Kunnskapsoverføring i landbruket har tradisjonelt vore frå generasjon til generasjon. I vår tid skjer endringane så fort at det er vanskeleg nok å henge med i sin eigen generasjon.

«Vi har no alltid gjort det slik her» seier avtroppande bonde, «eg skal i alle fall ikkje gjere det slik som dei» seier påtroppande. Generasjonslæring kan vere vanskeleg når traktoren er blitt dobbelt så stor, og fôringa krev innsikt i avanserte datastyringar. Mens andre ting som å få graset til å vekse og det å få kalv i kyr og sauer handlar mykje om det same no som før. Det skal ikkje vere heilt enkelt.

Mentorordninga i landbruket er eit tiltak for at unge, eller nystarta bønder skal få lære direkte av erfarne bønder. Gjennom møte og samtaler gjennom eit heilt år byr mentor på sine erfaringar, og er ein god sparring- og diskusjonspartnar for den den oppstartande bonden. Ordninga kan nyttast i tradisjonell næring, men og i nyare næringar som «Inn på tunet», eller foredling og sal av varer frå garden.

NLR Vest har laga ein eigen podkastepisode om mentorordninga. Rådgjevar Leif Trygve Berge fortel om det formelle rundt ordninga. Utbyggingsbonde Torgeir Lavik og hans mentor Eivind Myrdal snakkar om sine erfaringar og deler raust ut med gode råd. Lytt og du vert vis.

Har du erfaring og røynsle som du vil dele med andre? Eller er du «heilt grøn» og i oppstartsfasen som bonde? Då er kanskje mentorordninga noko for deg. Søknadsfrist er 1. desember kvart år.

Du kan lære mykje av å gjere feil, men det er ikkje noko mål at du skal gjere alle sjølv! Med mentor kan du lære av andre sine feil.