Innsåing utan brakking

08.04.2019 (Oppdatert: 08.04.2019)

NLR Vest og Landbruk Nordvest har laga eit hefte som omhandlar fornyingsmetodar i eng. Vi delte inn i 4 hovudmetodar for fornying, rangert frå tradisjonell fornying med plog til direktesåing i eng utan brakking. Dette er den siste av fire artiklar.

Langfingerharv med luftassistert såmaskin. På marknaden finst det fleire fabrikat av denne typen. Her ser vi ei med rette tindar som er stilt aggressivt mot underlaget. Denne er eigna til innsåing av raigras i eldre eng og til innsåing av engfrø i ung eng. Det er viktig med tøff behandling med harva for å skape god jordkontakt for frøet. Tromling etter såing. Denne er også svært godt eigna der ein skal så attlegg eller raigras i åker. Biletet er frå ein markdag i Stardalen i Sunnfjord i 2013.

NÅR ER DETTE AKTUELT?

Når enga er tynn etter dårleg etablering av attlegg, når vinterskade har redusert parti av elles god eng, når myrstankelbein har laga flekkvis skade om våren eller når køyre- eller beiteskade har laga spor og hol. Innsåing utan brakking kan også vere aktuelt om ein vil friske opp halvgode areal av eng eller beite utan å legge mykje arbeid i jobben.

 

KORLEIS LUKKAST?

Sprøyt helst vekk ugras som kan takast med sprøytemiddel som ikkje tek graset. Skal såinga gjerast om våren er det viktig å vere tidleg ute. Så tidleg at det er på grensa til hærverk med omsyn til køyrespor. Tidleg start og god spireråme er to fundamentalt viktige faktorar. Innsåing seinare på året er mykje vanskelegare å lukkast med, men vi har gode døme på at innsåing etter ein slått – på kort stubb – kan lukkast brukbart. Eit anna tips er å så frøet seinhaustes når behovet for oppfrisking er klarlagt før vinteren. Dette frøet skal ikkje spire før våren kjem. Dette er rett nok ein usikker metode. Ein halv til ein kg per dekar som årleg påfyll av såfrø på vona kvar haust, kan vere med på å halde liv i enga over lenger tid enn om ho må klare seg utan hjelp. Innsåing av kløver er særs aktuelt.

Tromling er viktigaste arbeidsoperasjonen etter såing. Før såing kan det vere gunstig med harving for å få vekk gamalt daudgras, og for å få blottlagt litt jord som frøet kan få kontakt med. Gamalt gras som skal bli med vidare toler mykje juling. Det er viktigare å gje nytt frø gode vilkår for spiring og etablering enn å tenkje på å vere skånsam mot det etablerte. Tøff fjerning av daudgras og hard blottlegging av overflata er berre gunstig. Ein ser ofte at nytt frø spirer bra, men går ut når ”gamlegraset” breier seg og tyner det nysådde.

 

HARVER

Dei enklaste harvene er moseharv og ugrasharv. Moseharva har typisk kjettinglenker med piggar og riv opp mose og gras utan å dra med seg mykje daudgras. Ugrasharver finst med ulik tjukkleik og fasong på tindane. Rette tindar kan stillast meir aggressive enn tindar med knekk. Tjukke, rette tindar kan gjere betre jobb enn tynne. Tindane kan vere frå 6-12 mm tjukke, avhengig av fabrikat og utforming.

 

SÅMASKINER FOR DIREKTESÅING

Her kan det meste brukast. Enkle breisåingsmaskiner med påfølgande tromling kan gi fullgodt resultat. Harving før eller samstundes med såing kan sikre meir jordkontakt og høgre spireprosent. Spesialsåmaskin med labbar som legg frøet litt ned i jorda kan auke spireprosenten endå eit hakk, då det er jordkontakt og råme som er kritiske suksessfaktorar. Skållabbar skjer fine spor og riv ikkje opp stein. Kapasiteten er god på slike maskiner, ettersom dei arbeider godt med litt høgre fart enn reiskap med harvtind-liknande labbar. Underhaug direktesåmaskin har ski med kniv under, og er god til å legge frøet i bakken utan at det kjem for djupt. Her er det viktig å passe på at knivane er skarpe og lange nok.

Elles er det ein enorm jungel med utstyr som kan harve – så - og tromle i ein operasjon.

 

Eittårig raigras innsådd i eng om våren. Det er brukt langfingerharv med såutstyr i slutten av april. Biletet syner tilslaget av raigras (det mørke området) i høve til område som ikkje blei sådd. Frå Stryn 31. august 2018, rett før 3. slått.

FORDELAR

  • Kan utsette behovet for full fornying
  • Auke avling og kvalitet med liten innsats
  • Reparere skadar og hindre ugras frå å fylle tomrom
  • Enkelt utstyr med god kapasitet

 

ULEMPER

  • Usikker etablering, spesielt ved bruk av timotei
  • Effekten kjem gjerne gradvis
  • Avhengig av fuktig ver etter såing
  • Ueigna metode ved mykje kveke

 

FAKTA

  • Dekarkostnad med sjølvkost for reiskap og tid er ca. 200-300 kr per dekar
  • Raigras er enklast å få til. Fleirårig kan ikkje brukast alle stader på grunn av dårleg overvintring.Kløver og hundegras eignar seg bra. Andre grasartar er vanskelegare å få til.
  • Mengde frø kan variere frå ein halv kilo per dekar (kløver) til 5 kg per dekar alt etter forhold og formål.
  • Er det sterkt vinterskada eng som må reparerast for mest mogeleg avling same året, vil 4-5 kg eittårig raigras per dekar vere aktuelt.
  • Det er aktuelt med årviss innsåing av engfrø for å forlenge levetida av enga. Effekten av dette er ikkje dokumentert godt nok. For å sikre spiring bør ein starte alt i ung eng for å få god jordkontakt med frøet

 

FORFATTARAR:
Sverre Heggset (Landbruk Nordvest)
og Arve Arstein (NLR Vest)

Dette er nummer fire av fire i ein artikkelserie om fornying av eng. Her finn du dei andre artiklane i same serie:

 



Fortell oss gjerne hva du gravde etter. Vi jobber med å gjøre sidene våre bedre.
Æsj, det var dumt. Hva lette du etter? Gi oss gjerne en tilbakemelding slik at vi kan gjøre det lettere for deg å finne fram på sidene våre.