Regelverk

I følge regelverket kan du ikkje køyre ut husdyrgjødsel før 15. februar. Det er heller ikkje lov å køyre husdyrgjødsel på frossen eller snødekt mark, òg det skal vere vekst i plantene.

Eng i mars foto ole arnfinn
Det kan vera vekst i graset sjølv om enga ser brun ut. Bilete er frå eit forsøk med tidleg gjødsling med mineralgjødsel i 2021. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

Vekst i plantene

Fotosyntesen i ein plante startar ikkje før det er over 5°C i lufta. NIBIO definerer vekststart når me har hatt 5 dagar på rad med gjennomsnittstemperatur over 5°C etter 1. mars (gitt at det er frostfritt i jorda). Eit teikn på vekststart er at du finn kvite røter på grasplanten. Desse er nye av året og skil seg frå dei gamle røtene som er mørkare i fargen (sjå bilde).

Hvite rotter varonn slangespreiing foto magnus haugland
Kvite røtter, bevis på at veksten er i gong. Arkivfoto: Magnus Haugland
Timotei raigras
Illustrasjonsbilder frå 3. mars 2021. Viser forsiktige nye, kvite røtter på timotei og raigras. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

Lagelig jord

Det er viktig at husdyrgjødsla blir i jorda og ikkje hamner i næraste bekk. Vent til jorda tørkar opp. Er jorda vassmetta toler den ikkje å bli køyrd på og me kan få jordpakking og dårlig rotutviklig som reduserer avlinga. Pakka og vassmetta jord har òg redusert evne til å ta til seg husdyrgjødsel og vil gi større avrenning.

Sjølv om du spreier husdyrgjødsel med kanon i beite må jorda ha tørka tilstrekkeleg opp. Heller ikkje i beite vil husdyrgjødsla trekke ned i vassmeitta jord, og me kan risikera at neste regnskur tar med seg husdyrgjødsla til næraste bekk.


Lagleg jord foto ole arnfinn
Lagelig jord: Grav ned 20cm og ta opp litt jord. Smuldrar jorda er det lagelig for køyring, held den formen som ein ball bør du venta. Foto: Ole Arnfinn Røysland Fitjar

Frost etter utkøyring

Ved å tilføre husdyrgjødsel stimulerer du grasplanten til å gå frå «vintermodus» til «vekstmodus». Det er positivt å setja grasplantene i gong med å utnytte den høge lysinnstrålinga me har på våren, men dei vert meir utsett for å gå ut (dø) dersom det kjem frostperiodar. I områder som er utsett for periodar med frost i mars er det lurt å vente til denne faren er over før ein spreier husdyrgjødsla.

Oppsummert

Du får god effekt av husdyrgjødsel som er spreidd så tidleg som mulig, visst:

  • Jorda har tørka nok opp
  • Veksten i graset er i gong
  • Det er liten fare for nye frostperiodar
  • Jorda er forstfri, snøfri og det er etter 15. februar
Slange 0104 vs fanespreder 1804 bilde tatt 2804 odd ingebret paulsen
Effekten av tidspunkt: Same mengde husdyrgjødsel kjørt 1. april (til venstre) og 3 veker seinare (til høgre). Foto: Odd Ingebret Paulsen.