det er ikkje sikkert at heile kartlegginga vert ferdig i 2020. Med jordsmonndata  frå ein kommune på Vestlandet, kan vi bruka desse resultata som referanseverdiar i klimarekneskap for andre gardsbruk på Vestlandet.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.