Jordbruket sitt kulturlandskap

03.11.2016 (Oppdatert: 11.12.2018)

Korleis definerer me «Jordbruket sitt kulturlandskap»? Den beste måten å gjera det på, er at kvar og ein av oss går ut av gardshuset og ser oss omkring. Då ligg fasiten på nemninga «Jordbruket sitt kulturlandskap» framfor oss. Det er dette landskapet som me arbeider i, held vedlike og ønskjer å sikra for framtida.

Artsrik eng , Rauboti, Fjærland

Både landbruksdirektoratet med produksjonstilskotet, Fylkesmennene med fylkesvise regionale miljøprogram og kommunane med sine SMIL-midlar skal alle bidra til å styra og styrka utviklinga av eit landbruk som samsvarar med nasjonen og EU sine mål.

 

For å nå måla og for å få betalt for innsats og arbeid, kan brukarar med husdyrproduksjon søka på ulike tilskot. Krav og reglar for å kunna søka er gitt via lover, forskrifter og rundskriv.

 

-For produksjonstilskotet, administrert av Landbruksdirektoratet, må det vera ein reell produksjon på bruket. Då kan ein søka om arealtilskot, og i det ligg kulturlandskapstilskotet.

 

-For RMP-ordninga frå Fylkesmennene må bruket ha rett til produksjonstilskot og ha spesielle verdiar i kulturlandskapet. Kvart fylke prioriterer kva verdiar dei vil verdsetja høgast og gje tilskot til. Nokre få døme her er slått av bratt areal eller verdfulle, artsrike enger, beiting av verdfulle beiteareal og til styving.

 

-For SMIL-ordninga frå kommunane må bruket ha rett til produksjonstilskot og tilskotet skal vera forankra i forbetring av eit verdfullt kulturlandskap. Eit par døme her er oppattbygging av ein steingard og rydding av eit innmarksbeite.

 

Utanom desse tilskotsordningane har Miljødirektoratet midlar som alle som driv eit bruk kan søka på. Dette gjeld for skjøtsel av utvalde naturtypar som verdfull kystlynghei og slåttemark. Områda må vera skildra i Naturbasen. De kan sjølve søka opp gards- og bruksnummeret dykkar i gardskart på nett. Når de har fått opp kartet, kan de haka av for «Naturtyper». De har høve til å søka om midlar for utvalde naturtypar som ligg på dykkar eigedom. Kravet er at det skal skjøttast slik at verdien av området vert oppretthalden.

 

Siri Helle er skribent i avisa «Dag og Tid». Ho har skrive svært godt om kulturtypar som kystlynghei, slåttemyr og slåtteeng i 4 utgåver av avisa frå 5. til 26. august i år.

Det er 8 dokument i PDF-format som me kan senda til dykk som ønskjer det.

 

Siri Helle er skribent i avisa «Dag og Tid». Ho har skrive svært godt om kulturtypar som kystlynghei, slåttemyr og slåtteeng i 4 utgåver av avisa frå 5. til 26. august i år.

Det er 8 dokument i PDF-format som me kan senda til dykksom ønskjer det.



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.