Kurs i regenerativt landbruk

I byrjinga av november vart det arrangert kurs i regenerativt landbruk på Voss med fokus på jordhelse i dyrking av grovfôr og frukt. Arrangør var prosjektet «Karbonfangst og andre klimavenlege tiltak i Vestlandsjordbruket» som er eigd av Voss kommune.

God drenering viktigast på Vestlandet

Samson Øpstad, frå NIBIO, innleia kurset med å fortelja om jorda på Vestlandet. Han peika på at silthaldig jord dominerer, og utfordringa er å få til ei god denering. Høgt moldinnhald (og dermed høgt innhald av jordkarbon) er eit resultat av driftsmåten på Vestlandet, med mykje langvarig eng. På jord med lågare moldinnhald, til dømes dyrkingsjord, er det potensial for å auka innhaldet av organisk materiale.

Oppbygging av fruktbar jord

JM Vibhoda Holten frå Vital Analyse og Martin Beck, dansk-tysk rådgjevar, snakka om korleis byggja fruktbar jord. Dei legg stor vekt på å byggja humus og leggja forholda til rette for mikrolivet i jorda. Mikrolivet fungerer dårleg ved lågt humusinnhald og jorda har redusert evne til å halda på vatn og næringsstoff.

Ferment på husdyrgjødsel

Ubehandla blautgjødsel, eller gylle i større, mengde fører til ein «feil» mikroflora i jorda, ifølgje Beck og Holten. Husdyrgjødsla kan tilsetjast ferment i kjellaren. Ferment er diverse urter og melasse fermentert med ulike mjølkesyrebakteriar.

Forsøk på Norsøk på Tingvoll har samanlikna fermentert blautgjødsel med ubehandla. Etter lagring vart gjødsla analysert. Det var ingen sikker skilnad mellom behandla og ubehandla (norsok.no).

Balanse mellom næringsstoffa

Beck og Holten er svært opptatt av balansen mellom næringsstoffa i jorda. Balansen mellom kalsium og magnesium meiner dei er særleg viktig. Jordanalysesvar etter Albrechtmetoden viser ofte at det er for lite kalsium og at dette næringsstoffet kan tilførast årleg med 15–25 kg granulert kalk per dekar – som kalsiumgjødsling. På Vestlandet er kalking med grovdolomitt (eller anna grovkalk) til ynskjeleg pH vanleg. Etter NLR Vest sine erfaringar, gjev ein slik praksis tilstrekkeleg med kalsium.

Minst mogleg jordarbeiding

I regenerativt jordbruk ynskjer ein å arbeida minst mogleg djupt i jorda, dette kan forstyrra forholdet mellom mikroorganismane. Ved fornying av eng, tilrår Beck og Holten ei grunn fresing. På denne måten kuttar ein vekstpunktet til plantane i den gamle enga, og grønmassen blir blanda med jorda. Tilsetjing av ferment blir gjort for å omdanna grønmassen, og å hindra tap av nitrogen og karbon til lufta, ved at stoffa vert bundne i levande mikroorganismar. Ein kan så i «overflatekomposten» etter 3–10 dagar. Teorien er at overflatekomposteringa vil fri gje næring til jordlivet og til veksten som vert sådd.

Biologisk mangfald

I grovfôrdyrkinga legg Beck og Holten vekt på å så frøblandingar som inneheld mange artar og sortar. Dette kan vera ulike grasartar, belgvekstar og urter. Det er viktig å bruka norske sortar som me veit kan overleva frå år til år. Biologisk mangfald er eit prinsipp som er vanleg i økologisk landbruk.

Regenerativ også for fruktdyrking?

På kurset var det også ei særskilt samling om fruktdyrking etter dei regenerative prinsippa. Denne blei arrangert av Njøs Næringsutvikling, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland. Det vart sagt at frukttrea, grunna poding, ikkje har eit godt nok indre transportsystem. Planteval, handsaming og gjødsling/fermentering mellom trerekkene blir difor sett på som viktig. Likeså blir det hevda at ein skal kalka årleg som ei overgjødsling og bladgjødsla med ymse produkt m.a. silisium. Det blei påstått at jorda ofte er for pakka, inneheld for mykje kopar og at ugras og plantehelsesituasjonen kan lesast ut av Albrechts- og bladsaftanalysar. På denne måten kan t.d. bladlusproblematikk løysast ved rette næringstilhøve.

Metodar som vart lagt fram på kurset, samsvarar ikkje med erfaringane som NLR Vest har med fruktdyrking på Vestlandet og, som i jordbruk, manglar ein også i fruktmiljøet konkrete og etterprøvbare forsøk, ikkje minst tilpassa norske tilhøve. Dette må til før metoden allment kan tilrådast, elles kan dette bli dyrt, og mykje arbeid for å oppnå lite.

Aktuelt på Vestlandet?

Ulempa med det som vart lagt fram på kurset på Voss, er at det byggjer på utanlandske forhold, med anna jord, anna klima osv. Me kan ikkje seia at alt dette har effekt under vestlandske forhold, der langvarig eng er dominerande.

Prosjekt i gang

I karbonfangst-prosjektet vil ein gjennomføra forsøk og utprøvingar med tiltak som kan betra mikrolivet, jordstruktur, karbonstatus og auka avlingane. Det er til no teke ut ein del jordprøver for å analysera jordlivet i jorda i Voss og omland. Desse prøvetakingane med fleire vil bli følgt opp utover i prosjektperioden som går frå 2019 til 2023.

På Vestlandet er det generelt lite berr jord og jamt over bra med karbon i jorda. Likevel er det mogleg å auka innhaldet av karbon, gjennom auka rotvolum, og ikkje minst betra mikrolivet og jordstrukturen. Det vil vera positivt for avlingane og økonomien til bonden, og ikkje minst redusera utslepp av klimagassar frå landbruket. Spørsmålet er korleis ein skal gjera det. Kurset på Voss viste berre ein av retningane innanfor regenerativt landbruk.

REGENERATIVT LANDBRUK

JORDANALYSE ETTER ALBRECHTMETODEN

MÅ JORDA MI ANALYSERAST ETTER ALBRECHT-METODEN?